Syvert Ommundsen Eeg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. aug. 2021 kl. 11:20 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Syvert Ommundsen Eeg (født 1757 i Søgne, død 20. november 1838 same stad) var skipper, gardbrukar og eidsvollsmann.

Han var fødd på garden Østre Eig (Nerigard) der foreldra var brukarar. Foreldra var Ommund Syvertsen (1726-1817) og Anne Christensdt. Stangenes (1724-1815). Syvert hadde ei to år eldre syster, Engel Marie (fødd 1755).

Syvert Ommundsen gifta seg i 1782 med Anne Salvesdotter frå Klepland i Søgne. Paret fekk åtte born, men tre av dei døde små. I folketellinga 1801 er Syvert og Anne husbondsfolk på garden. Dei har da fem born i alderen 1 til 13 år. Elles på garden budde Syverts foreldre og ei tenestejente. Syvert og Anne overlet garden til borna i 1819, hovudbruket gjekk til sonen Amund.

I tillegg til å drive gardsbruket var Syvert Ommundsen kjend og respektert som skipsførar. Han tok skipperborgarskap i Kristiansand i 1796, og seila i langfart. Han førde på det tidspunktet «Strandmaagen» og briggen «Anne Marie». Seinare var han skipper på galeasane «Emanuel» og «Peter», som båe vart prisedømde i England i krigstida 1807-1814. På folkemunne har det vore fortalt mykje frå Syvert Ommundsens sjømannsliv. Han skal ha fått med seg heim på skuta si sonen Amund og ein annan ved namn «Jan Kokk», da desse hadde greid å rømme frå Prisonen i England. Ein annan gong var han i konfrontasjon med sicilianske sjørøvarar.

Ved valet i Søgne prestegjeld vart han ein av valmennene frå prestegjeldet, og på amtsforsamlinga i Mandals amt den 19. mars vart han amtets tredje representant. Dei to andre var Erich Haagensen Jaabech og Osmund Andersen Lømsland. Amtet ved det einaste som sende tre bonderepresentantar til Eidsvoll. Under forhandlingane røysta han med unionspartiet. I følgje Koht (1938) skal dette ha vore «resultat av en parole fra stiftamtmann Schouboe, som mente at bøndene vilde være de letteste redskaper for prins Christian Frederiks politikk». Men som Koht også påpeikar, stiftamtamannens berekningar slo ikkje heilt til. For i likskap med Lømsland og Jaabech, og i motsetnad til mest alle andre av allmugen på Eidsvoll, røysta Syvert Ommundsen helst med Unionspartiet.

Dei tre reiste i lag til Eidsvoll, og etter Lømsland er det bevart ei notisbok frå turen. Der står det mellom anna om Syvert Ommundsen som brakk armen og måtte ha doktor. Dei måtte kjøpe høvelege klde, og Syvert kjøpte seg jamvel briller. Det vart rekneskapsført 2200 dalar i utgifter på turen for dei tre til saman, og dei fekk i alt 2600 dalar av amtmannen for utgifter og påskjøning. Summane må sjåast i lys av den galloperande inflasjonen i tida, men dei skal iallfall ikkje ha lide økonomisk ved det oppdraget dei vart tiltrudde.


Kjelder og litteratur

  • Syvert Ommundsen Eeg på Eidsvollsmennenes etterkommere
  • Syvert Omundsen Eeg i Store norske leksikon
  • Syver Amundsen Eeg i folketelling 1801 for Søgne prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Bråstad, Kjell: Søgneboka. Bind I. Gårds- og slektshistorie for Søgne. Søgne kommune 1987 (særleg side 367-368).
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Syvert Ommundsen Eeg i Norsk biografisk leksikon (1926).
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Osmund Andersen Lømsland i Norsk biografisk leksikon (1938).

Eksterne lenker