Sverre Andestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 13:07 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Sverre Andestad var fødd i Kina i 1920 og døydde i Sykkylven i 2008. Han var utdanna radioteknikar, men i Sykkylven sette han sine varigaste spor innan det lokalhistoriske arbeidet.

Sverre Andestad sine foreldre var misjonærar i Kina. Då han var eitt og eit halvt år gammal døydde mor hans, og han kom til Sykkylven. På slektsgarden på Andestad voks han opp med besteforeldre og ei tante og ein onkel. Andestad tok realskule som privatist og fullførte eksamen artium i Volda krigsåret 1940. Han gjekk vidare til teknisk skule i Stavanger og kom midt i krigsåra med i NRK si teknikaropplæring. Med det var yrkesvegen klar. Etter fullført utdanning arbeidde han i kringkastinga sine distriktskontor på Notodden og i Fredrikstad. Det var på Notodden han trefte henne som skulle bli hans faste følgje gjennom resten av livet, Alfhild.

I 1962 flytte han tilbake til Sykkylven for å ta over Rasmusgarden på Andestad. Han hadde då fått seg arbeid på Vigra kringkastar der han var fram til han vart pensjonist i 1985. Han heldt fram med husdyr heime på Andestad fram til 1993.

Sverre Andestad la ned eit betydeleg arbeid på fleire område i lokalsamfunnet, men han hadde ei særleg sterk og varig interesse for slektsgransking og generell lokalhistorie. Han var med i den kommunale sogenemnda i seks periodar frå 1968 til 1992. I dette arbeidet var han ikkje berre administrator. Han sat seg gjerne ned med kjeldene og skrivemaskina og laga slektslister som mange fekk nytte av. Han gav mellom anna ut supplerande hefte til gardssoga bd. 1 og 2 slik at dei opplysningane som mangla i dei første utgåvene av banda kom på plass. I 1996 kom han ut med boka Nye slekter som er ei oppdatering av gardssogene bd. 1 og 2. Like før han vart sjuk arbeidde han med å oppdatere informasjonane også i gardssoga bd. 4. Då han i februar i 2008 mottok kulturprisen for Sykkylven kommune minte han om at det som no står att er oppdateringar av gardsssoga bd. 3, Sørestranda. Sverre var oppteken av det som var ei av dei største hjartesakene hans heilt til det siste.

I slektsgranskinga si såg han tidleg at den nye datateknologien kunne forenkle innsamling og systematisering av opplysningar mykje. Her kom den tekniske utdanninga og yrkeserfaringa hans til nytte. Sverre vart ein lokal pioner når det galdt å ta i bruk data-verktyet i lokalhistorisk arbeid.

Han la også ned ein omfattande innsats i den store stadnamninnsamlinga som gjekk føre seg i åra 1985 til 1995. Sverre var med å samle inn over 10.000 lokale stadnamn som no er tekne vare på for all ettertid med opplysningar om uttale, tyding av namn og bruk av staden.

Ved sida av sogearbeidet fekk Sverre tid til politisk virke. Det var Kristeleg Folkeparti som vart det naturlege partivalet for han. Sverre sat i kommunestyret i to periodar frå 1976 og han engasjerte seg aktivt i plan- og utviklingsarbeidet i kommunen. Etter at han hadde vore to perioder i kommunestyret var det kona Alfhild sin tur til å ta eit tak i lokalpolitikken, men Sverre var god å ha som ein kunnig rådgjevar.

Kjelde