Synagoge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Inni synagogen i Trondheim.
Foto: Olve Utne

Ein synagoge, tradisjonelt oftast kalla esnoga (frå jødespansk) blant portugisarjødar og sjul (frå jiddisch; òg skrive sjol, schul o.l.) blant asjkenaziske jødar, er ei bygning (eller ein del av ei bygning) for jødisk religionsutøving.

Namnet

Esnogaen i Altona, bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge og innvigd den 6. september same året.

Synagoge/esnoga

Synagoge kjem frå gresk συναγωγή (synagōgḗ) og tyder forsamling. Gjennom eldre iberisk sinoga og snoga, med uttalehjelpande e- har den vanlige portugisarjødiske forma esnoga oppstått.

Sjul

På italiensk blir synagogane gjerne kalla scuola ('skule'). Dette har gjeve opphav til den jiddische forma sjul (med variantane sjol og sjil).

Tempel

Med reformjødedommen kom idéen om at Tempelet ikkje berre kunne vera i Jerusalem, men kva synagoge kunne vera eit tempel. I dag har ordet tempel komme i bruk for andre synagogar enn reformsynagogar òg — særlig i Nord-Amerika, sjølv om orda synagogue og shul heilt klart dominerer.

Synagogerommet

Ein synagoge kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Synagogen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (S) / Aron kódesj (A) (ark, toraskåp) med minst éin sefer (torarull); ein ner tamíd (evig lys); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når ein les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle synagogar ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) / almemmár (A) / bima (A) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.

Portugisarjødisk Jiddisch Forklåring
esnoga sjul synagoge
Hekhál Órn koidesh (jid.), Aron kodesj (heb.) ark, toraskåp
sefer seifer Toire (jid.), sefer Tora (heb.) torarull, skriftrull
minján minjen gruppe på minst 10 myndige jødar (ortodoks j.: jødiske menn)
tebá almemmar, balemmer; bime (jid.), bima (heb.) leseplattform
ner tamíd ner tómed (jid.), ner tamid (heb.) det evige lyset
parasá, parasjá parshe, sidre vekeavsnitt av Toraen
haftará haftóre vekeavsnitt av Profetane
lesa (no.), seie (no.) oren (v.jid.); davenen (jid.), davne (norsk) lesa gudstenesta, seie bøner, be

Synagogar i Noreg

Hovudrommet i den tidligare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra

Fram til grunnlovsforbodet mot jødar i 1814 var det i varierande grad lovlig for portugisarjødar å bu og arbeide i Noreg, men antalet portugisarjødar var aldri høgt, og det var forbod mot ikkje-kristen religionsutøving. Det kan nok ha vore gudstjenester i privatbustader, men det finst av naturlige årsaker ikkje nokon synagogar frå perioden. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg med grunnlag i paragraf 2 av Grunnloven. Forbodet vart oppheva att for portugisarjødar av Høgsteretten i 1844, og for asjkenaziske jødar i og med grunnlovsendringa i 1851. I og med endringa av dissenterloven i 1891 vart det lov å organisere jødiske trussamfunn, og Det Mosaiske Trossamfund i Oslo vart stifta i 1892. Dei heldt først gudstenester i Mariboes gate 10 i Oslo, men i 1897 vart aktiviteten flytta til større lokale i Osterhaus’ gate, der dei installerte innreiinga frå ein nedlagt synagoge i Horsens i Danmark. Synagogen i Bergstien vart innvigd i 1920.

Den første synagogen i Trondheim vart innvigd i 1899 i St. Jørgensveita 7.

Inni Synagogen i Bergstien i Oslo.
Foto: Olve Utne

Fotnotar


Kjelder

Sjå òg