Tøgeplassen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(bilete)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb høyre|Tøgeplassen.JPG|Tufta etter Tøgeplassen rett opp for gamletunet i Li.|[[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] (2012)}}
'''Tøgeplassen''' var ein husmannsplass under garden [[Li (Jostedalen)|Li]] (bnr. 1) i [[Mjølverdalen]] i [[Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Plassen låg rett vest for gardstunet på hovudbruket.   
'''Tøgeplassen''' var ein husmannsplass under garden [[Li (Jostedalen)|Li]] (bnr. 1) i [[Mjølverdalen]] i [[Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Plassen låg rett vest for gardstunet på hovudbruket.   



Sideversjonen fra 31. mai 2012 kl. 20:54

Mal:Thumb høyre

Tøgeplassen var ein husmannsplass under garden Li (bnr. 1) i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Plassen låg rett vest for gardstunet på hovudbruket.

Tøger Larsson Kilen (1834-1936) frå Horpen i Fåberg og den andre kona hans, Kari Olsdotter (1843-1892) frå Brænna under Bergset, hadde gått i gang med å rydde plassen i 1867, same året som dei gifte seg.

Men alt 6. februar 1868 vart plassen teken av eit stort snøskred. Kyrkjeboka fortel at dei to borna, Lars Tøgersen (4 år) og Ole Tøgersen (7 månader), denne dagen var “Omkomne i en Sneeskred”[1] Etter ein munnleg tradisjon vart dei to smågutane drepne då pipa datt ned over dei.[2]

Tøger Larsson og kona hans flytte til Vigdalen i Luster etter ulukka, og Tøgeplassen vart aldri teken i bruk att.

Notar

  1. Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)
  2. Øyane 1994, s. 682

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 682. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°39′57″ N 007°17′38″ Ø