Svein Knutsson Hovden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Knutsson Hovden omkring 1890. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Svein Hovden i tunet på Hovden saman med born, borneborn og svigerborn ca 1920. Til venstre for Svein sit verdottera Torbjørg (1890-1953) med Valborg på fanget, attom henne att står mannen hennes, Kjetil S. Hovden (1887-1964). Til venstre for Svein sit Ingjerd (f 1890) med dotttera Gudrun på fanget og sonen Olav ved sidan av seg. Attom Ingjerd står mannen hennes, Odd Åsheim frå Suldal. Mannen med sykkel i bakgrunnen er Halvor Olsson Breive. Dei to andre i bakgrunnen er ikkje identifiserte. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Svein Knutsson Hovden (født 18. august 1840 i Bykle, død 1924 same stad) var ein viktig tradisjonsbærar i øvre Setesdal.

Han var son av Knut Sigvaldsson (1809–1860) og Gyro Sveinsdotter Tovsland (1803–1882), og vart født på støylen Rôterjoet ved Hartevatn. Faren var frå Kvammen i Åmotsdal, medan mora var av Tovslandsætta i Grungedal. Dei kjøpte garden Haugårdsmo i 1830, og bytte så til seg Hovden Der nede i 1836. Det var der Svein Knutsson vaks opp som den nest yngste i ein syskjenflokk på seks. Sjølv kalla han seg Svein K. Tveiten etter morsgarden i Grungedal, men i Bykle er han berre kjent som Svein Hovden, og sidan han budde der heile livet må ein vel også seie at det var hans rette namn.

Sjølv vart han gift med Tone Knutsdotter Gardsteig (1850–1892), og dei fekk ti born. Tre av borna døydde unge, men dei andre vaks opp og sørga for at det er ein rekkje etterkommare etter Svein og Tone både i Noreg og USA. Eit oversyn over familien finst i artikkelen om Hovden Der nede.

Svein Hovden var kunstnar og handverker, mellom anna kjent for dei vakre treskoa og kubbestolane han skar til. Han var også folkesongar og historieforteljar. Knut O. Hoslemo skreiv ned mange av historiene hans.

Galleri

Kjelder