Sykkylven vidaregåande skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 13:47 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Sykkylven vidaregåande skule vart oppretta i 1974 gjennom eit sterkt lokalt engasjement og kløktig bruk av gode alliansar, også på nasjonalt nivå. Skulebyggaren framfor nokon var inspektør ved ungdomsskulen, seinare rektor og skulesjef, Ola Longva.

I 1960- og 70-åra vart det meir og meir vanleg å ta vidaregåande utdanning. Det skjedde nærast ein utdanningseksplosjon i desse åra, noko ein kan vise med følgjande tal: Elevtalet i gymnaset vart femdobla på landsbasis frå 1950 til 1970. Elevtalet på fag- og yrkesskular auka frå kring 50.000 til 70.000 frå 1960 til 1970. Utviklinga var ikkje annleis i Møre og Romsdal: Talet på gymnasiastar i fylket var 450 i skuleåret 1950/51, 1000 i 1960/61 og 2500 i 1970/71. Dei sykkylvsungdomane som ønskte å ta vidaregåande utdanning måtte anten reise til Volda eller til Ålesund. Utover i 1960-åra var det fleire som byrja å snakke om at det no var på tide å arbeide for ein vidaregåande skule i kommunen. Gymnasiasten Erling Ekornes skreiv eit innlegg om dette i Sykkylvsbladet i 1966. «Sykkylvsbygda vert tappa både for kjøpekraft og åndsevner når utdanningssøkjande ungdom må reise ut av bygda for å skaffe seg vidaregåande utdanning». Det var ikkje vanskeleg å føre prov for denne påstanden. Ungdom som reiste ut av bygda som 16-åringar for å gå på vidaregåande skule, var tapte for bygda i ein treårsperiode. Mange søkte også høgare utdanning, og for dei fleste av desse var det vanskeleg å finne høveleg arbeid i heimbygda.

Gymnas?

Dei første spede planane om ei vidaregåande utdanning i Sykkylven gjaldt ei tradisjonell gymnasutdanning. I 1964 tok Sykkylven kommune, ved Ola Longva, kontakt med Folkeuniversitetet i Ålesund for å få undersøkt vilkåra for etablering av eit gymnastilbod gjennom brev- og støtteundervisning. Parallelt med dette arbeidde Sykkylven Industrilag med planane for å få til ei yrkesretta utdanning meint for den lokale møbelindustrien. Det gjaldt eit tapetserarkurs som skulle organiserast som eit tiande år etter den obligatoriske 9-årige skulen. Det vart ikkje noko av desse initiativa, men dei er likevel viktige, for dei synleggjorde at det var ei erkjenning av at Sykkylven no måtte plassere seg på kartet for å vere med på den utviklinga som skjedde elles i samfunnet når det gjaldt veksten av utdanningstilbod. Ei bygd som ikkje hadde utdanningsplassar for ungdom over 16 år, kunne lett hamne på defensiven, og det var ikkje likt ei industrikommune som hadde nasjonale og internasjonale ambisjonar. Det var difor natuleg at dei som ivra for ein vidaregåande skule i Sykkylven såg for seg ein kombinasjonsskule med både yrkesfaglege og allmene linjer.

Saman med Stranda?

Også dette var trekk som låg i tida. Den såkalla Steen-komiteen var i arbeid frå seint i 1960-åra. Grunntanken i komiteen sine skulevisjonar var at ein måtte byggje bru over den kløfta som tidlegare hadde vore mellom yrkesfaga og dei teoretiske allmenfaga, mellom yrkesskular og gymnas. Bak dette synet låg både eit demokratisk perspektiv og ei reell kompetanseorientering. I det demokratiske perspektivet låg at ein ville ha vekk den nedvurderinga som hadde hefta ved yrkesskulane. For mange var det meir status knytt til ei utdanning ved gymnasa. I tillegg var det auka krav til kunnskap i alle felt av arbeidslivet. Nye materialar vart tekne i bruk i industrien, ny teknologi endra arbeidsdagen, til dømes den nye datateknologien. Ein såg for seg at industrien var avhengig av arbeidskraft som kunne setjast til forskjellige oppgåver, arbeidarar som var fleksible og kunnskapsrike nok til å gå inn på område der etterspurnaden til ei kvar tid var størst. Det var slike tankar som i 1971 kom fram i ei utvalsutgreiing i møbelindustrien. Utvalet hadde sykkylvingen Jens Petter Ekornes som leiar, og utgreiingsarbeidet resulterte i opplæringsorganisasjonen URMI (Utdanningsrådet for Møbel- og Innredningsindustrien): ”…en rekke faktorer peker klart i retning av krav om bedre utdannelse av de som sysselsettes, både generelt og innen de spesialområder som etter hvert oppstår. Blant faktorene kan pekes på den store teknologiske innsats som eliminerer eller reduserer behovet for hjelpearbeide, - men som medfører større krav til forståelse og innsikt hos den enkelte sysselsatte.”

Skulepådrivarane i Sykkylven såg at dersom ein kunne etablere tett kontakt med det lokale næringslivet, slik at ein del av undervisninga kunne leggjast til bedriftene, så ville skulen få redusert sine utstyrskostnader. Dette ville vere eit viktig argument andsynes løyvande og godkjennande styresmakter. Ein kunne også vise styresmaktene at det var ei sterk lokal vilje å få til eit vidaregåande opplæringstilbod på brei basis. Men det var mange skjer i sjøen enno.

For å få etablert ein vidaregåande skule måtte ein mellom anna vinne fram med argumentasjonen på fylkeskommunalt hald. Det var fylkeskommunen som vedtok kvar dei forskjellige vidaregåande skulane skulle vere og kva slags tilbod dei skulle ha. På fylkesplan såg dei med ein viss skepsis på planane frå Sykkylven om ein fullverdig vidaregåande skule med både yrkesfag og allmenfag til topps, det vil seie eit treårig allmenfagleg utdanningsløp. I fylkeskommunen var det seint i 1960-åra planar om å utvikle einskilde kommunar til regionsenter. I vår region var det Stranda som skulle vere senteret. Fylkeskommunen meinte såleis at det var denne kommunen som skulle ha fulle studietilbod innan allmenfag. Stranda låg geografisk mest sentralt i regionen. Sykkylvingane ville då få tilbod om ei allmenfagleg utdanning både på Stranda og i Ålesund, i tillegg til Volda, og då skulle trongen vere stetta. Det var skepsis hos skuleplanleggarane mot å etablere for små skulemiljø, ein var redd for at det faglege tilbodet ville bli for svakt og at læringsmiljøet ville bli lite stimulerande både for elevar og lærarar.

Samarbeid med forskarar

Sykkylvingane hadde ikkje i sinne å gje seg på halvvegen. Det vart søkt etter eit samarbeid med Stranda, slik at begge kommunane kunne få tilfredsstilt sine ønske. Eit slikt samarbeid var også i interessene til fylkeskommunen, men i Molde tenkte ein seg likevel ei anna oppgåvefordeling enn sykkylvingane såg føre seg.

Det gjekk ikkje lang tid før det kom fram visse motsetningar i samarbeidet mellom nabokommunane. Kårstein Blindheim frå Sykkylven Høgre, eit parti som heile tida hadde vore i fremste line i skulekampen, uttrykker stemninga slik: ”Vi var som deltakarane i ei idrettstevling. Det var om å gjere å kome i best mogeleg posisjon før målstreken, slik at ein kunne sette inn eit rykk på det rette tidspunktet.”

Rykket var det skulestrategen Ola Longva som tok opptaket til. I virket sitt som inspektør ved ungdomsskulen hadde han hatt eit samarbeid med Forsøksrådet for skuleverket i Oslo. Forsøksrådet var ope for nye skulemodellar, nye måtar å fremje samarbeidet mellom yrkeslivet og skulen på, til dømes. Det var nett slike tankar som var i ferd med å mogne i Sykkylven. Det vart sett opp modellar og skjema for korleis ei slik forsøksbasert opplæring skulle organiserast. Som nemnt var det tanken at ein del av opplæringa skulle skje ute i bedriftene. Det gjaldt både i møbelindustrien, i mekaniske bedrifter og handels- og servicebedrifter. Ein ønskte å bryte ned det tette skottet som hadde vore mellom vidaregåande opplæring og yrkeslivet. Elevane skulle etter utdanninga si ut i arbeidslivet, då var det ønskjeleg at dei var best mogeleg rusta til å løyse dei oppgåvene som venta. Praksisperiodane skulle veksle mellom teoribolkar, då dei skulle lære å setje bedriftene inn i ein større samfunnsmessig samanheng. Slik skulle elevar både i allmenfaglege og yrkesfaglege linjer formast til aktive og samfunnsengasjerte menneske som tok del både i skapande næringsverksemd og i samfunnslivet elles, både politisk og kulturelt. Desse tankane vart utvikla vidare i eit samarbeid med Arbeidsforskningsinstituttet i Oslo, som Ola Longva og dei andre skulebyggarane fekk i stand. Arbeidsforskningsinstituttet tok med glede i mot invitasjonen om eit samarbeid med sykkylvingane. Dei var i Sykkylven ved fleire høve og sykkylvingane var i Oslo på møte. Slik vart det lagt planar for ein relativt nyskapande og radikal skulemodell, der skule og lokalmiljø skulle vere èin stor læringsarena for unge sykkylvingar.

Spreidd undervisning

Mal:Thumb høyre Det var med stor spenning dei skuleinteresserte i Sykkylven såg fram mot fylkesplanen for dei vidaregåande skulane som vart gjort delvis kjent i 1971. I den gjekk det fram at Sykkylven kommune skulle få ein vidaregåande skule, men sigeren var berre halv. Skulen skulle ha yrkesfaglege grunnkurs innan husstell, saum, handelsfag og mekaniske fag og eit første år i allmenfag. Dei to følgjande åra måtte allmenfagelevane ta på Stranda. Eldsjelene hadde ikkje tenkt å gje seg før det vart eit treårig allmenfagtilbod i Sykkylven. På dei lokale reaksjonane kunne det verke som om mismotet over at det ikkje vart ein fullverdig allmenfagleg skule var større enn det mismotet som vart følt over at det ikkje vart noko tilbod retta inn mot møbelindustrien, den heilt sentrale næringa i kommunen. Eit møbelfagleg kurs hadde vore framme i planane i startfasen, men etter kvart hadde det falle vekk fordi det viste seg vanskeleg å få til godkjende fagplanar i tida fram til planlagt skulestart og fordi det vanta læremateriell. Det skulle gå mange år før eit grunnkurstilbod i tapetserar- og snikkarfag kom på plass ved skulen. Det skjedde først i 1994, i samband med innføringa av Reform -94. Møbelbedriftene måtte lenge ta hand om opplæringsoppgåvene sjølve, og det ordna dei greitt; for det gjekk nok lenger tid enn mange tenkte å bli kvitt dei einsformige og enkle arbeidsoppgåvene i seriebasert akkordarbeid i industrien.

Det var ein stor dag i Sykkylven då det kunne inviterast til opning av Sykkylven vidaregåande skule midt i august 1974. Første rektoren, Gudmund Solstad, hadde då så vidt fått setje seg inn i tankane bak den nye skulen han skulle leie. Det same gjaldt lærarane, som for størstedelen hadde sin bakgrunn frå tradisjonell vidaregåande opplæring. Den første tida måtte skulen halde til i leigde lokale, og undervisninga var spreidd. Husstellelevane heldt til i eit nybygg til ungdomsskulen, der vaksenopplæringa har plass i dag. Her vart det også rom for mekanikarelevane, linjene for kontorfag og allmenfag. Også den vesle administrasjonen hadde tilhald her. Elevane ved kjole- og draktsaumlinja heldt til i nyinnreidde lokale på Aure gamle skule. I tillegg vart det nytta rom i samfunnshuset til undervisning.

Forsoning

Kampfasen var enno ikkje over. Skulen hadde som nemnt berre fått tildelt eit allmenfagår, og det var noko mindre enn mange i Sykkylven ønskte. Tidlegare i skuleetableringa var det ein handfull personar som hadde kjempa fram skulesaka: Ola Longva med god hjelp frå støttespelarar i det politiske miljøet og i kommunestyringa ellers. Etter at skulen var etablert hadde heile bygda fått eit eigartilhøve til skulen. Det var difor imponerande stor oppslutning om underskriftaksjonen til støtte for kravet om andre og tredje året allmenfag ved skulen i 1975. Av 3708 røysteføre skreiv 2899 under på oppropet. Fylkeskommunen meinte likevel at sykkylvingane måtte vente enno ei tid.

Då tok dei igjen skeia i eiga hand. Det vart etablert kontakt med den lokale avdelinga av Folkeuniversitetet, som tok på seg å organisere undervisning for elevane som skulle ta til i andre allmenfagklasse frå hausten 1975. Fylkeskommunen såg på tiltaket som ei klar tilsidesetjing av fylkeskommunale vedtak og offisielle skuleplanar og kalla dåverande rektor Willy Sørvang inn på teppet i Molde. Sørvang henviste berre til Folkeuniversitetet som stod som formell tilskipar av allmenfagkurset. Han kunne ikkje rå for at eit slikt tilbod vart gjeve. Skulebyråkratane i Molde var på det tidspunktet ikkje heilt nøgd med utviklinga i Sykkylven. Dei meinte at sykkylvingane tok seg vel mykje til rette.

Eventuelle vonde kjensler såg likevel ut til å vere vekke då skulesjef Odd Kvilekval var hovudgjest under den formelle opninga av det første byggesteget til skulen i 1981. Truleg hjalp det til å betre kjemien mellom administrasjonen i Molde og skulen i Sykkylven at Øyvind Østvik vart tilsett som ny rektor frå hausten 1977. Han hadde tidlegare vore tilsett hos fylkesskulesjefen og kjende til dei spelereglane som gjaldt der. At Østvik i heile sitt virke har lagt vekt på å følgje rette saksprosedyrer, indikerer likevel ikkje at han ikkje har hatt eit ihuga ønskje om å utvikle skulen i Sykkylven til ein tenleg utdanningsinstitusjon for sykkylvssamfunnet. Det indikerer heller at skulen frå 1977/78 gjekk inn i ein rolegare periode, der ein kunne konsentrere seg om den vanlege drifta. Frå 1978 kunne skulen elles tilby allmenfagleg utdanning i tre år etter fylkeskommunal godkjenning.

Ideal og røyndom

Kva vart det så til med forsøksskulen? Sjølv om det var eit oppriktig ønske hos fleire i Sykkylven om å skape ein skule som kunne tilføre vidaregåande opplæring noko nytt, viste det seg snart at utdanninga fall inn i eit nokså tradisjonelt spor. Det kunne ha mange årsaker. Som nemnt kom dei som skulle drive skulen, rektor og lærarar, frå tradisjonelle skular. Dei hadde fått lite tid til å setje seg inn i det nye ved forsøksopplegget. I tillegg kom dei praktiske vanskane: Undervisninga var spreidd over mange lokale, samhandlinga i skulemiljøet måtte derfor blir noko mangelfull. Elevane kom til å halde seg til sine klasser store delar av skuledagen, den ønskte integreringa mellom yrkes- og allmenfagelevar møtte såleis praktiske vanskar. Det var også problematisk å gjennomføre den bedriftsbaserte opplæringa. Sjølv om leiarane ved bedriftene hadde signalisert vilje til å vere med på opplegget, hjelpte det lite når tanken bak det i liten grad var kommunisert ut til produksjonsnivåa i bedriftene der den praktiske opplæringa skulle skje. Arbeidarane hadde elles lite tid til oppfølging av elevane. I periodar var det svært hektisk i fabrikkmiljøet. Særleg haustane var det lange ordrelister som skulle effektuerast. Naudsynte oppgåver måtte prioriterast. Så vart det gjerne til at elevane vart sett til enkle oppgåver som ikkje trong mykje oppfølgjing frå dei tilsette. Endskapen på dette for elevane i mekaniske fag vart at skulen måtte skaffe seg maskiner og montere dei i kjellaren på ungdomsskuletilbygget. På denne måten vart det enklare for fagansvarleg å sjå til at elevane faktisk fekk den opplæringa dei skulle ha. Elles vil det alltid vere slik at fagplanar og pensumkrav stiller krav til ein viss progresjon i skulekvardagen. Det vart også ved Sykkylven vidaregåande skule mindre rom enn ønskeleg kunne ha vore til eigne lokaltilpassa undervisningsopplegg. Skulen hadde ideelle ambisjonar, men vart snart henta inn av røyndomen.

På lag med næringslivet

Hovudsatsingsfeltet for skulen gjennom 80-åra vart å styrke kontakten med det lokale næringslivet, og det var her rektor Øyvind Østvik kom til å leggje ned ein banebrytande innsats. Det vart tallause møte mellom skulen sine representantar, næringslivsfolk og skuleadministrasjonen i Molde. Det første konkrete resultatet av denne innsatsen var etableringa av Teknisk fagskule i 1985. Tilbodet hadde i utgangspunktet eit vidt industrielt siktemål, men kom etter kvart til å vinklast meir inn mot behova til møbelindustrien. Det var mellomleiarar som skulle utdannast ved denne linja. Parallelt med arbeidet for å få til den tekniske fagskulen, arbeidde skuleadministrasjonen med tankane om å få til eit kompetansesenter for møbelindustrien. Eit slik senter hadde liggje i fylkeskommunale planar i ei årrekkje, utan at det skjedde nemnande framdrift i saka. Gjennom tålmodig utgreiingsarbeid, og etablering av alliansar med det lokale næringslivet, greidde skulen å få realisert eit senter i 1993. Ressurssenteret skulle stå til teneste for heile næringslivet i kommunane Stranda, Sykkylven, Norddal og Stordal, og det var dei vidaregåande skulane sine lokale og lærerkrefter som skulle vere basisen i senteret.

Dette viste seg å vere eit svært godt grep for å fremje utviklinga til skulen generelt. Etter at det første byggjesteget til skulen stod ferdig etter to byggetappar i 1979, skjedde det ikkje noko på byggsida på over ti år, bortsett frå at kommunen bygde to klasserom for Teknisk fagskule i 1985. Skulen hadde då auka elevtalet sterkt og det hadde kome til fleire klassar og studietilbod. Romsituasjonen var prekær, men enno kring 1990 stod SVS eit godt stykke nede på dei fylkeskommunale prioriteringslistene for skuleutviding. Det vart difor eit viktig og nødvendig løft for heile skulen då eigarane av det som vart kalla Kompetansebygg A/S –lokale bedrifter, organisasjonar og privatpersonar – avgjorde at det skulle førast opp eit nybygg på skulen. Det stod ferdig i 1992 og vart opna av statsråd Gudmund Hernes. I nybygget fekk senteret sin administrasjon plass, i tillegg vart det kursrom og plass til ein del av skulen sine øvrige aktivitetar. Seinare har det vorte to utbyggingsetapper til, det siste av desse kom til i 1999. Det er det tette hopehavet mellom skulen og det lokale næringslivet og kommunane rundt om som har sørga for at Sykkylven vidaregåande skule har ei tenleg bygningsmasse, som gjer at undervisninga kan organiserast på ein effektiv måte. Bygningsutvidingane gav også plass til grunnkurs og VK–tilbod i møbelfag.

Etter kvart vart det vanskeleg å rekruttere lokal ungdom til yrkesutdanning for møbelindustrien. Ungdom verka å ha andre yrkesdraumar. Skulen har dei siste åra fanga opp nye trendar i ungdomen sine utdanningsønskje, men ikkje gjeve opp samarbeidet med lokalt næringsliv. Noko som elles har særprega skulen dei siste åra er ei utstrakt internasjonal elevutveksling. Også dette er i samsvar med moderne ungdom sine ønskje. Rektor ved Sykkylven vidaregåande skule i 2013 er Barbro Midtgård.

Lærarar

Kjelde

  • Eldar Høidal: Sykkylven vidaregåande skule 25 år, Sykkylven 1999.


Koordinater: 62.393897° N 6.589516° Ø