Sykkylvsbladet: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Sykkylvsbladet''' er lokalavis for SykkylvenSunnmøre. Avisa kjem ut to dagar i veka, onsdag og fredag. Redaktør i 2011 er Frank Kjøde. Første utgåva av avisa kom t...)
 
(Oppdateringar etter at avisa vart lagt ned.)
 
(9 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Sykkylvsbladet]]''' er lokalavis for [[Sykkylven]] på [[Sunnmøre]]. Avisa kjem ut to dagar i veka, onsdag og fredag. Redaktør i 2011 er Frank Kjøde.
'''[[Sykkylvsbladet]]''' var lokalavis for [[Sykkylven]] på [[Sunnmøre]]. Avisa kom ut to dagar i veka, onsdag og fredag.


Første utgåva av avisa kom torsdag 14.2.1946. Avisa var då eit partslag med mange lokale eigarar. Første redaktør var Johan Drabløs. Han kombinerte redaktøroppgåva med arbeidet sitt som tannlege. Det var fleire redaktørskifte fram til 1962, då Leif Ramstad vart tilsett som redaktør. Han heldt fram i stillinga heilt fram til han døydde i 1981. Ramstad var mykje involvert i samfunnslivet i Sykkylven på ulike område. Han var sekretær i industrilaget og i bondelaget. Han var med i [[Sykkylven sogenemnd]] og frå redaksjonslokala vart salet av bygdebøkene organisert. I 1960- og 70-åra var Sykkylvsbladet på mange måtar eit knutepunkt i lokalsamfunnet.
Første utgåva av avisa kom torsdag 14. februar 1946. Avisa var då eit partslag med mange lokale eigarar. Første redaktør var Johan Drabløs. Han kombinerte redaktøroppgåva med arbeidet sitt som tannlege. Det var fleire redaktørskifte fram til 1962, då Leif Ramstad vart tilsett som redaktør. Han heldt fram i stillinga heilt fram til han døydde i 1981. Ramstad var mykje involvert i samfunnslivet i Sykkylven på ulike område. Han var sekretær i industrilaget og i bondelaget. Han var med i [http://www.sogenemnd.no Sykkylven sogenemnd] og frå redaksjonslokala vart salet av bygdebøkene organisert. I 1960- og 70-åra var Sykkylvsbladet på mange måtar eit knutepunkt i lokalsamfunnet.


Same året som Ramstad gjekk bort vart det starta ei ny avis i Sykkylven, [[Bygdeposten (Sykkylven)|Bygdeposten]], med Frank Kjøde og Åge Eikrem som initiativtakarar. Etter at denne hadde drive eit års tid, vart ho slegen saman med Sykkylvsbladet. Frank Kjøde har, bortsett frå korte opphald, vore redaktør for avisa fram til i dag. Sykkylvsbladet har halde fram med å vere ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet ymse vis. Kjøde og Eikrem har til dømes vore initiativtakarar og arrangørar av dei årvisse [[Sykkylvsdagane]], som har vore skipa sidan 1981.
Same året som Ramstad gjekk bort, vart det starta ei ny avis i Sykkylven, [[Bygdeposten (Sykkylven)|Bygdeposten]], med [[Frank Kjøde]] og Åge Eikrem som initiativtakarar. Etter at denne hadde drive eit års tid, vart ho slegen saman med Sykkylvsbladet. Frank Kjøde var, bortsett frå korte opphald, redaktør for avisa fram 1.12.2021. I 2020 vart Sykkylvsbladet overteke av medieselskapet Polaris, og ved årsskiftet 2020/21 vart avisa slått saman med lokalavisa Sunnmøringen Stranda til lokalavisa Nyss.  


Avisa hadde i juli 2011 eit godkjent opplag på 3026.
Sykkylvsbladet var gjennom mange år ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet på ymse vis. Kjøde og Eikrem var til dømes initiativtakarar og arrangørar av dei årvisse [[Sykkylvsdagane]], som har vore skipa sidan 1981. Avisa hadde i juli 2011 eit godkjent opplag på 3.026.


===Kjelder===
==Kjelder==
*[[Bruker: Eldar Høidal]]: ''Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet 1946–2006.'' Sykkylven 2006.
*[[Bruker: Eldar Høidal|Høidal, Eldar]]: ''Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet 1946–2006'', Sykkylven 2006.


[[Kategori:Bedrifter i Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Aviser]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Etableringer i 1946]]
[[Kategori:Etableringer i 1946]]
[[Kategori:Aviser i Møre og Romsdal|Sykkylven]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 19. des. 2021 kl. 10:39

Sykkylvsbladet var lokalavis for SykkylvenSunnmøre. Avisa kom ut to dagar i veka, onsdag og fredag.

Første utgåva av avisa kom torsdag 14. februar 1946. Avisa var då eit partslag med mange lokale eigarar. Første redaktør var Johan Drabløs. Han kombinerte redaktøroppgåva med arbeidet sitt som tannlege. Det var fleire redaktørskifte fram til 1962, då Leif Ramstad vart tilsett som redaktør. Han heldt fram i stillinga heilt fram til han døydde i 1981. Ramstad var mykje involvert i samfunnslivet i Sykkylven på ulike område. Han var sekretær i industrilaget og i bondelaget. Han var med i Sykkylven sogenemnd og frå redaksjonslokala vart salet av bygdebøkene organisert. I 1960- og 70-åra var Sykkylvsbladet på mange måtar eit knutepunkt i lokalsamfunnet.

Same året som Ramstad gjekk bort, vart det starta ei ny avis i Sykkylven, Bygdeposten, med Frank Kjøde og Åge Eikrem som initiativtakarar. Etter at denne hadde drive eit års tid, vart ho slegen saman med Sykkylvsbladet. Frank Kjøde var, bortsett frå korte opphald, redaktør for avisa fram 1.12.2021. I 2020 vart Sykkylvsbladet overteke av medieselskapet Polaris, og ved årsskiftet 2020/21 vart avisa slått saman med lokalavisa Sunnmøringen på Stranda til lokalavisa Nyss.

Sykkylvsbladet var gjennom mange år ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet på ymse vis. Kjøde og Eikrem var til dømes initiativtakarar og arrangørar av dei årvisse Sykkylvsdagane, som har vore skipa sidan 1981. Avisa hadde i juli 2011 eit godkjent opplag på 3.026.

Kjelder

  • Høidal, Eldar: Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet 1946–2006, Sykkylven 2006.