Sør-Aurdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. des. 2014 kl. 20:43 av Stigrp (samtale | bidrag) (→‎Personer frå Sør-Aurdal: Ruth Lagesen, første kvinnelige orkesterdirigent, var født her.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sør-Aurdal
Utsyn over Bagn
Basisdata
Kommunenummer 0540
Fylke Oppland
Kommunesenter Bagn
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1837
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Bagn, Sør-Aurdal.JPG
Utsyn over Bagn

Sør-Aurdal er ein kommune i Valdres i Oppland. Kommunen grensar til Nord-Aurdal, Etnedal, Nordre Land, Søndre Land, Ringerike, Flå, Nes og Gol. Administrasjonssenteret er Bagn.

Bagn er einaste tettstad i kommunen. Av bygder kan nemnast Reinli, Begnadalen, Hedalen og Leirskogen, som alle er kyrkjestader med eigne sokn. Ein finn óg mindre grender, som Liagrende. Språkleg går det eit skilje mellom den nordlege og den sørlege delen av kommunen. Sør-Aurdal er nøytral i valet mellom nynorsk og bokmål, og i 2010 var det registrert ein nynorskandel på 49,48 %. I nord, i sokna Bagn og Reinli, snakkar folk valdresmål. Det ligg nær nynorsk, som vert nytta i kyrkja og skulen . I Hedalen og Begnadalen sør i kommunen snakkar dei ei dialekt som ligg nærare ringeriksmålet, og ein nyttar der i hovudsak bokmål i skulen og kyrkja.

Sør-Aurdals kommunevåpen er gull relikvieskrin i blått. Relikvieskrinet er Hedalskrinet frå Hedalen stavkyrkje.

Administrative einingar

Frå mellomalderen tilhøyrde området Aurdal prestegjeld, som i 1805 vart delt i Sør-Aurdal og Nord-Aurdal prestegjeld. Desse vart i 1837 grunnlag for dei to Aurdalskommunane. Prestegjeldet hadde ved avviklinga i 2000-åra fem sokn: Bagn (som var hovudsokn), Reinli, Hedalen, Leirskogen og Begnadalen. Prestegjeldet låg, og dagens Sør-Aurdal kyrkjelege fellesråd ligg, i Valdres prosti i Hamar bispedøme. Bruflat sokn vart i 1894 skilt ut frå Sør-Aurdal, og vart ein del av Etnedal kommune.

Kommunen låg tidlegare i Valdres fogderi, og er nå under Valdres tingrett. Den er einaste kommune i Sør-Aurdal lensmannsdistrikt i Vestoppland politidistrikt.

Næringsliv

Sør-Aurdal er ein landbrukskommune. I jordbruket finn ein særleg storfehald og noko sauehald. Skogbruket er viktig for kommunen, som er den fjerde største skogbrukskommunen i Oppland. Det er noko industri, med Begna Bruk (om lag 50 ansatte i 2010) som største foretak.

Bagn kraftverk og Eid kraftverk gjer til saman om lag 70 MW. Begge ligg i Begna. Fleire andre vassdrag i kommunen er verna mot kraftutbygging.

Det er ein del turisme i Sør-Aurdal, særleg til fjellområdane mellom Hedalen og Reinli der det er om lag 3000 hytter.

Personer frå Sør-Aurdal

Se også

Kjelder

Koordinater: 60.82242° N 9.54831° Ø