Sylvester Sivertson: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kategoriar)
(Kategoriar)
Linje 47: Linje 47:
[[Kategori:Personer fra Skjåk kommune]]
[[Kategori:Personer fra Skjåk kommune]]
[[Kategori:Forfattere]]
[[Kategori:Forfattere]]
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori:Haugianisme]]
[[Kategori:Haugianisme]]
[[Kategori:Fødsler i 1809]]
[[Kategori:Fødsler i 1809]]
[[Kategori:Dødsfall i 1847]]
[[Kategori:Dødsfall i 1847]]

Sideversjonen fra 4. okt. 2009 kl. 07:37

Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen), var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra og stod i nær kontakt med bondeopposisjonen på Stortinget i det same tidsrommet.


Familie, oppvekst og utdanning

Sylvester (Sylfest) var eldste sonen til gardbrukarparet Syver og Anne Hyrve. Dei var båe ivrige haugianarar. Faren hadde jamvel vore straffeforfølgd for haugiansk verksemd.

Sylvester var fødd i Øyberget, eit småbruk som foreldra dreiv frå 1806 til 1811, da familien flytta til Hyrve, som var farsgarden til Syver. Sylvester hadde i alt fem sysken, men to av dei nådde ikkje vaksen alder. Sylvester var ugift all sin dag.

Han viste tidleg gode intellektuelle evner. Det haugianarnettverket som foreldra var ein del av, vart til god hjelp da det vart spørsmål om å skaffe guten skolegang ut over allmugeskolen. Han var mellom anna ein vinter i skule hjå haugianaren Lars JensenRingsaker, seinare stortingsmann. Sidan var han i Trondheim og arbeidde som betjent hjå kjøpmann Ole Dahl i der. Ved eit seinare opphald i Trondheim hadde han fri kost og losji hjå storbonden og forretningsmannen M. N. Grendahl, som også vart stortingsmann. Dahl og Grendahl var i likskap med Lars Jensen landskjende haugianarar. Ved det siste Trondheims-opphaldet fekk Sivertson undervisning av adjunkt, seinare sokneprest i Ørskog, A. H. Kaurin. Venteleg i ein mellombolk mellom dei to Trondheims-opphalda, på slutten av 1820-talet, budde han eit par år heime på Hyrve. (Kronologien her er litt uklår.) Frå denne tida i Skjåk er det kjent at han stundom kalla i hop folk på Hyrve for å halde politiske debattmøte.

Også eit par prestar hjelpte til med å skaffe guten eit skoletilbod. Det gjeld ein pastor Steen som var den som rådde foreldra til å sende guten til Lars Jensen. Sokneprest N. B. Flood i Kvikne i Nord-Østerdalen, tidlegare (1825-1827) kapellan i Vågå, skal både sjølv ha gjeve Sivertson undervisning og ha hjelpt han til plass hjå Grendahl i Trondheim.

Sylvester Sivertson var student i Christiania frå 1832, men fullførde aldri noko studium.


Forfattarskap, pressegjerning og samfunnsengasjement

Medan han studerte, gav Sivertson ut boka Haugianismen, dens Historie og Væsen, samt Forhold til Herrnhuttismen, fremstillet af en Sandhedsven (1832). I jamføring med den konkurrerande pietistiske herrnhutar-sekta, framhevar Sivertson haugianismen som ei lære som hadde funne god balanse mellom fromskap og nyttig gjerning i det timelege. Haugianarane såg i «frugtbringende Virksomhed» ikkje berre ei dygd, men også ei plikt. Sivertson meinte dessutan at haugevenene var forkjemparar både for åndeleg og borgarleg fridom, og at dei var sanne fedrelandsvener. Ein «virkelig Haugianer» var som statsborgar «udelukkende dannet for en konstitutionl […] Stat, hvis Forfatning sikkrer Borgerne mod slavisk Lydighed og ubetinget Underkastelse». Dette følgde fyrst og fremst av «den frie Virksomhedside, der maa ansees som Haugianismens væsentlige Særkjende».

Som publisist vart Sylvester Sivertson kjend som ideolog og agitator for den nasjonale og bondedemokratiske rørsla i 1830-åra, ved sida av Wergeland, Peder Soelvold og fleire andre. Sivertson var vikar for sistnemnde i bladet Statsborgeren i 1833 og medredaktør der saman med Wergeland i 1837. Han var formann i Studentersamfundet i 1836 og 1837.

Sivertson hadde i 1830-åra ein betydeleg innverknad på opinionsdanninga i hovudstaden og (dermed) på nasjonalt plan. Det er også fleire omstende som viser at han hadde direkte innverknad på lokalplanet på heimetraktene. Som nemnt arrangerte han politiske møte i Skjåk i 1820-åra. Vi ser også at han spela ei rolle ved den fyrste, kjende 17. mai-feiringa på dei traktene, som fann stad på garden Blakar i Lom hovudsokn 1833. Mellom anna skreiv Sivertson eit dikt som vart framført der. Han refererte sjølv frå festen i Statsborgeren den 2. juni, der han mellom anna fortel at markeringa inkluderte kanonsalutt. Det var 500 menneske til stades, og dansen gjekk til klokka 8 neste morgon.

Sylvester Sivertson skreiv denne tida mykje i Morgenbladet, særleg som debattant på Wergelands side i samband med striden mot Welhaven og Schweigaard. Ei tid gav Sivertson ut eit eige blad, Den Frimodige (1833-34).

I 1836-1838 redigerte han Stortingsefterretninger, og han var med i det intellektuelle støtteapparatet for bondetingmennene, mellom anna ved å skrive taler og innlegg for dei. Vennene og velgjerarane Lars Jensen og Grendahl sat på Stortinget nettopp i denne perioden. Båe desse var blant dei sentrale i den såkalla bondeopposisjonen saman med Ole Gabriel Ueland.

Seinare vart Sivertson den fyrste, radikale redaktøren av Lillehammers Tilskuer (1841-1842). Deretter redigerte han Nordlyset i Trondheim (1843-1845), og han døydde som redaktør av Drammens Adresse i 1847. Han er gravlagd der i byen.

Sivertson tilhøyrde altså den såkalla liberalpatriotiske krinsen i Christiania. Han gjekk inn for skolereformer i demokratisk lei. Han var ikkje minst oppteken av prente- og religionsfridom. Han gjekk inn for å skilje stat og kyrkje. Han stod bak eit grunnlovsforslag som Ingebrigt Sæter fremja i Stortinget i 1848. Det gjekk ut på å oppheve forbodet mot jødars tilgjenge til riket (han følgde opp Wergelands kamp for dette), gje rom for fri religionsutøving for «alle christelige bekjennere», og innskrenke den plikta alle embetsmenn hadde til å vedkjenne seg den luthersk-evangeliske statsreligionen.

Som skjønnlitterær forfattar har ikkje Sivertson fått så stort namn. Det meste av produksjonen kan karakteriserast som bruksdikt ved ulike politiske og andre omstende. Mellom anna er det fleire som hylla den polske kampen for sjølvstende i kjølvatnet av julirevolusjonen 1830. Eitt norskpatriotisk dikt frå Den Frimodige i 1833, «Norafjeld», fekk melodi og vart ein populær song i samtida. Dikta vart stort sett publiserte i aviser og blad, gjerne under psevdonymet Urdsongis. Broren Ole Sivertsen Hyrve utga etter Sylvesters død eit utval av dikta hans. I 1835 omsette Sivertson Esaias Tegnérs «Svea». Det vart gjort i samband med demringsfeiden (debatten om Welhavens dikt «Norges Dæmring»).



Kjelder og litteratur

  • _Sivertson /utdypning Elstad, Hallgeir: om Sylvester Sivertson i Norsk biografisk leksikon
  • Hosar, Hans P.: Bygdebok for Skjåk, band 3, utgjeve av Skjåk kommune 1998.
  • Sivertson, Ole: Udvalgte Digte (av Sylvester Sivertson) med biografisk innleiing, 1848.
  • Skåre, Kolbjørn: «Sylvester Sivertson» i Skjåk. Utgjeve i høve bygdajubileet 1966, Skjåk kommune 1966.
  • Teigum, Ivar: Sylvester Sivertson – Publicist. Hefte utgjeve av Skjåk kommune 1997.