Sunnhordlandsætter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mai 2010 kl. 06:58 av Affi (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mange som bur i Sunnhordlandsbygdene er etterkomarar frå dei norske storættene, eller adelsættene, som levde i denne landsdelen for 500–600 år sidan; Sunnhordlandsættene. Det er ætter som har sine røter langt tilbake, nokre heilt tilbake til den gamle lendermannstida. I Sunnhordland Årbok 1939 kommenterer Rasmus Høyland i ein artikkel som denne artikkelen byggjer på:

«Dette synest også i stor mun å ha sett sitt merke på mange ættegreiner ned gjenom tida. Og me kan vel sjå her òg noko av det verde som både arv og ættekjensla har å segja for folk.»

Ikkje minst for ein ættegranskar kan det vera stor stas og gje status i miljøet om han eller ho kan knyta slekta si til desse gamle adels- eller bondeættene.

Frå adelsætt til bondeætt

Frå byrjinga på 1500-talet gjekk det etter kvart ut med dei gamle norske adelsættene. Det skuldast ei rekkje årsaker. Ei hovudårsak var nok likevel at danske og tyske adelsmenn trengde inn i landet og fekk mykje makt, samstundes som dei også fekk støtte frå styresmaktene. Det vart sett inn danske embetsmenn, og som me veit gjekk politikken ut på å undertrykkja dei norske nasjonale kreftene i størst mogleg grad. Med det forsvann også den gamle norske adelen, sjølv om den såkalla lågadelen heldt seg ei tid.

Men det tydde ikkje det same som at den gamle byrgskapen vart vekke. Den tok dei med seg, jamvel om dei ytre kåra endra seg. Den dag i dag er det gjevt for einkvar lokal slektsgranskar å finna at dei stammar frå ei av dei gamle store bondeættene. Mykje av jordegodset vart også berga. Og som Rasmus Høyland uttrykkjer det:

«Og både den sterke ættekjensla som dei hadde, og det at dei vart sitjande sjølveigarar på gardane sine, det gav dei ein styrke og ein stødleik, som gjorde at fleire av desse ættegreinene dei var i lange tider som berande krefter i så mange av Sunnhordlandsbygdene.»

Dei største av desse ættene er Ænesætta, Galtætta, Brandvikætta, Smørsætta og Rustungætta. Dei tre førstnemnde ættene var opphavleg truleg av ei og same ætt. Elles var alle desse ættene samanbundne ved giftarmål, så det er stundom vanskeleg å halda dei frå kvarandre.

Ænesætta

Det vert sagt at ætta sin stamfar heitte Gaut på Ænes. Han var av gammal lendermannsætt, og var sjølv lendermann under kong Magnus Erlingsson i 1160-åra. Han budde på Ænes i Kvinnherad og åtte mykje jordegods, ikkje berre i Sunnhordland og Hardanger, men også andre stader. Og frå han er det ei stor og vidt utgreina ætt både i Sunnhordland og elles i landet.

Odd Handegård diskuterer i Vår felles slektshistorie påstanden om at Gaut kom frå Ænes, og viser i samband med det til ein artikkel av Hallvard Magerøy: «Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset» (Historisk Tidsskrift 2/88) der det vert argumentert for at Gaut kom frå Ornes i Sogn og ikkje frå Ænes, med utgangspunkt i P.A. Munch.

Me veit ikkje stort om Gaut sjølv. Men han hadde to søner som me veit noko meir om.

Jon Gautson og Munan Gautson

Båe desse var også lendermenn. Og som dei fleste av storættene i landet elles på den tid var også dei med Magnus Erlingsson i striden mot kong Sverre. Både Jon og Munan er nemnde som skipsstyrarar i slaget ved Nordnes i Bjørgvin 1180. Og det er truleg at Jon fekk sin bane der. For etter slaget høyrer ein ikkje noko meir om han. Men Munan var framleis ein av Magnus sine menn. I slaget ved Norefjorden i Sogn i 1184 der Magnus Erlingsson fall, var det Munan som styrde skipet «Reinen». Han er ikkje serskild nemnd mellom dei hovdingane som fall saman med Magnus. Men me høyrer ikkje noko til han seinare. Så det er vel mest truleg at han fekk banen sin der, han òg meiner Rasmus Høyland i Gamle ætter i Sunnhordland.

Odd Handegård peikar i Vår felles slektshistorie s. 180 på at det

«er sannsynlig at Munan overlevde de blodige slagene ved Nordnes (1181) og ved Fimreite (1184), men ingen etterkommere er nevnt etter ham. Også Jon deltok i slaget ved Nordnes i 1181 der omlag 360 mann ble drept på begge sider i dette slaget mellom Magnus Erlingson og Sverre. Ettersom Jon ikke er nevnt i sagalitteraturen etter 1181, har det vært antatt at han ble drept ved Nordnes. Noen dokumentasjon ut over dette finnes imidlertid ikke.»

Arnbjørn Jonsson, Åskjell Jonsson og Gaut Jonsson

Jon Gautsson hadde etter tradisjonen tre søner.

Åskjell vart bisp. Han var først kongen sin kapellan. I 1226 vart han bisp i Stavanger. Og døydde der i 1254. Han var med ved kong Håkons kroning i Bjørgvin i 1247. Og han stod svært høgt hos kongen. Som eit døme på det kan dette nemnast: Magnus Erlingsson hadde i si tid "skjenket" Stavanger by til St. Svithuns katedral, kyrkja der. Men denne gåva hadde på eit eller anna vis kome vekk frå kyrkja att. Og kong Håkon stadfeste då om att denne same gåva «ifølge Askels sin vens bøn», som det heiter.

Arnbjørn var den eldste av desse tre brørne. Han var fostra opp hos den kjende bisp Nicolaus Arnesson i Oslo, baglarbispen. Han synest også å ha halde seg mest på Austlandet, og helst hatt lite å gjera med ætta si i Sunnhordland. Kan hende var han òg berre ein halvbror til dei andre to. Han var ein djerv og dugleg mann, og ein av dei fremste hovdingane i baglarpartiet.

Straks før jul i 1207 kom Arnbjørn med baglarflåten frå Bjørgvin. Og komne søretter forbi Langenuen ved Stord tok dei inn i Hystadvika og la seg til der om kvelden. Same dagen var birkebeinarane komne inn Bømlafjorden og hadde lagt seg til i Eldøysundet med sine skip. Men utpå kvelden fór dei så med ein del av flåten sin over til Tittelsnes for betre å passa opp baglarane, når desse skulle ut fjorden. Men om natta rodde også baglarane over til Tittelsnes. Og Arnbjørn var den første som nådde fram. Men ettersom det var så mørkt at dei ikkje kunne skilja ven frå uven, så vart det berre eit heilt røre av dette. Og det enda med at den eine rømde frå den andre.

Arnbjørn var elles stendig på farten som baglarhovding. I eit slag ved Tunsberg vart han såra i halsen av eit spyd, men kom seg att. Men etter kvart var det fleire av baglarhovdingane som tok til å trøytna av all denne striden. Og ved ein samankomst i Oslo 1218 var det nokon av dei som gav opp det gamle partiet og gjekk kong Håkon til handar. Mellom desse var også Arnbjørn. Han vart no ein av Håkon sine menn, og fekk av kongen Borgesyssel som len. Og heretter er han å finna også mellom kongen sine rådgjevarar. Men den lange striden med kongsemner og deira parti var det enno ikkje slutt med. Og Arnbjørn sin dugleik som krigshovding var det framleis bruk for. Både med ribbungane og med varbelgane hadde han fleire trefningar. Og det var i denne striden han dreiv det endå til det å dra ikkje mindre enn 13 skip opp etter Glåma og heilt opp i Mjøsa. Men han var no ein gammal mann alt.

Arnbjørn døydde i 1240. Det var ålmenn sorg over hans død. For alle var samde om, seier P. A. Munch, «at hans lige ei fandtes blandt alle daværende lendermænd». Då han hadde svore kong Håkon truskap, så hadde denne heller ikkje nokon meir pålitande mann enn han.

Gaut (fødd ca. 1190) var mykje yngre enn broren Arnbjørn, og hadde heile tida hatt heimstaden sin i Sunnhordland, ser det ut til. Han òg var lendermann. Og likeins kongen sin rådgjevar. Og han var halden for den gjævaste hovding i heile Gulatingslagen, seiast det. Han budde på Mel i Kvinnherad, og er difor nemnd som Gaut Jonsson på Mel. Han åtte både Mel og Hatteberg og Semb (Seim). Og likeins ættegarden Ænes. Han var heile tida med kong Håkon. Og han må ha vore ein både dugande og klok mann. For me veit at hertug Skule rekna Gaut Jonsson som ein av dei farlegaste motstandarane sine mellom kongen sine menn.

Gaut var ein god ven med Sturlungane på Island. Men ikkje med Snorre - Snorre var med hertug Skule. Og han laga endå ei spottevisa om Gaut for det han var einøygd. Men med dei andre Sturlungane var det venskap. Me veit såleis at då Sturdla Thordsson kom til Bjørgvin i 1263, så var Gaut Jonsson ein av dei første han fann vegen til. Det er denne same Sturdla Thorsson som har skrive sogene både om Håkon Håkonsson og om Magnus Lagabøtar.

Også Gaut var ein av dei lendermenn som var med i 1247, då kong Håkon vart krona. Og som eit døme på den tiltru kongen hadde til han kan nemnast at då Håkon i 1263 tok ut på si vesterhavsferd, så var Gaut ein av dei to lendermenn som han let vera heime som rådgjevar for sonen Magnus.

Odd Handegård peikar i Vår felles slektshistorie på at påstanden om at desse var brør kan diskuterast. Ein tekstvariant av Soga om Håkon Håkonson (Kungliga biblioteket, Stockholm) fortel to gonger at Arnbjørn og Gaut er brør. Anna kjeldemateriale er tvetydig og er stadig gjenstand for diskusjon. I denne diskusjonen er det også teke med ein fjerde bror, Gunnbjørn/Guttorm.

Finn Gautsson og Gaut Gautsson

Gaut Jonsson døydde i 1270. Han let etter seg to søner: Finn Gautsson og Gaut Gautsson (også kalla Gaut unge).

Finn var den eldste. Han budde på Mel, og er difor også nemnd Finn Gautsson på Mel. Han var lendermann alt i 1247, enno medan far hans levde. Og også det syner kor høgt denne ætta var akta. Han var med kongen på toget til Skottland i 1263, og var då sjølvsagt ein av hovdingane på flåten. Han kom også heimatt frå denne ferda og levde enno i mange år.

Broren Gaut var baron frå 1277 og budde på Hatteberg. Det er ikkje stort me veit om han. Han synest ha halde seg mest heime. Me veit heller ikkje kva tid han døydde. Men det må ha vore før 1306. For frå det året har me ein kontrakt som enkja hans, Katarina Ivarsdotter på "Loghalo" (truleg garden Loglo i Leinstrand, Sør-Trøndelag), gjorde med bispen Arne i Bjørgvin. Ved denne kontrakten let ho bispen og bispegarden få til eiga 20 månads matbol i garden Nerheim i Granvin sokn i Hardanger, ein gard som var mannen sitt odelsgods og som han hadde gjeve til henne. Og for dette skulle ho ha "bord for livstid" i bispegarden.

Gaut hadde ikkje born med Katrina. Men han må ha vore gift før, og også hatt born med første kona. Kven ho var, det veit me ikkje. Men far hennar har truleg vore ein Tore. For den neste eigaren på Hatteberg heitte Tore. Og når ein så legg merke til at denne Tore hadde ein son som heitte Greip, så ligg det nær å tru at Gaut si første kone har vore ei dotter til ein Tore Greipsson i Hardanger (n. 1257). Den nemnde Tore på Hatteberg hadde forutan sonen Greip også ein son som heitte Ivar. Han budde på Hatteberg. Og son hans att var Greip Ivarsson som var sysselmann på Færøyane i slutten av det 14. hundreåret.

Som nemnd før hadde denne ætta mykje jordegods både i Sunnhordland og andre stader. Men fleire av Greip Ivarsson sine gardar kom vekk frå han. I 1383 då han skulle reisa til Færøyane, pantsette han til fehirden i Bjørgvin (Erlend Philippusson av Losna) to gardar på Voss: Geirastad og øvre Rykken. Og i 1399 då han var heime i Noreg ein tur, nemner han i eit brev, dagsett i Skien 12 mai det året, at han har kjøpt av "hederlig ridder min kiere frende" hr. Gaute Eriksson eit skip for 200 mark og 24 pakkar færøyisk vadmel, og at han til sikring for kjøpesummen gjev til Gaute som pant 4 mannsverk i Hatteberg og 3,5 mannsverk 7,5 m. m. bol i Hausom i Kinsarvik. Og vidare "oploder" han til Gaute all retten sin i Aga og Jåstad i Ullensvang og i Kjerland i Kvinnherad og i alt sitt gods på Færøyane og Hjaltland. Ein kan ikkje sjå at dette godset vart innløyst. Og det kom såleis over til Gaute Eriksson og settlingane hans. Ein kan heller ikkje sjå at Greip har late etter seg livservingar. Etter 1399 er han ikkje nemnd.

Galtætta

Ein trur at den før nemnde Gaut Gautsson (Gaut Unge, sjå over) har late etter seg også ein son til, ein som heitte Sigurd (jfr. Henning Sollied i Norsk slektshistorisk tidsskrift 1930, b. II). Denne Sigurd er elles skriven Sigurd Galt. Han budde på Torsnes i Jondal. Og ein reknar med han som stamfar til den ætta som seinare er kalla Galtung. Han er nemnd fleire gonger i første helvta av 1300-talet. Han hadde to søner: Erik Sigurdsson og Gaute Sigurdsson. Kanskje også ein tredje son, fødd 1311, som me ikkje kjenner namnet på.

Gaute Eriksson Galt

Erik sin son var Gaute Eriksson Galt (Galtung) på Hatteberg (som han fekk i pant av Greip Ivarsson og som han sidan hadde). Han var gift to gonger - første kona heitte Ingegerd Sigvidsdotter Ribbung. Ho var av fyrsteleg ætt, og var ei dotterdotter til den heilage Birgitta i Sverige. Sidan vart han gift med Margrete Svalesdotter Rømer. Ho var dotter til riddaren Svale Ølversson Rømer av den namngjetne Rømerætta, hevdar Rasmus Høyland. Sjølv var Gaute Eriksson både riddar og riksråd, og var ein av Noregs fremste menn ikring 1400. Han hadde Oslo syssel i 1397. Seinare var han fehirde og sysselmann i Skien ei tid. Han åtte jordegods rundt i landet, og var så rik at han kunne låna pengar både til kongen og andre. I eit brev datert 11. januar 1412 gav Gaute Eriksson garden Hatteberg til systerdottera Sigrid Gunnarsdotter Kane. Sjølv døydde han før mars 1413. Testamentet vart gjeve til Torald og Nicolaus Gunnarssonar Kane, mot at desse og dei øvrige ervingane lova å oppfylla dei vilkåra som testamentet sette. Kven desse øvrige ervingane var veit me ikkje. Me kjenner berre ei syster - Gyrid Eiriksdatter Galtung - som var gift med Gunnar Toraldson Kane. Borna deira heitte Torald Gunnarson Kane og Nicolaus Gunnarson Kane, riddar og riksråd, og Sigrid Gunnarsdotter Kane. Ho var gift med herr Svale Jonson Smør. I 1412 fekk den nemnde Svale Jonsson Smør - gjennom kona Sigrid Gunnardsdotter Kane - garden Hatteberg av morbroren hennar, Gaute Eriksson. Såleis kom då Hatteberg til Kaneætta. Sigrid og Svale hadde ei dotter, Inga Svalesdotter Smør, som vart gift med herr Guttorm Eivindson, sysselmann på Lista.

Sigurd Gautesson

Den før nemnde andre sonen til Sigurd Galt på Torsnes, Gaute Sigurdsson, hadde ein son som heitte Sigurd. Denne Sigurd Gautesson var gift med ei Sigrid (Bårdsdotter?). Sonen deira var Bård Sigurdsson på Torsnes, nemnd fleire gonger i første helvta av 1400-talet. Han var gift med Gyrid Torbergsdotter, frå Store Brandvik (Stord). Ho vert titulert som hustru i ymse brev, noko som tyder på at ho var frå lågadelen. Bård og Gyrid hadde ei dotter som heitte Herborg. Ho vart gift med Nils (Nikolaus) Ragnvaldsson som med henne fekk garden Brandvik. Dei var foreldre til den seinare biskop Gotskalk Nilsson, Holar på Island.

Johannes Lauritsson

Elles er det ikkje stort me veit om Galtætta frå midten av 1400-talet og frametter ei tid. Men ut på 1500-talet kjem ho noko meir fram i ljoset att - i den Johannes Lauritsson på Valen som me kjenner frå den tida (f. ca. 1540, d. 1620). Han hadde ein fetter, ein eventyrar av ein sunnhordlending som heitte Enno Brandrøk (av Rustungætta, sjå nedanf.). Han fekk den unge Johannes Lauritsson med seg til Sverige, der han ville få hjelp til å føra krig mot Danmark og til å få Noreg løyst frå sambandet med danskane. Han fortalde kor misnøgde dei norske adelsættene var med danskeveldet. Og særleg ville dei adelege slektningane hans i Sunnhordland støtta eit slikt tiltak, sa han. Så fekk han då Johannes Lauritsson, som var syskenbarnet hans, til å reisa tilbake til Noreg med brev om dette. Men Johannes fekk ikkje noko medhald av dei andre slektningane sine. Dei heldt seg unna alle som ein. Og med Johannes gjekk det såleis at han vart sett fast på Bergenhus, truga med dødsstraff. Han kom då likevel frå det med livet. Men han måtte "betale hundrede daler for sin hals". Sidan var han ein kongetrugen mann. I 1591 finn me han mellom dei utsendingane som var i Oslo, då Kristian 4. vart hylla som konge. Han var gift med Herborg Torbjørnsdotter frå Sandven i Vikør (d. 1633, ei dotterdotter til Christopher Rustung).

Laurits Johannesson

Sonen deira var Laurits Johannesson (1587 - 1689) på Torsnes. Han var fut over Halsnøy Kloster og Hardanger len, og var også sjølv eigar av mykje jordegods. Han var gift med Lisbette Orning, dotter til generaladmiral Erik Ottesson Orning på Vatne på Stord. Også dette giftarmålet syner kor høgt ho var i vørdnad enno, denne ætta. Dei hadde mange born desse to. Det var minst åtte i alt, to søner og seks døtre. Alle døtrene var gift med prestar. Ei av dei, Magdalena, vart gift med Rasmus Pedersson, sokneprest i Strandebarm 1648-76. Og ein sonesons son var den Rasmus Rasmusson som i 1759 kjøpte Søre Tveita på Stord og vart buande der. Dei to sønene der var Johan og Lauritz. Johan døydde ugift. Det Laurits Johannesson har vorte mest kjend for i ettertid - i tillegg til at han var far til admiral Lauritz Lauritsson (Galtung) som vart adla i 1648 (sjå nedanf.) - var at han stod i eit utanomekteskapeleg forhold til kona si tremenning Margrete, som truleg var ei dotterdotter av Dorothea Kristoffersdotter (Rustung) og James Stuart på Steine i Steinsdalen i Kvam.

Lauritz Galtung

Lauritz var fødd ca. 1615. Han var ein av dei fremste sjøoffiserane på 1600-talet. Alt i 1641 vart han skipsbefalingsmann. To år seinare vart han tvungen til å røma frå landet, etter at han hadde drepe den unge Axel Mouatt, søskenbarnet sitt, i ein duell. Han fekk likevel koma heimatt nokså snart, og i 1657 finn me han som admiral og eskadresjef for ein del av flåten. Som løn for dugeleg teneste fekk han Lister len "kvitt og fritt", d.v.s. med alle kongelege inntekter. Han fekk også sitt adelsskap stadfesta på nytt - «med skjold og hjelm som han og hans forfedre tilforn hadde brukt og ført" - og fekk då namnet endra til Galtung. Namnet "Galtung" vert med dette nytta for fyrste gongen i den yngre Galtung-slekta. Lauritz førte vidare det gamle våpenet til Galtung-slekta, som forfedrane hans hadde nytta - eit springande villsvin. Lauritz var gift to gonger - først med Clara Gere som døydde i 1645, sidan med Barbara Grabow. Begge hustruane stamma frå Danmark. Han døydde i 1661.

Galtungslekta frå 1600-talet

I 1748 skulle det sendast inn ei melding om adelege etterkomarar i Noreg. Prost M. Ruus i Fjelberg veit då å fortelja: På Torsnes i Strandebarm budde der då ein Lars Galtung saman med kona si Blancheflor Catharine Orning og dei to sønene deira, Johan Daniel og Hans Christopher. Lars si syster Karen budde på Tysnes. Ein bror av han, Johan Vincens Galtung, budde på ein gard i Fjelberg. Far til desse tre syskena var Johan Galtung, son til admiralen. Han var løytnant, men var som det heiter - "demitteret formedelst sine blessurer", fortel Rasmus Høyland.

Etterslekta etter Lauritz og Barbara er godt dokumentert, i alle høve på mannssida. Om ein då også tek med dei kognatiske slektsledda fire generasjonar etter Lauritz og Barbara er det rekna på eit samla tal av 5000 etterkomarar i Noreg (Lihaug, sjå ref.) - kanskje eit konservativt anslag, føyer Handegård til. Dei fleste av desse er etterkomarar av sonen Johan Lauritzson Galtung. Ein har ikkje kartlagt etterslekta etter dottera Dorothea Sophie, som truleg var busett i Stavanger, godt nok til at ein kan seia noko sikkert om talet på etterkomarar av henne. Det same gjeld ei mogleg dotter av Johan - Lisbet (?), som vart vigd i Bergen 1677. Lihaug peikar også på at Lauritz og Barbara hadde ei stor etterslekt i Sverige og Russland.

Det finst likevel ei rekkje uløyste problem knytt til Galtungætta, ikkje minst når det gjeld det direkte sambandet mellom det ein gjerne omtalar som den eldre og yngre Galtungætta. Då Lauritz Galtung vart adla midt på 1600-talet hadde han problem med å presentra ein truverdig dokumentasjon på at han verkeleg var ein ekte etterkomar etter det som vart oppfatta som den eldre Galtungslekta. Me manglar i dag fullstendig informasjon om kvinneledda i den eldre Galtungætta - delvis også når det gjeld den yngre ætta på 1500- og 1600-talet.

Brandvikætta

Det er nemnd før at Herborg (dotter til Bård Sigurdsson og Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik, sjå under Galtætta) vart gift med Nils Ragnvaldsson, som så med henne fekk garden Store Brandvik på Stord. Nils Ragnvaldsson var truleg sjølv ein Galt, meiner Rasmus Høyland. Far hans skulle såleis ha vore Ragnvald Nilsson, som var riddar og riksråd og lagmann på Uppland (Gudbrandsdalen) kring 1450. Høyland nemner vidare at farbroren hans truleg var den Olav Nilsson til Talgøy som vart drepen i Bjørgvin i 1455 av hanseatane. Men det er slett ikkje sikkert at det var slik. Handegård peikar på at somme meiner at Nils Ragnvaldsson var ein soneson av den svenske heradsfuten Nils Guttormson, som er nemnd i Wåsbo 1425. Eit prov for dette er at heradsfuten og son til Nils Ragnvaldson på Torsnes - lagmannen Guttorm Nilsson - fører same våpnet. I 1453 budde Nils og Herborg på Store Brandvik, men har vel straks etter flytta til Torsnes. I 1497 vart det halde eit storskifte på Torsnes, og begge må såleis ha døydd før den tid. Dei let etter seg tre søner: Guttorm, Gotskalk og Peter.

Guttorm Nilsson

Guttorm Nilsson var lagmann i Bjørgvin i 1530-åra (1509 - ca. 1540). Han var ein av dei som verka for å velja Kristian 3. til konge. Han budde ofte på Torsnes, der han eigde halve garden. Av sønene hans er det ein som er nemnd som Nils Guttormsen på Tornes - han var ein lausingson.

Ein annan son var Jon Guttormsson. Han var den første evangeliske bisp i Stavanger (1514-57). Men han bad seg fri for bispeembetet, som han vel fann å vera noko brysamt just i den tida då katolisismen skulle ut og lutherdomen inn - med makt. Han ville heller vera berre domprost i Stavanger. Han var gift med Anna Eriksdotter, ei dotter til den Erik Ormsson som var gift med Kristine Torsteinsdotter på Vatne på Stord (av Smørsætta). Anna var såleis syster til den Erik Eriksson Orm som var gift med dotter til Christopher Rustung, og likeeins syster til den Elin som var gift med Jon Gautesson til Sveen, og som var mor til Erik Jonsson Brandvik (d. 1645). Jon Guttormsson døydde i 1567. Han hadde ein son som heitte Svale. Han budde på Malkenes i Tysnes, og var gift med Anna, dotter til den rike Hans Jørgensson på Onarheim.

Den andre sonen til Nils Ragnvaldsson og Herborg, Gotskalk Nilsson, var bisp i Holar på Island. Han eigde jordegods i Sunnhordland, venteleg som arv etter foreldra sine. Men elles var han no kjend for det at han vann seg gods både her og der. Rasmus Høyland viser til eit sitat om at Gotskalk var "virksom til at berige både bispestolen og sig selv". Han fekk såleis tilnamnet «Gotskalk den grimme», ettersom han var pengegrisk og samla seg store rikdommar. Gotskalk var ein hard og stri mann. Han sette folk i bann og la dei i store bøter som han dreiv hardt inn. Og på grunn av dette fekk han mange uvener. Ein av desse var ein Jon Sigmundsson som hadde vore ein rik og velvyrd lagmann på Island, men som bispen hadde vore så hard med at han var komen reint i armod. Om denne Jon heiter det, at då han låg for døden stemnde han bispen inn for Guds domstol til å svara for si åtferd. Dette fekk bispen høyra ei tid etter i eit gjestebod. Og det tok han så hardt, seiest det, at han med eitt reiste seg frå bordet og gjekk heim, der han vart sjuk og døydde straks etter.

Odd Gotskalksson

Ein av sønene hans var Odd Gotskalksson, fødd ca. 1500. Som ung var han mykje i Noreg hos farbroren Guttorm. På Island vart han difor kalla «Odd Norske». Si første geistlege undervisning fekk han i Bjørgvin. Sidan studerte han også i Tyskland, og vart der ein varm tilhengjar av lutherdomen. Ca. 1536 (Handegård opplyser at det var i 1520) kom han attende til Island, og vart då skrivar hos bispen i Skålholt. Han var ein lærd og dugleg mann. Han sette om noko av bibelen til islandsk, i tillegg til skrifter av Luther. I 1539 let han Det nye testamente prenta i Roskilde, det er den første boka som er prenta på norrønt mål. På tittelbladet kallar han seg «Odtt Norske». Odd Gotskalksson har fått tilnamnet «Islands reformator», men heldt seg utanfor religionsstridane på Island. Då han seinare vart lagmann tok han seg også mykje av kyrkjestellet på øya. Det var elles også fleire av Nils Ragnvaldsson sine slektningar som var bispar på Island. Bror hans Olav Ragnvaldsson var bisp i Holar i 37 år (1458-1495). Og ein farbror var også islandsk bisp. Den tredje sonen til Nils Ragnvaldsson, Peter Nilsson, budde på Torsnes. Han hadde ei dotter Herborg som var gift med lensmannen i Øystese, Torbjørn Olavsson Sandvin, hevdar Høyland. Handegård held derimot fram at Herborg må ha vore gift med far hans, Olav på Sandvin - Handegård peikar såleis på at dette vert stadfesta i eit diplom der ho er kalla godmor til Olav Torbjørnson på Sandvin. Dotter deira, som også heitte Herborg, var gift med den før nemnde Johannes Lauritsson på Valen.

Ormætta

Ormætta var gammal norsk adel. Ein trur at ho har opphavet sitt heilt frå den Orm Ivarsson som er kjend frå borgarkrigstida i Noreg (1130-1240), og som er mest kjend med namnet Orm Kongsbror, ettersom han var ein halvbror til Inge Krokrygg (norsk konge, d. 1161). Han var også halvbror til den namngjetne baglarbispen Nikolaus Arnesson. Mor deira var ei svensk prinsesse, Ingerid Ragnvaldsdotter. Ho var fleire gonger gift. Først med ein svensk prins. Deretter med den norske kongen Harald Gille (d. 1136). Og son deira var Inge Krokrygg. Så med Ottar Birting. Og deretter att med Arne av Stodrheim. Ei av sønene deira var bisp Nikolaus. Og så hadde ho ein son også utanfor ekteskap, med ein mann som heitte Ivar Sneis.

Orm Kongsbror

Orm Kongsbror vart fødd på Stødle i Etne, i heimen til Amund Dreng som var son til Kyrpinga-Orm på Stødle og ein bror til Erling Skakke. Og så vart guten kalla opp etter denne Kyrpinga-Orm.

Orm Kongsbror var ein av førarane for Inge Krokrygg sitt parti. Då kong Inge fall i eit slag ved Oslo i 1161, vart han med Erling Skakke og Magnus Erlingsson. Og han var ein av hovdingane deira i kampen mot Sverre. Han var med i slaget på Ree ved Tunsberg i 1177 der Eystein Meyla fall, han som hadde samla desse som er kalla birkebeinarane. Men like etter slaget hadde dei så nær mist livet både Orm og Magnus. Dei hadde bore liket av Eystein inn i eit hus, og mellom dei som var inne der, var det også ein birkebeinar. Då han fekk sjå liket av Eystein, lyfte han øksa og hogg etter Magnus som fekk eit stygt sår i halsen. Dermed snudde han seg og hogg etter Orm som låg tett attmed på ein benk. Men Orm fekk kasta seg tilsides så øksa trefte berre i benken. Men då - seier soga - stod det så tett med både sverd og spyd i birkebeinaren at han mest ikkje kunne falla. I slaget i Norefjorden i Sogn i 1184 var Orm hovding på skipet «Skjoldmøya». I det slaget fekk både han og kong Magnus sin bane. Orm sitt lik vart ført til Oslo og gravsett i Halvardskyrkja der, ved sida av kong Inge og Sigurd Jorsalafarar. Orm var gift med enkja etter Harald Gille sin son kong Eystein. Me veit ikkje noko om ætta hans frametter på 1200- og 1300-talet. Men det var i denne tida både bispar og andre med Orm-namnet. Særleg på Stavangerkanten finn me fleire av desse Ormane. Sigurd Ormsson på Randar, riksråd og lagmann (d. 1330). Orm Bonde på Grjotheim i Randaberg (nemnd 1342). Og Orm på Tasta i Randaberg (nemnd 1343).

Orm Eriksson

Frå 1400-talet kjenner me to brør med Orm-namnet. Det er Tord Ormsson som var prest i Stavanger. Og så Erik Ormsson. Denne hadde ein son, Orm Eriksson, som var borgarmeister i Stavanger, og som var gift med Astrid (dotter til Gyrid Bårdsdotter på Torsnes i Jondal, og såleis ei dotterdotter til Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik). Han åtte mykje jordegods i Ryfylke, og var ei tid også lagmann der. Dei første åra på 1500-talet var det fleire bondeopprør i Hordaland og Ryfylke for skuld dei tunge skattane som vart kravde inn då. Orm som stod på bøndene si sida, vart skulda for å vera ein av hovudmennene for desse opprøra. For det vart han hengd i Stavanger i 1521.

Erik Ormsson

Orm og Astrid sin son var Erik Ormsson. Han vart gift med Kristine Torsteinsdotter til Vatne og Valvatne på Stord. Ho ætta frå ei syster til riksforstandaren Jon Svalesson Smør ( d. 1483), og ho åtte mykje av Smørsætta sitt jordegods både i Sunnhordland og elles. Erik Ormsson vart då buande på Vatne. Han hadde i 1523-39 Vik, Ladvik og Årdal skipreide i Sogn som len. Han fekk av kong Fredrik 1 garden Tjore på Jæren «på livstid og med ald kongelig rente». Og i 1559 fekk han også brev på krongodset Stødle i Etne. Han døydde i 1564. Og han let etter seg ein son og to døtre. Sonen Erik Eriksson Orm budde også på Vatne. Han var gift med Magdalena, dotter til Christopher Rustung. Og dotter deira, Anna, vart gift med den danske adelsmannen Otte Thomasson Orning, stamfaren til dei mektige Orningane på Vatna. Om denne Anna Eriksdotter heiter det at «hun var en stormæchtig och fager quinde». Ho var også kalla «den ættstore», avdi ho hadde kongeblod i årane sine. Dei to døtrene til Erik Ormsson og Kristine var Anna og Elin. Anna var som nemnt før gift med Stavanger-bispen Jon Guttormsson. Elin var gift med den norske adelsmannen Jon Gautesson til Sveen (sjå om han under Smørsætta.)

Smørsætta

Smørsætta er ei av dei mest høgvyrde av dei gamle norske adelsættene. Den eldste som me kjenner er Jon Ragnvaldsson Smør. Han var norsk riksråd kring 1300. Han var også kongen sin gjaldkare eller sendemann. Og han åtte mykje jordegods rundt omkring i landet. I året 1300 gav han til Munkeliv kloster i Bjørgvin 34 m. m. bol i jordegods i Sunnfjord. Og då han var død (1328?), vart det gjeve «til hans sjelehjelp» til Olden kyrkja ein del av garden Myklebust i Nordfjord. Ein av sønene hans var Halvard Jonsson Smør. Om han veit me ikkje noko. Men sonen hans, Jon Halvardsson Smør, er nemnd som kongeleg ombodsmann i Bjørgvin i 1375. Son hans att er riddaren og riksråden Svale Jonsson Smør som er nemnd fleire gonger i første helvta av 1400-talet. Han var gift med Sigrid Gunnarsdotter Kane. Dei hadde ein son og tre døtre som me veit noko meir om.

Jon Svalesson Smør

Sonen er den kjende Jon Svalesson Smør. Han var riddar og riksråd som faren. Frå 1476 var han Noregs fehirde og hovudmann på Bergenhus. Og då kong Kristian 1 døydde i 1481, vart han vald til norsk riksforstandar (regni Norvegiæ gubernator). Han var ein av dei som på den tida freista halda Noregs makt oppe mot det danevelde som alt då tok til å gjera seg gjeldande i landet. Men han døydde så altfor snart. Han vart vekke på sjøen ved Jarlsøy ved Tunsberg i 1483. Kor dei budde desse to mennene av Smørsætta, det veit ein ikkje så visst. Men truleg var det på Vatne på Stord, som ser ut til å ha vore hovudgarden for denne ætta. Jon Smør var gift med Gudrun Olavsdotter. Ho var av høg byrd. Far hennar var Olav Håkonsson til Nesøy (i Asker) som også sjølv var av Smørsætta. Og mor hennar var Ingebjørg Jonsdotter av Sudrheim, som var ei sonedotters dotter til Hafthor Jonsson og Agnes, dotter til kong Håkon 5 Magnusson.

Systrene til Jon Smør: Botilde, Inga og Inga

Ein kan ikkje sjå at Jon Smør har late etter seg noko livsarving. Etter han gjekk alt jordegodset hans over til dei tre systrene hans: Botilde, Inga og Inga.

Botilde var gift med ein Peder Karlsson, fut over Jemtland som då høyrde Noreg til. Og dotter deira var gift med Olav Nilsson Bagge (d. l525). Den første Inga var gift med ein Guttorm Eyvindsson som var fut på Lista ikring 1420, og som med henne fekk det store Hananger-godset. Sonen deira, Olav Guttormsson til Hananger (d. 1485), var gift med Ingegjerd Erlandsdotter av Losnaætta. Ho vart seinare gift med riddaren og riksråden Arild Kane som vart drepen av ålmugen på eit ting på Sunnmøre, avdi han fór så hardt fram mot folk. Han var sysselmann på Sunnmøre då.

Denne Arild Kane var ein sonesons son til den Gunnar Kane som var gift med Gurid, syster til Gaute Eriksson Galt på Hatteberg. Og me ser også her kor innblanda dei var med kvarandre, desse gamle adelsættene.

Den andre Inga var gift med ein Sigurd til Valvatne (på Stord). Ho var oldemor til den Kristine Torsteinsdotter på Vatne (på Stord) som vart gift med Erik Ormsson som så med henne kom til Vatne. Ei av døtrene deira var Elin Eriksdotter som var gift med den norske adelsmannen Jon Gautesson til Sveen (i Sunnhordland).

Ættelina

Denne Jon Gautesson var son til ein Gaute Ivarsson til Valen (i Fjelberg) som er nemnd fleire gonger i første helvta av 16. hundreåret, og som var son til riddaren Ivar Gautesson til Sandviken i Kvinnherad. Ivar sin far var truleg den Gaute Jonsson på Seim i Kvinnherad som er nemnd i 1439. Men kven var så denne? Jens Kraft (Topografiske Beskrivelser over Norge 1830) seier at etter gamle segner skulde han vera ein bror til riksforstandaren Sigurd Jonsson (d. l457). Om dette var så, så var han altså ein son til Jon Marteinsson på Sudrheim (Sørom) og Agnes, ei dottersons dotter til kong Håkon 5. Magnusson. Men dette held ein for lite truleg. Andre har tenkt at han kan hende var ein Galt. Og for det kunne tala både Gaut-namnet og det at han åtte Seim. Men Munthe (Samlinger til d.n. Folks Sprog og Historie) meiner at Gaut Jonsson på Seim er ein bror til Svale Jonsson Smør. Og om så er, har me ættlina heilt attende til ikring 1300 såleis:

  1. Jon Ragnvaldsson Smør, gjaldskare og riksråd 1295-1305.
  2. son hans: Halvard Jonsson Smør
  3. son hans: Jon Halvardsson Smør
  4. son hans: Gaut Jonsson på Seim
  5. son hans: Ivar Gautesson til Sandviken
  6. son hans: Gaute Ivarsson til Valen
  7. og son hans: Jon Gautesson til Sveen

Jon Gautesson og kona Elin Eriksdotter

Mykje folk i Sunnhordland ætta frå denne Jon Gautesson og kona Elin Eriksdotter. Og somme av dei i ubroten mannsline heilt til no. Såleis på Ådland og på Bjelland på Stord. Dei hadde fire søner og tre døtre. Sønene var Mats, Gaute, Erik og Sverke. Døtrene var Gro (eller Grauff), Margreta og Berete (eller Birte). Om sønene finn me at Mats var med og stadfeste kongehyllinga i 1591. Han budde på hovudgarden Sveen. Gaute budde på Håland i Tysnes. Han var gift med ei Bodil Andersdotter. Sverke budde på Kjerland i Kvinnherad. Han var fut i Sunnhordland, og var gift med Lisbeth Christensdotter (dotter til sokneprest Christen Lauritsson i Kvinnherad). Erik budde først i Brandvik og sidan på Ådland på Stord. Han var gift med prestedottera Susanna Pedersdotter (truleg ei syster til soknepresten Rasmus Pedersson i Tysnes).

Av døtrene var Gro gift 1) med hr. Palle Christensson Thrane, sokneprest til Hausken i Ryfylke, og 2) med Laurits Nilsson Holst som budde på Høyland på Stord. Margreta budde på Hagom i Strand sokn i Ryfylke. Og Berete var gift med Oluf Gjermundsson Myklebust i Kvinnherad. Av desse sju sysken var Gaute død i 1601. Av dei andre var tre døde før 1609, nemleg Mats, Sverke og Berete. Jon Gautesson sjølv døydde i 1575 og Elin i 1609. Skifte etter dei vart halde på Homeland tingstova (Stord) den 16. februar 1609. Og av jordegodset som dei let etter seg er dette nemnt:

  1. Hovudgarden Sveen 2 laup smør 4 vetter korn.
  2. Hagom i Strand sokn i Ryfylke 1½ laup smør.
  3. Eritsvåg i Fjelberg prestegj. ½ laup smør 1 vet korn.
  4. Falkvor på Jæren 6 vetter korn. «En ødejord» ved Lure på Jæren ½ vet korn. Av «en ødejord Hockle» i Finnås 2 spand korn.
  5. Håland i Opdal sogn 2 laup smør 3 huder.
  6. Amland i Opdal 2 laup smør 1 hud.
  7. Hage på Jæren 4 vetter korn. Østvold på Jæren 4 vetter korn.
  8. Brandvik på Sørhuglen 1½ laup smør 2 huder.
  9. Kjerland i Kvinnherad 4 laup smør 2 huder.
  10. Lockne i Finnås 1 laup smør 1 vet korn.
  11. Nes på Jæren 3 vetter korn.
  12. «Stølle i Skorre sokn» (: Skåre i Torvestad) 10 spand korn.
  13. Håland i Vikedal 1½ laup smør.

Vidare åtte dei også:

  1. Ein grunn i Holmedal på Brygga i Bjørgvin (årleg grunnleiga 3 gl. dalar ½ ort danske).
  2. Ein halv saggrunn Galteteigen kalla i «Enits» (: Etnes) sogn, gjev årleg grunnleiga 1½ tylvt sagbord.
  3. Gods og grunnar som er sett ut som pant og som kan løysast for pengar.
a. Ein grunn i «Vetterleffuen» på Bryggja i Bjørgvin, som sal. Elin Orm saman med sonen sin Mats har sett i pant til hr. Mickel Jonsson, sokneprest i Bjørgvin, for 80 dir., gjev årleg gr.leiga 5 gl. dlr.
b. Jord ved Lindesnes kalla «Vestergårde» (4 huder) av sal. Elin Orm utsett for 8 dlr. til sal. Oluf Nilsson Kavik i Lister len.
c. Ein skogteig «Kraggeteig» kalla og halvparten i «Viggisteigen», som Vatnefolket held seg rett til under sikkert odelsbrev.

Erik Jonsson

All denne eigedomen vart skift mellom borni deira. Erik Jonsson fekk Brandvik som sin hovudgard. Men sjølv vart han ikkje buande der så lenge. I 1610 bytte han til seg Ådland på Stord, ved eit makeskifte med Kjerland i Kvinnherad, som han no hadde etter den alt avlidne broren Sverke. Og så flytta han til Ådland, og budde der til han døydde i 1646.

Erik Jonsson var frifødd adelsmann. Men kona hans Susanna, var «ufri» (:uadeleg). Ho heitte Susanna Pedersdotter, prestedotter frå Tysnes Ved det at ho ikkje var av adel, vart heller ikkje borna adelege. Dette førde då til ein heil strid med admiral Bernt Orning på Vatne, som meinte at no var det han som hadde retten til Erik Jonsson sitt odelsgods. Men det vart då likevel til det at borna vart sitjande med det. Erik Jonsson og Susanna hadde sju born (to søner og fem døtre). Eldste sonen, Jon Eriksson, vart buande på hovudgarden Brandvik. Og andre sonen, Peder Erikson, vart buande på Ådland. Av døtrene var Karen gift med ein Rasmus Lauritsson som var skipsførar i København. Og dei vart begge gravlagde der. Elin var gift med Laurits Viersson Totland på Moster. Margreta var gift med Jeronimus Jørgensson på Agdestein. Sara var gift med Hans Hetleseter. Og Magdalena var gift med Jakob Hysingstad. Det er serleg gjenom desse borna at denne gamle og vyrdelege ætta har spreidd seg og lever den dag i dag i Sunnhordland. Både ved giftarmål og elles kom ho etter kvart ut over heile Stord, og er no å finna mest på kvar gard. Men også utanom Stord kom det mange - på Moster, i Sveio, på Valestrand, i Fjellberg og i Kvinnherad.

Rustungætta

Opphavet til Rustungætta og Rustungnamnet veit me ikkje. Dr. Anton Espeland («Hardanger» 1921) nemner at ætta kan hende har kome frå Orknøyane. Det er ikkje utruleg. For det var også elles ikkje så lite av samband mellom Hordaland og Vestøyane på 1300- og 1400-talet.

Christopher Throndsson Rustung

Den mest kjende av denne ætta er sunnhordlendingen Christopher Throndsson Rustung i det 16de hundreåret Han var son til Thrond Sigurdsson på Seim i Kvinnherad og Karen Cold frå Nesse i Ryfylke. Thrond sin far, Sigurd, skal også ha vore frå Nesse. Og kan hende var han gift med dotter til Gaut Jonsson på Seim, og har såleis med henne fått denne garden som sidan var Rustungætta sin hovudgard. Christopher Throndsson Rustung var gift med Karen Skanke, dotter til Knut Pedersson Skanke som var dekanus (domprost) ved Nidaros domkapitel. Christopher Rustung var i det 16de hundreåret ein av dei som enno freista verja om norskdomen i landet. Han var såleis ein av dei beste hjelpesmennene for erkebispen Olav Engelbretsson, som han truleg også var noko i slekt med. Det ser elles ut til at han var ikkje berre ein hjelpesmann for bispen, men at han i somme høve også tok saka i si eiga hand. Det er såleis dei som trur at det var serleg han som stod bak, då dei to versønene til fru Inger til Østråt (Vincens Lunge og Nils Lykke) vart drepne i Nidaros i 1535. Då erkebispen laut røma landet i 1587, då var det også Christopher som var hjelpesmannen hans. Han hadde vore til Nederlanda etter fire skip som han kom til Nidaros med. Og på denne flåten tok han så erkebispen med seg. Men på vegen ut Trondheimsfjorden fòr han først innom på Ørlandet og plyndra Østråt. Det var hans farvel til dei verste av motstandarane. Så drog han vidare søretter heilt til Brabant i Belgia. Og der døydde den siste norske erkebispen alt året etter.

Christopher Rustung vende seg så til den tyske keisaren Karl 5 om hjelp mot Danmark. Men denne kunne ikkje vera med på noko åtak på Danmark just då. Derimot ville han gjerne ha ein mann som Christopher med i krigen mot Frankrike. Og straks etter finn me då denne sunnhordlendingen som ein fårleg kaperkaptein som tok både franske og danske skip. Og på ein tur heilt opp til Noreg var han endå i land og plyndra Utstein Kloster og Stavanger bispegård. Det var elles berre så vidt han kom vel i frå det den gongen. Han hadde så nær vorte teken ved Listerlandet. Men han kom seg då unna der også. Noko seinare vart det så til det at han vart forlikt med danskekongen og kom heimatt. Og kongen sette han endå til admiral på den dansk-norske flåten. Han fekk også att eigedomane sine i Noreg. Mellom desse også hovudgarden Seim. Vidare fekk han til arveleg eigedom også fleire andre gardar, både i Hardanger og i Sunnhordland. Men det var alt på det vilkår at han no skulle bu i Danmark. Og der fekk han også Ebelholt kloster som len. Han vart såleis svært vel medfaren på ein måte. Men elles var det no vel helst det at den danske kongen var noko redd for å ha ein slik mann som han her oppe i Noreg, endå om han no var såpass gammal alt at han ikkje lenger var så farleg. Me finn han då også etter denne tida som ein trugen kongens tenar.

Enno Brandrøk

Av Christopher Rustung sine born veit me om ein son og sju døtre. Sonen Enno Brandrøk vart fødd i Emden i Austfrisland i 1538, året etter faren reiste til Nederland med erkebispen. Og då faren var vorten forlikt med danskekongen, vart Enno sett til uppfostring i Ebelholt kloster i Danmark. Men guten sin utferdshug gjorde seg tidleg gjeldande. Alt i femtanårs-alderen var han pasje hos ein av dei fremste krigshovdingane i Europa, Moritz av Sachsen, og var også med i krigen. I eit slag i 1553 vart han teken til fange. Men alt året etter er han å finna i Ungarn, og er der med i krigen mot tyrkane. Ei tid deretter att er han i Spania som «landsknekt». Og berre 20 år gammal er han med i krigen mot Ditmarsken. Så bryt den nordiske sjuårskrigen laus i 1563. Og der er han sjølvsagt med. Men då far hans var død (1570), ser ein at Enno bryt med danskekongen. Og han freista endå på å få Noreg til å gjera opprør mot daneveldet. Grunnen til dette veit me ikkje. Kan hende var det strid om farsarven. Men det kan også vera at han som ætling av norsk adel tok til å få augene opp for den nasjonale skaden det var for Noreg med det danske styret. Og då er det han vender seg til Sverige om hjelp til å driva alt dansk ut av Noregs land. Han byr seg sjølv til å gjera opprør, om han berre kan få Sverige sin stønad. Og han let seg lyda med at heile den norske adelen vil vera med på dette, og seier at dei ville «straks gribe de danske befalingsmænd og sende dem fangne til Sverige, samt ihelslå alle de judiske runt om i landet».

Mellom dei norske adelsmenn som ein kunne rekna med nemner han serleg dei to svograne sine Erik Orm på Vatne og Amund Lauritsson Sandviken. Vidare nemner han også Jon Guttormsson i Stavanger og Jon Gautesson til Sveen. Han hadde fått syskenbarnet sitt, den unge Johannes Lauritssen på Valen, med seg til Sverige. Og så fekk han då han til å gå til Noreg med brev om dette som han no hadde fore. Men det synte seg når det kom til stykket, så var det likevel ingen av skyldfolket hans i Sunnhordland som ville vera med på eit slikt tiltak. Og for Johannes Lauritsson såg det stygt ut. Han vart sett fast på Bergenhus. Men han berga då livet med å «betale hundrede daler for sin hals».

Elles var det no vel også tilfelle, at mykje av det som Enno hadde fare med, det var det lite av verkeleg sanning i. Den svenske sogeskrivaren Erik Tengel kallar difor også Enno Brandrøk for en «hufudljugare och en Skelm».

Ikkje lenge etter kom Enno i unåde også i Sverige, og vart til og med sett fast der ei tid. Men seinare kom han likevel i slik ein gunst at han vart endå til vald som utanrikspolitisk sendemann for hertug Karl. Og han tyktest då vera så svært vel trudd. Men ein vakker dag var han ikkje lenger å finna i Sverige. Og samstundes var heile hertugen si samling av gull- og sylvsaker heller ikkje å finna. Det var Enno sitt verk. Og med heile denne stasen var han komen seg over til Tyskland, der han så reiste ikring med fire hestar for vogna, er det sagt, og levde som ein fyrste.

Sjølvsagt vart han ettersøkt for denne udåden. Og nede i Antwerpen vart han også teken og sett fast. Men rett som det var, så var fuglen flogen også derifrå. Og fangevaktaren med han. Så fòr han søretter i Tyskland att. Der kom han til å slå ihel ein mann. Så vart det fengsel att. Og så røming att. Men no var det nok ende på gullet og sylvet frå Sverige. Og så finn me då denne av naturen så rikt utstyrde mannen som ein rett og slett landevegsrøvar der nede i Tyskland. Men då han no vart teken att, så vart han sett i ein sterk festning. Og der endar han livet sit på «steile og hjul», denne mest eventyrlege Sunnhordlendingen som noko tid har vore til, kan hende. Det kan vel vera noko i det at han var heller ikkje så lite av «en hufudljugare och en Skelm». Men han levde i ei uroleg tid. Og også i ei tid då rettssansen var heller liten for det slags folk, og då ein manns ferd vart målt med eit anna mål og sett på med heilt andre augo enn no.

Døtrene til Christopher Rustung

Dei sju døtrene til Christopher Rustung var alle godt gifte. Og mest alle med adelsmenn. Maren var gift med Oluf Jonsson Theiste på Bjelland i Kvinnherad. Magdalena var gift med Erik Eriksson Orm til Vatne på Stord. Ho var såleis mor til den Anna Orm, som vart gift med Otte Thomassen Orning, og bestemor til dei to admiralane Laurits Galtung og Bernt Orning. Margreta var først gift med den danske adelsmannen Jørgen Pedersson Stour på Nervik i Ølen, og sidan med Amund Lauritsson (Dal) til Sandviken i Kvinnherad. I første ekteskap hadde ho ei dotter Bodil, som vart gift med Hans Jørgensson på Onarheim i Tysnes. Han var av den gamle Onarheimsætta, og var som jordeigar ein av dei rikaste menn i Sunnhordland.

Anna var trulova med den skotske James Hepburn, jarl av Bothwell. Men han reiste frå henne att, og vart sidan gift med sjølve dronninga av Skottland, den namngjetne Maria Stuart. Anna, som etter dette giftarmålet vart kalla «skottefrua» , kom heimatt til Noreg. Og ho fekk seinare Hatteberg i Kvinnherad til å bu på.

Rosendal baroni

Else var gift tre gonger. Først med Jon Haar til Gjersvik på Tysnes (av den gamle Haarætta i Hordaland). Så med lagmannen i Bjørgvin, Axel Freitag. Og sist med Anders Bertilsson Mouatt til Hovland i Tysnes. Han var av ei skotsk adelsætt som alt kring 1300 er å finna både i Skottland og på Suderøyane og Shetland. Anders og Else sin son var viseadmiralen Axel Mauatt. Han var gift med Karen Bildt, som var eit oldebarn til fru Inger til Østråt. Han også hadde Hovland som hovudgard. Axel og Karen si dotter, som også heitte Karen, var gift med Ludvig Holgersson Rosenkrantz, han som bygde huset på Rosendal baroni. Det var også han som sette over inngongen til huset den innskrifta som står der enno: "Melius mori in libertate quam in servitute vivere". (Betre i fridom å døy enn i trældom å leva). Noko ved arv, og noko ved kjøp, samla Axel Mouatt seg så mykje jordegods, både i Sunnhordland og utanom, at han var den rikaste mannen i heile Hordaland. Og det var mesteparten av dette godset som under svigersonen hans vart til baroniet Rosendal. Omframt dottera Karen hadde han også sonen Axel. Men han vart i 1642 drepen i ein duell med syskenbarnet sitt, Laurits Galtung. Og så hadde han ein son også utanfor ekteskap, med Margreta Eriksdotter i Brandvik, ein son som heitte Anders. Han vart buande på Helvik i Kvinnherad og var gift med ei tysk adelsdame, Katarina von Marquis. Me finn han på Helvik enno i 1701, og då som 81 år gammal.

Etterkomarar og slekta i seinare tid

Son hans, Ivar, var lensmann i Kvinnherad. Og son hans att, Abel, var også lensmann der. Abel sin son, Ivar, var gift med Kari Myklebust (dotter til lensmannen Søren Richardsson Myklebust). Og son deira, Abel Ivarsson, var også lensmann. Det er mange etterkomarar den dag i dag etter Anders Axelsson Mouatt, både i Kvinnherad og elles i Sunnhordland. To døtre av den nemnde Ivar Abelsson, Kari og Åsa, kom til Haugland på Stord. Og Åsa sin dotterson var statsråd Bård Haugland. Så var det enno to døtre til av Christopher Rustung. Det var Dorthe som var gift med John Stewart, ein skottlendar som truleg var ein uekte son til kong Jakob 5. av Skottland. Og ætlingar etter dei vart buande i Kvinnherad. Og så var det Christine som var gift med lensmannen i Vikør, Torbjørn Olavsson Sandvin. Dotter deira var Herborg som var gift med lensmannen i Skånevik, Ivar Ormsson på Ebne. Dei hadde fleire born. Ei dotter, Christine, vart gift med Laurits Samsonsson Slee på Kjerland, lensmann i Kvinnherad. Og ætlingar etter dei er enno å finna i fleire av Sunnhordlandsbygdene. Sonen Samson Lauritsson budde på Kjerland og var gift med prestedottera Anna Alstrup. Ei dotter Karen var gift med lensmannen i Ølen, Peder Tørrisson Lunde. Ein son, Christopher, var lensmann i Skånevik. Han var gift med Johanne Pedersdotter Skriver (dotter til soknepresten på Stord). Son deira var lensmannen Peder Christopherson Slee på Hjelmervik i Skånevik. Og dotter hans var Margreta som vart gift med Tollak Larsson Arnevik i Fjelberg. Dei vart buande på garden Langeland på Stord som Tollak kjøpte i 1731. Og etter dei er det mange etterkomarar på Stord den dag i dag.

Litteratur / Kjelder

Artikkelen byggjer på ein redigert versjon av artikkelen «Gamle ætter i Sunnhordland» av prost Rasmus Høyland, trykt i Sunnhordland Årbok 1939. Rasmus Høyland var fødd på Stord 1865. Han vart prost i Lista prosti frå 1920.

Rasmus Høyland oppgjev desse kjeldene:

Det som eg har samla her um desse ættene, det har eg sanka ihop frå ymse kjeldor. Eg nemner: P. A Munchs Det norske Folks Historie. Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie. Personalhistorisk Tidsskrift. Norsk Slektshistorisk Tidsskrift. Diplomatorium Norvegicum. Meddelelser fra d. n. Riksarkiv. Norske Riksregistranter. Herredagsdombøger. Tidsskriftet «Hardanger». Og ymse anna. – Eg vil ikkje segja at det ikkje kan vera misstak her og der. Men hovudlinone trur eg skal vera so fjerre pålitande at eit samla oversyn kan koma so nokolunde rett fram. Og kan henda kunde det ogso setja folk på eit eller anna faret, so dei kunde få hug til å leita etter og finna fram sin eigen samanheng med nokon av desse gamle ættene.

Artikkelen vert i tida frametter oppdatert etter andre kjelder enn Høyland. I første rekkje gjeld dette Vår felles slektshistorie - Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke m.m. : 1170-1650 / redigert og kommentert av Odd Handegård. 2003. CD-ROM. Oppdateringa er pr. dags dato ikkje sluttført.

Odd Handegård viser til flg. referansar (i samband med det materialet som er teke med i denne framstillinga):

  • Galtung, Johan E.: Galtungslekten i fortid og nutid. 1948 - 1974 - 1997. Eget forlag.
  • Lihaug, Elin Galtung - Johan E. Galtung: Galtungslekten i fortid og nutid. 1947, ny utgave i 1997 v/Elin Galtung Lihaug.
  • Magerøy, Hallvard: «Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset.» Historisk Tidsskrift nr. 2/88.
  • Steinnes, Asgaut: «Nokre Galtungproblem.» Norsk Slektshistorisk Tidsskrift XVIII 1962.
  • Henning Sollied: Norsk slektshistorisk tidsskrift 1930, b. II
  • Ugulen, Jo Rune: «Kring ætta på Ornes og Mel i mellomalderen, samt noko om Rane Jonssons etterkomarar og slekta Hjärne.» NST nr. 1/2004
  • Velde, Berge: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. Eige forlag 1957.