Systog (Bykle gnr 10/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2017 kl. 00:00 av Siri J (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog
Nesland 39.jpg
Det finst ikkje bilete av tunet i Systog, men det låg mellom Sygard og Der heime, som er dei to næraste gardane på biletet her. Det er teke på 1960-talet i samband med den planlagde neddemminga, og kjem frå arkivet til Vest-Agder Elektrisitetsverk via Setesdalsmuseet.
Alt. namn: Systog Nesland;
Neire Sygard
Rydda: 1792
Utskilt: 1792
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Bnr: 4
Type: Gardsbruk

Systog, også kalla Neire Sygard, var ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Han vart matrikulert til eit eige bruk i 1798. I bolken om Sygard er det fortalt at Gunnar Knutsson overtok det bruket etter broren, Bjørgulv i Der heime ca 1793. Nokre år seinare selde han halvparten til Knut Olavsson, son åt Olav Knutsson, det må ha vore i 1797 eller 1798. Dermed sat han att med ei skyldeige på 3 kalveskinn i Sygard-eigedomen, dvs. den halvparten som skulle verta Systog. Dette er då bakgrunnen for matrikuleringa.

Dei 3 skinna, dvs. Systog, overdrog Gunnar ca 1805 til sonen Knut, som gifte seg ved det leitet.

  • Knut Gunnarsson Nesland, f 1771, d 1821
g 1805 m Birgit Åvoldsdtr. Trydal, f 1784, d 1821. Born:
  • Gunnar, f 1807, g 1837 m Birgit Olavsdtr. Holen, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1809, g 1843 m Olav Åsmundsson Hisdal, sjå Haugen Hisdal, gnr 20, bnr 3
  • Gunhild, f 1812, d fyre 1821
  • Åvold, f 1814, d 1845, ug
  • Vetle, f 1816, g 1846 m Åsne Torleivsdtr. Trydal, sjå Moen under Mosdøl, gnr 13, bnr 8, jfr. Hisdal, gnr 20, bnr 3
  • Bjørgulv, f 1820, g 1845 m Anne Ånundsdtr. Bratteland, til Amerika 1846 sjå nedanfor, jfr. Bratteland

Birgit Åvoldsdotter kom frå Nordstog Trydal. Foreldra hennes var Åvold Torleivsson Trydal og kona, Ingebjørg Gunsteinsdotter, fødd Berdalen.

Knut og Birgit døydde båe i Systog i 1821, Knut vart berre 50 år, Birgit berre 37. På skiftet etter dei, som vart slutta i 1823, vart gardsbruket overført til eldstesonen Gunnar, som då var 14 år gamal.

Kvar borna vaks opp veit me ikkje, men det har nok vore skyldfolk som tok seg av dei. Dei fleste vart verande i Bykle og vert nærare omrødde under dei stadene der dei budde, men yngstesonen, Bjørgulv, hamna i Amerika, så han og borna hans lyt me fortelje om her.

Han gifte seg i 1845 med Anne, ei dotter åt Ånund Mikkelsson Bratteland. Då verfaren drog til Amerika med huslyden sin i juli 1846, vart Bjørgulv og kona hans med. Med seg på reisa hadde dei den eitt år gamle dottera Kjersti. I Amerika fekk dei iallfall 3 born til, sønene Knute, f 1847, Ånund og Ole. Huslyden slo seg fyrst ned i Rock River Settlement, Jefferson County, Wisconsin, og budde der i omlag 10 år.

I denne tida skifte dei ut etternamnet, og kalla seg sidan Newton. Fyrenamna gjekk det også noko ymist med, såleis vart Bjørgulv av uti Burgruf, medan Anne vart Annie og Ånund vart Andrew. I 1855 eller 1856 selde dei det meste av det dei åtte i Rock River, lesste resten på prærieskonnertar og flutte nordetter til Otisco Township, Waseca County, Minnesota. Kor lenge Bjørgulv livde veit me ikkje, men etter ei jubileumsbok frå byen Vista i Waseca County frå 1956, var han iallfall i live i 1881, og fekk såleis høve til å vera med på også den neste flytjinga av huslyden, som gjekk til Fishers Landing i Polk County, nokre mil sør for Grand Forks, Minnesota. Denne venda kunne dei reise med jernbane. (For å unngå mistyding, skal det her skjotast inn at det finst heile 5 byar som heiter Grand Forks, ein i Minnesota, tre i Nord-Dakota og ein i British Columbia, Kanada.) Som nemnt har me ikkje funne noko om kor lenge Bjørgulv livde, men Anne, kona hans, døydde i Thief River Falls, Pennington County, Minnesota, så seint som i 1908. Ovannemnde Knute Newton, f 1847, gifte seg i 1866 med Sigrid Peterson. Dei fekk tre born. Sigrid døydde etter ei køyreulykke med hest og vogn i 1877. Året etter gifte Knute seg omatt med Martha Knutson. Dei flutte saman med foreldra hans til Fisher i 1881, men drog vidare til eit område kalla Thirtheen Towns to år seinare. Også dette ligg i Polk County, men lenger sør og aust. Næraste by heiter McIntosh. Me skal ikkje gjera nokon freistnad på å fylgje denne slekta vidare frametter, men ho er sikkert nokså talrik. I 1939 hadde Knute og Martha, som då båe framleis livde, 9 born, 46 borneborn, 21 oldeborn og eit par tippoldeborn.

Ole Newton budde i Fisher, Polk County, Minnesota, til 1900, men flutte då til Valle Township i Marshall County, der han skaffa seg eit nytt «homestead». Ved sidan av farmen hadde han i 12 år landhandel («General Store») i Grygla, saman med A. O. Fladeland (sjå Nordstog Trydal). Kona hans var Emma Fladeland, dotter åt kompanjongen. Ole og Emma hadde 14 born. Men frå Amerika lyt me nå sjå til å koma oss attende til Sygard.

Då Knut og Birgit var døde i 1821, har det nok kome inn ein vaksen kar til å drive gardsbruket. Me vil tenkje at her var einkvan me ikkje har funne nemnd i åra 1821-1823, men deretter kjenner me til kven som sto for gardsdrifta.

Han heitte Olav Olavsson Nesland og var yngste son åt Olav Olavsson Gjerden og kona, Gunhild Tarjeisdotter, fødd Nesland. Olav gifte seg i 1815, og han og kona budde i Holen dei fyrste åra av ekteskapet, sidan beitevis i Hoslemo, Byklum og Gjerden, men frå 1823 finn me dei som bruksfolk her.

  • Olav Olavsson Nesland, f 1775, d 1851
g 1815 m Ingebjørg Olavsdotter Bratteland, f 1792, d 1887. Born:
  • Ingebjørg, f 1816, g frå Holen 1837 m Gunnar Knutsson Nesland, sjå nedanfor
  • Olav, f 1818, d 1823
  • Olav, tvill., f 1821, d 1822
  • Sigbjørn, tvill., f 1821, d 1822
  • Olav, f 1823, d 1823
  • Gunhild, f 1824, g.1 1864 m em Arne Olsson Hovet, g 2. 1866 m em Ånund Hallvardsson Helle, jfr. Valle II, 116, 230, sjå nedanfor
  • Eli, f 1827, d 1827
  • Olav, f 1829, d 1833
  • Eli, tvill., f 1833, g 1871 m Arne Tarjeisson Bjones, sjå Bjones
  • dødfødd jente, tvill., 1833

Ingebjørg Olavsdotter var fødd på Bratteland, men då ho gifte seg, budde ho hjå mora i Myri Holen, og vart då oppskrive med etternamn Holen. Foreldra hennes var Olav Larsson og kona, Eli Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen.

Gunhild Olavsdotter fekk i 1851 dottera Ingebjørg, faren var Olav Bjørnsson Kveste. Ingebjørg vaks opp hjå mora, og gifte seg i 1871 med Svein Ånundsson Hovet. Gunhild gifte seg i 1864 med enkemannen Arne Olsson Sandnes på plassen Breidal under Hovet i Hylestad, gnr 65, bnr 23. Men mannen døydde året etter brudlaupet, og det var ingen born i dette ekteskapet. Året etter dødsfallet gifte Gunhild seg omatt med enkemannen Ånund Hallvardsson Helle på Tveitebakk under Haugen, gnr 66, bnr 3, i Hylestad. Med han fekk ho dottera Ingjerd, f 1867, og sonen Olav, f 1869 ( jfr. Valle II 116, 228 og 230).

Olav og Ingebjørg, foreldra hennes, tykkjest ha halde til i Systog frå sumaren 1823 til hausten 1832, då dei flutte til Brotteli, og var der ei tid. Sidan var dei nok nokon kvar stad, men det kan likevel sjå ut til at dei budde på Holenplasset seinast frå 1837, og var der frå det året og frametter. Vidare lyt me nøye oss med å melde at Olav døydde som busete einkvarstad på Nesland i 1851, medan Ingebjørg heldt til i Byklum då ho døydde i 1887. Ho var då fatiglem og 95 år gamal.

Så langt komne kan me vende attende til han som var eigar i Olav og Gunhild sin brukarperiode i Systog. Det var Gunnar Knutsson, son åt ovanomtala Knut Gunnarsson. Me kan ikkje seia at me veit at han dreiv bruket sjølv frå den dagen Olav og Gunhild flutte ifrå, men i 1832 var han 25 år og vaksen nok til det, og me har ikkje sett andre grunnar til at dei skulle reise.

Same hausten, 25.8.1832, fekk Gunnar dottera Signe med Gunhild Mikkelsdotter Bratteland, ei dotter åt Mikkel Olavsson Bratteland og kona, Signe Olsdotter, fødd Homme. Barnet døydde alt 27.11. same året, mora gifte seg i 1835 med Hallvard Knutsson Hisdal. Eit par år etter dette att fann Gunnar tida inne til å gifte seg.

  • Gunnar Knutsson Nesland, f 1807, d 1843
g 1837 m Ingebjørg Olavsdtr. Nesland, f 1816, d 1898. Born:

Ingebjørg Olavsdotter var dotter åt Olav Olavsson Nesland, slik det er fortalt ovanfor. Ho hadde budd i Systog inntil 5 år fyre ho gifte seg, og var såleis godt kjend her. Ved giftarmålet vart ho oppskrive med etternamn Holen, avdi foreldra då budde på Holenplasset, men ettersom me i denne boka har handsama foreldra hennes under bruket her, lyt me kalle henne Nesland.

At Gunnar Knutsson nokon gong budde på Holenplasset, og overlet Systog til Tallak og Olav Hallvardssøner Nesland frå Sygard, då han flutte dit, slik den gamle gards- og ættesoga (70, jfr. 50) melder om, kan vanskeleg vera rett. Etter det me kan sjå budde Gunnar og familien hans i Systog Nesland frå han gifte seg i 1837 og til han døydde 7 år seinare. Då skiftet etter han vart slutta i 1845, vart bruket skrive over på den 5 år gamle sonen Knut.

Når eigaren var mindreårig, var det sjølvsagt rom for at andre kom inn som brukarar, men kven som kan ha vore her dei fyrste 10 åra etter at Gunnar var død, veit me ikkje. Olav Hallvardsson kan det iallfall ikkje ha vore, for han var fødd i 1841. Tallak, broren, var fødd i 1824, men heller ikkje han var nok særleg aktuell som bruksmann i 1845. Men då han gifte seg i 1855 vart han bruksmann her, og han og familien hans budde her lenge.

  • Tallak Hallvardsson Nesland, f 1824, d 1896
g 1855 m Asgjerd Jonsdtr. Brotteli, f 1830, d 1880. Born:
  • Hallvard, f 1855, d 1856
  • Hallvard, f 1857, d 1859
  • Sigrid, f 1860, d 1888, ug
  • Gunhild, f 1863, busett i Skafså 1902, ug då, seinare lagnad ukj. (Amerika?)
  • Ingebjørg, f 1866, d 1866
  • Hallvard, f 1868, utfl. til Skafså 1886, til Amerika 1903
  • Jon, f 1872, d 1872
  • Jon, f 1873, utfl. til Lårdal 1891, til Amerika 1903

Asgjerd var dotter åt Jon Andresson Brotteli og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland.

I 1865 sat Asgjerd og Tallak med hest, 4 kyr, 11 sauer og 10 geiter. Dei sådde 1 1/2 tunne bygg og sette 5 tunner jordeple. Ti år seinare, i 1875, var buskapen mindre: Dei hadde då ingen hest, 2 kyr og 1 kalv, 6 sauer og 7 geiter. Sånaden ved dette leitet var 1/2 tunne bygg og 5 tunner jordeple.

Inntil 1863 hadde dei vore brukarar for Knut Gunnarsson, men det året selde han Systog for 350 speciedalar til Andres Jonsson Brotteli, bror åt Asgjerd. For brukarane førde dette i fyrste omgang ikkje større endring med seg. Dei vart buande, og bruka garden vidare. Etter at Hallvard Andresson Brotteli gifte seg i 1884 og flutte hit, vart Asgjerd og Tallak verande som busetar så lenge dei livde. Då dottera Sigrid døydde av tæring i 1888, var ho «forsørget av fattigvæsenet». Det same var Tallak, då han døydde i 1896. Dei av borna som overlivde foreldra reiste til Telemark, Gunhild og Hallvard til Skafså, Jon til Eidsborg. Me veit at dei to sønene drog vidare til Amerika, og gjet på at også dottera reiste dit. Korleis det sidan gjekk med dei, har ikkje vore råd å finne ut.

Dermed går me over til den nye eigaren og brukaren frå 1884:

  • Hallvard Andresson Brotteli, f 1852, til Amerika 1891
g 1884 m Jorunn Mikkelsdotter Nesland, f 1867. Ikkje born.

Jorunn Mikkelsdotter var frå Sygard Nesland, dotter åt Mikkel Torkjellsson Rygnestad og kona, Gunhild Arnesdotter, fødd Flateland.

Etter det den gamle gards- og ættesoga (70) opplyser, sat Hallvard og Jorunn med bruket til 1889. Dette er sikkert nokonlunde rett, men då det ikkje er tinglyst nokon heimelsovergang, korkje til eller frå Hallvard Andresson, kjenner me ikkje detaljane i samband med desse transaksjonane. Det me veit er at Hallvard og Jorunn i 1891 reiste til Amerika, og at Hallvard året fyre hadde lånt 600 kr av Oplysningsvæsenets Fond mot pant i garden.

Vidare ser me at Tarjei Eivindsson Sanden sidan dukkar opp som brukar og eigar. Kven han kaupte av er uvisst nok, men det kan vel snautt ha vore Oplysningsvæsenet Fond?

Iallfall fortel Tellef B. Nesland i manuskriptet 'Slektsoversikt for Nesland at Tarjei overtok Systog og flutte hit hausten 1894, og det trur me stemmer bra. Om me berre skulle halde oss til det som vart tinglyst, kunne me vidare ikkje vita stort meir enn at sonen, Olav Tarjeisson, i 1902 batt seg til å yte foreldra foddog for å overtaka Systog Nesland, men av dette fylgjer sjølvsagt at dei har ått bruket. Tarjei og kona, Anlaug Olsdotter, fødd Tveiten, er elles nøyare omrødde i bolken om Sanden under Stavenes.

Som me også kjem inn på i omtalen av Sanden, hadde Anlaug ein liten pensjon, 300 kr året. Denne hadde ho fått som «æresløn» av Stortinget avdi ho var dotter åt eidsvollsmannen Olav Tveiten.

Då Olav Tarjeisson overtok Systog hjå foreldra i 1902, fekk han skrive inn i kontrakta at han skulle ha æresløna som vederlag for å yte foddog. Trass i dette tykkjest han å ha hatt problem med å greie seg på bruket. Alt i 1900 sette han bort «den dette brug tilliggende jagt- og fiskeret til Juel Lund eller ordre mod kr 4 i aarlig leie for et tidsrom på 50 år». I 1908 gjekk eigedomen på tvangsauksjon. Rett nok fekk Olav tilslaget sjølv, for 600 kr, men utpå hausten same året selde han att. Kauparen denne venda var Folke Torleivsson Stavenes i Der heime. Handelen var eit kastebyte, der Olav fekk Strandehagen i Trydal, som Folke hadde overteke frå faren, og eit mellomlag på 1250 kr. Ettersom Hagen vart prissett til 750 kr, har Systog nå vorte sett til å vera verd 2000.

Olav Tarjeisson er nøyare omtala under Strandehagen, gnr 17, bnr 9. Etter handelen i 1908 var Systog ein del av Der heime.

I 1927 vart ein noko stor utmarksparsell på sørsida av Bossvatn med namnet Viki skilt ut ifrå Systog og tildela bnr 10. Bakgrunnen for denne utskiljinga kjenner me ikkje i detalj, men såvidt me har skjøna må det ha vore om å gjera å få stelt til deilder i dette området for å få rydda opp i noko utmarksfellesskap. Folke T. Stavenes sto sjølv som eigar av den nye eininga. I 1933 fekk Torleiv Folkesson skøyte på Der heime og halve Viki hjå faren, 3 år seinare fekk Bjørgulv Folkesson skøyte på Systog og den andre halvparten av Viki. Prisen for dette var 1800 kr. I 1938 vart det gjennomført eit makeskifte, slik at ein lut av innmarka til Systog og nokre skogteigar gjekk til Torleiv, mot at Bjørgulv fekk støylen Strond og heile Viki.

Nå kan det vera eit spursmål om det høver best å handsama Viki som eit bruk for seg, eller om ein utan overgang skulle taka soga om det bruket som avslutning av Systog-soga. Båe delar ville i og for seg vera korrekt nok, men me hallar likevel til å lata Bjørgulv Folkessons overtaking avslutte framstillinga om Systog.

For den delen av heimejorda som Bjørgulv i 1938 ikkje bytte bort til broren, selde han samstundes til Mikkel Arnesson Nesland i Sygard. Bjørgulv beheldt utmarka av Systog, bortsett frå dei ovannemnde skogteigane. Dermed er då soga om Systog for så vidt ferdig, men ho held altså likevel fram i bolken om Viki.


0941 Bykle komm.png Systog (Bykle gnr 10/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sygard • Neste bolk: Viki