Sykkylvsbrua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylvsbrua i 2005.
Foto: PerPlex (Wikimedia Commons)

Sykkylvsbrua er eit brusamband i Sykkylven kommune. Brua kortar ned reiseavstanden mellom Ikornnes og Vik med ca 14 kilometer. Brua vart opna av statsråd Ellen Horn 14. oktober 2000. Etter 17,5 år med bompengar, vart det gratis å køyre over brua frå 31. januar 2018. Sykkylvsbrua er eit av dei største bruprosjekta i landet som er realisert utan statlege løyvingar. Prosjektet var gjenom fire fasar før det vart realisert.

1982 – 1985. Ideutviklingsfasen

Det var arkitekten Jan Fredriksen som først kom opp med ideen om ei bru over Sykkylvsfjorden. Han budde på Ikornnes og køyrde kvar dag rundt fjorden for å kome på arbeid i kommunesenteret Aure. Han meinte det var spel både av tid og pengar, og han peika særleg på verdien det ville ha for den lokale industrien å få kortare veg til leverandørar og kundar. Frå ideen kom opp i 1983 dreiv Jan Fredriksen prosjektet stort sett i privat regi. Han utarbeidde eit forprosjekt ved hjelp av kolleger i Norconsult, der han tidlegare hadde arbeidd. Målet hans var å få fram eit prosjekt som han kunne leggje fram for offentlege styresmakter, t.d. fylkeskommunen, og industrien i kommunen. Ekornes og kommunen gav kvar 50.000 kr i 1984 til gjennomføring av seismiske undersøkingar som vart innarbeidd i forprosjektet.

1985 – 1990. Formaliseringsfasen

Med det prosjektgrunnlaget som var etablert i den første fasen, fekk Fredriksen og nokre av hans støttespelarar til eit møte med samferdsledepartementet. Med på møtet var Fredriksen, banksjef Per Kibsgaard-Petersen og ordførar i Sykkylven, Johan Welle. Etter at dei hadde vore hos departementet, oppretta dei selskapet Sykkylvsbrua AS. Stiftarane av selskapet var Ekornes, Sunnmørsbanken, Sparebanken Møre og Sykkylven kommune. Fredriksen vart formann i selskapet. Dei hadde litt kapital slik at dei kunne arbeide vidare med planane. Fredriksen laga til reguleringsplan for arealet på begge sider av fjorden. Sjølve sjøgrunnen var det Staten som åtte. Det kom mange innvendingar til reguleringsplanen på Vikesida. Her var det m.a. konflikt med naustinteresser. Planane vart godkjende i kommunen, i fylket og i Stortinget og anbodsdokumenta sende til entreprenørselskap. På denne tida sleit den største bedrifta på Ikornnes og i Sykkylven kommune, Ekornes, økonomisk. Samstundes vart det klart at bruselskapet sine trafikk- og inntektskalkylar, der dei hadde rekna inn inntekter frå kollektivtrafikk, gåande og syklande, ikkje gav grunnlag for trygg finansiering av brua. Dette og det at trafikken rundt fjorden gjekk ned, førte til at departementet kravde at selskapet måtte stille fem millionar kroner meir i aksjekapital. Det såg dei ikkje på som mogeleg.

1990 – 1996. Aktiv ventefase

No gjekk bruselskapet inn i ein rolegare periode der det viktige var å halde selskapet oppe, og å leggje grunnlaget for ein framstøyt når tidene igjen snudde. Brufinans var blitt etablert i 1989 då det kom fram lokal motstand mot bruplanane. Brufinans gjorde ein stor innsats med å reise kapital og skape engasjement for prosjektet. Midlar frå Brufinans bidro til at Sykkylvsbrua greidde å svare forpliktingane sine i perioden då det var liten aktivitet i selskapet.

1996 – 2000. Gjennomslaget og byggefasen

Ekornes-bedrifta byrja å gå godt igjen frå midten av 1990-åra, og trafikken til og frå fabrikken auka. Ekornes var med å drive fram prosjektet. Dei stod bak heile aksjekapitalutvidinga på 140.000 kr i 1996. Einar Ekornes kom inn som styreleiar i Sykkylvsbrua. Han vart også engasjert som prosjektleiar. Det vart gjennomført nye trafikkteljingar som viste at trafikken hadde auka. Brufinans arbeidde vidare for å skaffe oppslutning og kapital. Aksjekapitalen i Sykkylvsbrua vart monaleg utvida i 1997, til 26.5 mill. kr. Bomprosjektet vart godkjent av Stortinget i 1998 og samferdsleminister Odd Einar Dørum sa at det var det lokale engasjementet og viljen til å bidra også økonomisk som gjorde at han godkjende prosjektet. Brubygginga gjekk føre seg i åra 1999-2000. Det var entreprenørselskapet Selmer som hadde hovudentreprisen.

Den motstanden som var mot prosjektet i den tidlege fasen, særleg frå dei indre delane av Sykkylven kommune, har forsvunne etter at brua vart realisert. Særleg etter at bompengeperioden var over har haldninga til brua vore positiv, og ho har gjort kommunen meir kompakt.


Kjelder:

  • Avisartiklar i Sykkylvsbladet 1983 - 2018.
  • Intervju med Jan Fredriksen, Rune Rokstad, Steinar Nordmo, Magnar Kvalvåg ved Eldar Høidal.