Sveits: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke)
Linje 43: Linje 43:

==Historie==
==Historie==
{{thumb|EFTA Geneve HK 2017.JPG|EFTA Geneve HK 2017.JPG|Hovedkvarteret til EFTA ligg i Geneve.|Stig Rune Pedersen}}
{{thumb|EFTA Geneve HK 2017.JPG|Hovudkvarteret til EFTA ligg i Geneve.|Stig Rune Pedersen}}
Dei eldste spor etter menneske i Sveits er frå kring 50 000 år sidan, men det skulle ta lang tid før ein fekk ein større, fast busetnad. Helvetierne, som var ein keltisk stamme, slo seg i dei siste fire århundra før vår tidsrekning ned vest i landet, og reterne slog seg ned i aust. Kvar reterne kom frå veit ein ikkje, men det er dei som har gjett namn til språket retoromansk. I 58 f.Kr. la romarane det meste av området under seg. I folkevandringstida kom fleire germanske stammar – burgundarane, alemannerane og langobardane – inn i landet og fortrengde eller assimilerte helvetierne. Allereie i denne innvandringa kan ein sjå skiljelinene mellom språkområde i dagens Sveits.

Linje 56: Linje 56:
Sveits er eit viktig finansielt senter, og tenesteyting er sentral i sveitsisk økonomi. Bankane i landet har vore kjent for sin strenge tystnadsplikt, men etter kvart som Sveits har opna seg meir for resten av verda har dei også letta på sløret overfor andre land sine skattevesen. Sveits er difor ikkje lenger i same grad som før eit paradis for dei som vil gøyme unna formuane sine.

Ein annan følgje av nøytraliteten er at fleire internasjonale organisasjonar har sitt hovudsete i Sveits. Dette gjeld mellom anna flere FN-organisasjonar og [[Raudekrossen]].Hovudkvarteret til EFTA (Det Europeiske frihandelsforbundet), hvor Noreg er medlem saman med Sveits, Island og Lichtenstein, ligg i Geneve.
Ein annan følgje av nøytraliteten er at fleire internasjonale organisasjonar har sitt hovudsete i Sveits. Dette gjeld mellom anna fleire FN-organisasjonar og [[Raudekrossen]]. Hovudkvarteret til EFTA (Det Europeiske frihandelsforbundet), der Noreg er medlem saman med Sveits, Island og Lichtenstein, ligg i Geneve.

==Sveits og Noreg==
==Sveits og Noreg==

Sideversjonen fra 7. feb. 2017 kl. 21:50

Mal:Thumb høyre Sveits er ein forbundsrepublikk i Sentral-Europa. Landet grensar til Frankrike, Tyskland, Liechtenstein, Østerrike og Italia. Sveits omtalast som Noreg ofte som eit «annleisland». Det er eit fjellrikt land, med Jurafjella i nordvest og Alpene i sør og sentralt i landet. Mellom dei to fjellkjedene ligg eit lågareliggande område, Mittelland. Hovedstaden er Bern, og landet har noko over åtte millionar innbyggjarar. Det er delt i 26 kantonar, delstatar med utstrakt indre sjølvstyre.

Språk

Sveits har fire offisielle språk, og innbyggjarane oppgjev eitt av dei som morsmål (tal i parentes): Tysk (70 %), fransk (22,4 %), italiensk (7,1 %) og retoromansk (0,5 %). Dei tre største språka har yttergrense i Sveits, og strekk seg inn frå «moderlanda». Det særeigne språket retoromansk er utvikla direkte frå latin.

Dei fire kantonane Neuchâtel, Vaud, Genève og Jura er franskspråklege; Bern/Berne, Fribourg/Freiburg og Valais/Wallis er fransk- og tyskspråklege, Ticino er italienskspråkleg og resten er tyskspråklege. Dei retoromanskspråklege er særleg konsentrert i Graubünden, der det også er tre dalføre med italiensktalande innbyggjarar.

Dei tysktalande sveitsarane nyttar lokale dialekter i det som kallas sveitsertysk (Schwyzerdütsch), men skriv høgtysk standardspråk som i Tyskland og Østerrike.

Namn

Den språklege situasjonen har ført til at landet har eit offisielt namn på kvart av språka: Schweizerische Eidgenossenschaft (tysk), Confédération Suisse (fransk), Confederazione Svizzera (italiensk), Confederaziun Svizra (retoromansk). I staden for å utpeike eitt av dei til fellesnamn nyttar ein også eit latinsk namn, Confoederatio Helvetica (forkorta CH), altså helvetiernes konføderasjon etter ein stamme som budde der i førhistorisk tid.

Namnet Sveits, som alle språka med unntak av latin har med, kjem frå kantonen Schwyz. Dette var det leiande av de tre områda som i 1291 danna det sveitsiske eidsforbundet. Ein veit ikkje sikkert kva som er opphavet. Det kan vere gammalhøgtysk suedan, som tyder 'brenne' eller 'svebrenne', altså «det brende landet». Ein anna forklaring er at det kjem frå sequani, eit anna namn på folkestamma helvetierne. I så fall kjem det frå sequana eller suites, 'rinnande vatn, og tyder noko slikt som «landet som fleire vassfrag flyter ifrå».

Geografi

I Berner Oberland er det seterdrift helt opp til 2000 moh.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2015).

Omkring 70 prosent av arealet er fjellområde. Samstundes er også 70 prosent kulturlandskap, så ein stor del av fjellområda er utbygd. Jurafjella utgjer omkring ti prosent av landet, Alpene 30 prosent og Mittelland 60 prosent; sjølv i det lågareliggjande Mittelland er det altså store fjellområde. Nokre av dei høgste fjella i Europa ligg i Sveits, og difor finn ein også fleire hovudvasskiljer der. Rhône og Rhinen har sine kjelder i Sveits, elva Inn renn gjennom Engdain inn i Donau og frå Alpene renn fleire elver inn i Po, for å nemne nokre av vassdraga. Alpene utgjer et klimaskilje, med temperert klima i nord og middelhavsklima i sør.

I nord er skogen prega av bartre, medan det i sør er meir lauvskog. Det er eit rikt dyreliv i landet.

Folk og busetnad

Kring tre fjerdedeler av innbyggjarane bur som nemnt i Mittelland, som utgjer mindre enn ein tredjedel av arealet. Det er her ein finn dei største byane: Zürich, Genève, Basel, Bern og Lausanne.

Fleirtalet av sveitsarane er kristne, og er jamnt fordelt mellom protestantar og katolikkar. Sistnemnde har eit lite fleirtal. Protestantane er delt mellom fleire kyrkjesamfunn. Kalvinismen står sterkt i Sveits, som var Jean Calvins heimland etter at han flykta frå Frankrike. Den italiensktalande delen av folket er stort sett katolikkar, medan dei andre språkgruppene er delt.

Politikk

Den nasjonale lovgjevande makta ligg hos den folkevalde forbundsforsamlinga. Regjeringa veljast av denne forsamlinga etter forholdsmessige prinsipp. Den kallast forbundsrådet (Bundesrat/Conseil Fédéral), og har sju medlemmar som styrar kvart sitt ministerium.

Dei 26 kantonane har utstrakt indre sjølvstyre, og kvar av dei har ei eiga grunnlov.

Endringar i forfatninga eller i lover kan avgjerast med folkeavrøysting. Veljarane kan ta initiativ til forfatningsendringar, noko som førar til at Sveits har eit meir direkte demokrati enn andre vestlege land.

Landet har sett sin nøytralitet høgt, og først i 2002 vart Sveits medlem av FN etter ei folkeavrøysting. Landet er ikkje medlem av EU.

Sjølv om Sveits har lagt vekt på ein demokratisk ordning var det først i 1971 at ålmen kvinneleg røysterett vart innført ved nasjonal val, og i 1991 hadde kvinner også røysterett i alle lokale val. Siste kanton som innførte dette var Appenzell Innerrhoden, etter at det vart pålagt av den føderale høgsterett.

Sveits har ikkje eit ståande forsvar etter vanleg vestleg modell, men i staden ein folkemilits som liknar på Heimevernet i Noreg. Alle våpenføre menn skal ha våpen og utstyr heime, og må ta del i naudsynt trening.

Historie

Hovudkvarteret til EFTA ligg i Geneve.
Foto: Stig Rune Pedersen

Dei eldste spor etter menneske i Sveits er frå kring 50 000 år sidan, men det skulle ta lang tid før ein fekk ein større, fast busetnad. Helvetierne, som var ein keltisk stamme, slo seg i dei siste fire århundra før vår tidsrekning ned vest i landet, og reterne slog seg ned i aust. Kvar reterne kom frå veit ein ikkje, men det er dei som har gjett namn til språket retoromansk. I 58 f.Kr. la romarane det meste av området under seg. I folkevandringstida kom fleire germanske stammar – burgundarane, alemannerane og langobardane – inn i landet og fortrengde eller assimilerte helvetierne. Allereie i denne innvandringa kan ein sjå skiljelinene mellom språkområde i dagens Sveits.

På 500-tallet vart det meste av dagens Sveits, med unntak av Ticino, lagt under Frankerriket. Dette vart gjennom mellomalderen delt, og på 1200-talet var dei vestre delane under Savoya og de sentrale og austre områda under Det tyske-romerske riket.

I 1291 gjekk dei tre område Scwyz, Uri og Unterwalden saman i det sveitsiske eidsforbundet, eit evig forbund som skulle forsvare folket sitt sjølvstende mot Det tysk-romerske riket. Dei klarte å slå attende keisaren sine forsøk på å ta område, og fekk etter kvart tilslutning frå andre område. Luzern kom som første område inn i forbundet i 1332, og dei siste var Genève, Valais og Neuchâtel som kom med i 1815. Desse områda fekk i 1798 namnet kantonar. Grensene vart sett på Wienkongressen i 1815, etter slutten av Napoleonskrigane.

I 1847–1848 opplevde Sveits ein kort borgarkrig, som førte til at ein fekk ny forfatning og ein konføderasjon av kantonar slik det er i dag. Bern vart då vald som hovudstad, og Lausanne vart sete for Høgsterett.

Frå midten av 1800-tallet byrja ei storstilt utbygging av industri. Som i Noreg var vasskraft sentralt i denne prosessen. Det var også vekst i turistnæringa – ein interessant ting er at mange av dei engelske turistane som skreiv om reiser i Noreg på 1800-talet stadig samanliknar Noreg og Sveits når dei skal skildre landet. Utviklinga førte til ein jamn økonomisk framgang, som gav Sveits ein sterk økonomi. Denne framgangen vart forsterka i forhold til nabolanda ved at den strenge nøytralitetspolitikken sørge for at landet ikkje kom med i første og andre verdskrigen. Landet har svært høg levestandard.

Sveits er eit viktig finansielt senter, og tenesteyting er sentral i sveitsisk økonomi. Bankane i landet har vore kjent for sin strenge tystnadsplikt, men etter kvart som Sveits har opna seg meir for resten av verda har dei også letta på sløret overfor andre land sine skattevesen. Sveits er difor ikkje lenger i same grad som før eit paradis for dei som vil gøyme unna formuane sine.

Ein annan følgje av nøytraliteten er at fleire internasjonale organisasjonar har sitt hovudsete i Sveits. Dette gjeld mellom anna fleire FN-organisasjonar og Raudekrossen. Hovudkvarteret til EFTA (Det Europeiske frihandelsforbundet), der Noreg er medlem saman med Sveits, Island og Lichtenstein, ligg i Geneve.

Sveits og Noreg

Hus i sveitserstil i Genève.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).

Både Sveits og Noreg har ofte blitt kalla «annleisland». Det er mange skilnader, men ein kan lett peike på slikt som mellom anna at dei er fjelland, har lange tradisjonar for folkestyre og at dei gjekk frå å vere jordbruksland til å vere bland dei rikaste landa i verda.

Per 1. januar 2015 var det 1284 innbyggjarar i Noreg med ein eller fleire sveitsiske besteforeldre, og 1326 innbyggjarar med innvandrarbakgrunn frå Sveits.

Eit særskilt band mellom Noreg og Sveits finn vi i arkitekturen: Sveitserstilen som kom hit på 1800-talet er framleis godt synleg i norsk arkitektur.

Dei tre første norske kvinnene som tok doktorgrad gjorde dette i Sveits, alle tre i Zürich.[1]

Yrkestittelen sveisar, tidlegare også skrive sveitsar, oppstod fordi mange av dei første som kom til Noreg som lærarar i fjøsstell i 1850-åra var frå Sveits. Eit døme på dette kan vi sjå i folketeljinga 1865: I Onsøy finn vi Henerik Freitag (f. omkr. 1841), som har fødestad Sveits og yrke «Sveiser Kvægrøgter».[2]

Mellom norske slekter med sveitsiske røter finn vi Heftye og Tschudi.

Sjå også

Referansar

  1. Sjå De første norske kvinnene med doktorgrad.
  2. Henerik Freitag i folketeljinga 1865 for Onsøy prestegjeld frå Digitalarkivet.

Litteratur