Svori (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
Ingen redigeringsforklaring
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke)
Linje 5: Linje 5:
| bilde        = Svori.jpg
| bilde        = Svori.jpg
| bildestr      =  
| bildestr      =  
| bildetekst    = Svori fotografert mot aust, Biskehyrna i bakgrunnen.
| bildetekst    = Svori fotografert mot aust, Biskehyrna i bakgrunnen. {{byline|[[Oddmund L. Hoel]]|2012}}
| altnavn      =  
| altnavn      =  
| førstnevnt    =  
| førstnevnt    =  

Sideversjonen fra 9. nov. 2016 kl. 10:17

Svori
Svori.jpg
Svori fotografert mot aust, Biskehyrna i bakgrunnen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012).
Rydda: Kring 1823
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 202
Bnr: 8

Svori (Luster, gnr. 202/8) er eit gardsbruk i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Mjølver.

Namnet

Ei svor tyder anten ei lita skrede eller ein stad der grunnen er striput av skreder. Ordet er kjent frå Nordfjord til Sunnmøre. Mest ingen namn i Indre Sogn har samansetjingar med 'Svor-', så dette er etter alt å døme eit namn som er importert frå Nordfjord.[1]

Husmannsplass

Svori skal ha vorte rydda som husmannsplass kring 1823 av Ole Olson Bjørkehaug og var den einaste husmannsplassen under Bjørkehaugen. Det var den tredje husmannsplassen under Mjølver etter Nigard, som vart redusert til husmannsplass kring 1750, og Kleivi som vart rydda i 1770-åra.

Bruksdeling 1903

Den siste husmannsenkja, Britha Halvorsdotter, flytte i 1903. Ved ei delingsforretning 3.7.1903 vart Svori fråskild Bjørkehaugen som bnr. 8. Garden fekk då ei skyld på 0,41 Mk, som tilsvarte ¼ av Bjørkehaugen-bruket. Den fyrste sjølveigaren var Nils Andersson Bjørneheim, som fekk skøyte på bruket 7.11.1903 og budde her til 1913. Seinare er det fråskilt fleire tomter, m.a. bnr. 11 Havraberg i 1926, som i 1978 gjekk attende til eigaren av Svori.

Gardshusa

Stovehuset i Svori skal vere det eldste i heile Mjølvergrendi, og den eldste delen vart kan hende bygd alt i 1820-åra då plassen vart rydda. Stova er seinare påbygd både i høgda og på utsida med gang, kjøken og bad. Den eldste delen av driftsbygningen på garden er truleg òg frå 1820-åra.

Notar

Kjelder og litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 636-637 og 659-660. (Digital utgåve, NBdigital)

Koordinater: 61°39′35.57″ N 007°16′34.79″ Ø