Tømmerkåte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto: Olve Utne

Ei tømmerkåte (Mal:Sv. timmerkåta), Mal:Pites. dimbargåhte, er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem.

Interiør av pitesamisk dimbargåhte.
Foto: Olve Utne

I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til.

Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte».

Namn

Etterleddet er det vanlige samiske gåetie/gåhte/goahte/goahti, med tømmer- som førsteledd: dimpere-gåetie (Mal:Sørsam.), dimbargåhte (Mal:Pites.), dimbargoahte (Mal:Lules.), dimbbargoahti (Mal:Nords.).

Sekskanta pitesamisk dimbargåhte.
Foto: Olve Utne

På lulesamisk blir tømmerkåta òg kalla dimbargábmá.