Tøger Jensson: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Tøger Jensson''' (fødd kring 1614<ref>3.2.1703 heiter det at han er "henveed 90 aar gammel" [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1184 (digital utgåve)]</ref> og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703. Han vart cand.theol. 11.6.1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius", så han kom truleg frå prestegarden i Jostedalen som fram til 1800-talet vart kalla Breum.<ref>[http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=467&storleik= Lampe 1896]</ref> Det høver med at han var son til Jens Jonasson, som var prest i Jostedalen kring 1604.

'''Tøger Jensson''' (fødd kring [[1614]]<ref>3.2.1703 heiter det at han er "henveed 90 aar gammel" [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1184 (digital utgåve)]</ref> og død kring [[1710]]) var sokneprest i [[Jostedal]] prestegjeld frå [[1652]] til [[1703]]. Han vart cand.theol. 11.6.[[1642]] og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius", så han kom truleg frå prestegarden i Jostedalen som fram til 1800-talet vart kalla Breum.<ref>[http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=467&storleik= Lampe 1896]</ref> Det høver med at han var son til [[Jens Jonasson]], som var prest i Jostedalen kring [[1604]].

Tøger Jensson vart utnemnt til sokneprest i Jostedalen i 1652.<ref>29.5.1655 heiter det at han er prest "nu paa det fierde aars thids" [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=691 (digital utgåve)]</ref> På same tid skal han ha gift seg med Anna Christensdotter, enkja etter den føregåande presten. Som forgjengarane måtte han slite for føda i det vesle prestekallet med kring 25 gardar der avlingane ofte slo feil. Dei skriftlege kjeldene frå prestetida til Jensson stammar hovudsakleg frå privilegium som øvrigheita gav til presten i Jostedalen i form av korntilskot frå tienda til andre kyrkjer i Sogn. I 1653 stadfeste lensherren Ove Bjelke at Tøger skulle ha det same korntilskotet som forgjengarane, altså 4 ½ tønne korn årleg.<ref>Brev frå Jens Bjelke 28.10.1636 med påskrift av Ove Bjelke 3.5.1653 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=805 (digital utgåve)]</ref> Dette vart likevel for knapt, så i 1655 sette bondelensmannen og fem lagrettemenn på vegne av allmugen i Jostedalen opp eit bøneskriv der dei bad om at korntilskotet vart auka, elles så var dei redde for at presten ville reise sin veg. Lensherre Ove Bjelke auka året etter korntilskotet med 10 tønner.<ref>Supplikk 29.5.1655 med påskrift av Ove Bjelke 23.1.1656 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=691 (digital utgåve)]</ref>

Tøger Jensson vart utnemnt til sokneprest i Jostedalen i [[1652]].<ref>29.5.1655 heiter det at han er prest "nu paa det fierde aars thids" [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=691 (digital utgåve)]</ref> På same tid skal han ha gift seg med Anna (Ales) Christensdotter, enkja etter den føregåande presten. Som forgjengarane måtte han slite for føda i det vesle prestekallet med kring 25 gardar der avlingane ofte slo feil. Dei skriftlege kjeldene frå prestetida til Jensson stammar hovudsakleg frå privilegium som øvrigheita gav til presten i Jostedalen i form av korntilskot frå tienda til andre kyrkjer i Sogn. I [[1653]] stadfeste lensherren [[Ove Bjelke]] at Tøger skulle ha det same korntilskotet som forgjengarane, altså 4 ½ tønne korn årleg.<ref>Brev frå Jens Bjelke 28.10.1636 med påskrift av Ove Bjelke 3.5.1653 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=805 (digital utgåve)]</ref> Dette vart likevel for knapt, så i 1655 sette bondelensmannen og fem lagrettemenn på vegne av allmugen i Jostedalen opp eit bøneskriv der dei bad om at korntilskotet vart auka, elles så var dei redde for at presten ville reise sin veg. Lensherre [[Ove Bjelke]] auka året etter korntilskotet med 10 tønner.<ref>Supplikk 29.5.1655 med påskrift av Ove Bjelke 23.1.1656 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=691 (digital utgåve)]</ref>

Frå 1664 finst det eit nytt bøneskriv, denne gongen frå presten Tøger sjølv, stila til den nye kyrkjekommisæren for Noreg, Titus Bülche.<ref>Brev frå Tøger Jensson 9.8.1664 med påskrift av Titus Bülche 13.8.1664 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=797 (digital utgåve)]</ref> Tøger klaga her over at avlingane hadde slege feil og at han hadde store problem med å få dei andre kyrkjene i Sogn til å utlevere korntilskotet han hadde rett på. Bülche gav raskt ordre om at kornet skulle utleverast – tilskotet utgjorde no 20 tønner. Men alt i 1667 måtte Tøger klage på nytt.<ref>Brev frå Tøger Jensson 20.2.1667 med påskrift av Georg Reichwein 6.6.1667 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=801 (digital utgåve)]</ref> Han framstilte stoda som endå verre enn i 1664, og no var det stiftsbefalingsmann Georg Reichwein i Bergen som bad kyrkjeverjene i Sogn om straks å gje Tøger kornet han hadde krav på.

Frå 1664 finst det eit nytt bøneskriv, denne gongen frå presten Tøger sjølv, stila til den nye kyrkjekommisæren for Noreg, [[Titus Bülche]].<ref>Brev frå Tøger Jensson 9.8.1664 med påskrift av Titus Bülche 13.8.1664 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=797 (digital utgåve)]</ref> Tøger klaga her over at avlingane hadde slege feil og at han hadde store problem med å få dei andre kyrkjene i Sogn til å utlevere korntilskotet han hadde rett på. Bülche gav raskt ordre om at kornet skulle utleverast – tilskotet utgjorde no 20 tønner. Men alt i [[1667]] måtte Tøger klage på nytt.<ref>Brev frå Tøger Jensson 20.2.1667 med påskrift av Georg Reichwein 6.6.1667 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=801 (digital utgåve)]</ref> Han framstilte stoda som endå verre enn i [[1664]], og no var det stiftsbefalingsmann [[Georg Reichwein]] i Bergen som bad kyrkjeverjene i Sogn om straks å gje Tøger kornet han hadde krav på.

Det var truleg Tøger Jensson som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at kyrkja i Jostedalen var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som  vart taksert til 216 riksdalar.

Det var truleg Tøger Jensson som tok initiativet til ei synfaring i januar [[1656]] som slo fast at [[Jostedal kyrkje]] var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober [[1660]] var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som  vart taksert til 216 riksdalar.

Kring 1686 overlet Tøger Jensson ein del av embetsoppgåvene til kapellanen Henrik Nitter, og frå 1693 tok Nitter seg av alle oppgåver inkludert pleie av presten ettersom Tøger Jensson var svak og sengeliggjande. I 1702 sa så den barnlause presten frå seg prestekallet.<ref>Henrik Nitters prestesøknad 3.2.1703 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1184 (digital utgåve)]</ref>
Kring [[1686]] overlet Tøger Jensson ein del av embetsoppgåvene til kapellanen [[Henrik Nitter]], og frå 1693 tok Nitter seg av alle oppgåver inkludert pleie av presten ettersom Tøger Jensson var svak og sengeliggjande. I [[1702]] sa så den barnlause presten frå seg prestekallet.<ref>Henrik Nitters prestesøknad 3.2.1703 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1184 (digital utgåve)]</ref>

==Notar==
==Notar==
Linje 14: Linje 14:

[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedal kyrkje]]

Sideversjonen fra 22. sep. 2010 kl. 07:44

Tøger Jensson (fødd kring 1614[1] og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703. Han vart cand.theol. 11.6.1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius", så han kom truleg frå prestegarden i Jostedalen som fram til 1800-talet vart kalla Breum.[2] Det høver med at han var son til Jens Jonasson, som var prest i Jostedalen kring 1604.

Tøger Jensson vart utnemnt til sokneprest i Jostedalen i 1652.[3] På same tid skal han ha gift seg med Anna (Ales) Christensdotter, enkja etter den føregåande presten. Som forgjengarane måtte han slite for føda i det vesle prestekallet med kring 25 gardar der avlingane ofte slo feil. Dei skriftlege kjeldene frå prestetida til Jensson stammar hovudsakleg frå privilegium som øvrigheita gav til presten i Jostedalen i form av korntilskot frå tienda til andre kyrkjer i Sogn. I 1653 stadfeste lensherren Ove Bjelke at Tøger skulle ha det same korntilskotet som forgjengarane, altså 4 ½ tønne korn årleg.[4] Dette vart likevel for knapt, så i 1655 sette bondelensmannen og fem lagrettemenn på vegne av allmugen i Jostedalen opp eit bøneskriv der dei bad om at korntilskotet vart auka, elles så var dei redde for at presten ville reise sin veg. Lensherre Ove Bjelke auka året etter korntilskotet med 10 tønner.[5]

Frå 1664 finst det eit nytt bøneskriv, denne gongen frå presten Tøger sjølv, stila til den nye kyrkjekommisæren for Noreg, Titus Bülche.[6] Tøger klaga her over at avlingane hadde slege feil og at han hadde store problem med å få dei andre kyrkjene i Sogn til å utlevere korntilskotet han hadde rett på. Bülche gav raskt ordre om at kornet skulle utleverast – tilskotet utgjorde no 20 tønner. Men alt i 1667 måtte Tøger klage på nytt.[7] Han framstilte stoda som endå verre enn i 1664, og no var det stiftsbefalingsmann Georg Reichwein i Bergen som bad kyrkjeverjene i Sogn om straks å gje Tøger kornet han hadde krav på.

Det var truleg Tøger Jensson som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar.

Kring 1686 overlet Tøger Jensson ein del av embetsoppgåvene til kapellanen Henrik Nitter, og frå 1693 tok Nitter seg av alle oppgåver inkludert pleie av presten ettersom Tøger Jensson var svak og sengeliggjande. I 1702 sa så den barnlause presten frå seg prestekallet.[8]

Notar

1. 3.2.1703 heiter det at han er "henveed 90 aar gammel" (digital utgåve)
2. Lampe 1896
3. 29.5.1655 heiter det at han er prest "nu paa det fierde aars thids" (digital utgåve)
4. Brev frå Jens Bjelke 28.10.1636 med påskrift av Ove Bjelke 3.5.1653 (digital utgåve)
5. Supplikk 29.5.1655 med påskrift av Ove Bjelke 23.1.1656 (digital utgåve)
6. Brev frå Tøger Jensson 9.8.1664 med påskrift av Titus Bülche 13.8.1664 (digital utgåve)
7. Brev frå Tøger Jensson 20.2.1667 med påskrift av Georg Reichwein 6.6.1667 (digital utgåve)
8. Henrik Nitters prestesøknad 3.2.1703 (digital utgåve)

Litteratur