Sykkylvsbladet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jul. 2011 kl. 07:56 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (ny kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylvsbladet er lokalavis for SykkylvenSunnmøre. Avisa kjem ut to dagar i veka, onsdag og fredag. Redaktør i 2011 er Frank Kjøde.

Første utgåva av avisa kom torsdag 14.2.1946. Avisa var då eit partslag med mange lokale eigarar. Første redaktør var Johan Drabløs. Han kombinerte redaktøroppgåva med arbeidet sitt som tannlege. Det var fleire redaktørskifte fram til 1962, då Leif Ramstad vart tilsett som redaktør. Han heldt fram i stillinga heilt fram til han døydde i 1981. Ramstad var mykje involvert i samfunnslivet i Sykkylven på ulike område. Han var sekretær i industrilaget og i bondelaget. Han var med i Sykkylven sogenemnd og frå redaksjonslokala vart salet av bygdebøkene organisert. I 1960- og 70-åra var Sykkylvsbladet på mange måtar eit knutepunkt i lokalsamfunnet.

Same året som Ramstad gjekk bort vart det starta ei ny avis i Sykkylven, Bygdeposten, med Frank Kjøde og Åge Eikrem som initiativtakarar. Etter at denne hadde drive eit års tid, vart ho slegen saman med Sykkylvsbladet. Frank Kjøde har, bortsett frå korte opphald, vore redaktør for avisa fram til i dag. Sykkylvsbladet har halde fram med å vere ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet på ymse vis. Kjøde og Eikrem har til dømes vore initiativtakarar og arrangørar av dei årvisse Sykkylvsdagane, som har vore skipa sidan 1981.

Avisa hadde i juli 2011 eit godkjent opplag på 3026.

Kjelder

  • Eldar Høidal: Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet 1946–2006. Sykkylven 2006.