Tøger Jensson

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 11:24 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostedal kyrkje, som sto ferdig i 1660. Tøger Jensson var ansvarleg for bygginga.

Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614[1] og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703.

Familie og utdanning

Tøger vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius". 'Breonius' kan vere ei latinisering av Breum, som var i vanleg bruk som namn på Jostedal prestegard fram til 1800-talet.[2] Han nytta alltid Jensen som etternamn, og den einaste kjende Jens på prestegarden i Jostedalen frå den tida Tøger var fødd, er presten Jens Jonasson. Han var den fyrste kjende presten i Jostedalen etter nyryddinga og er nemnd som prest i 1604.

Seinast i 1620/21 vart Mikkel Nilsson prest i Jostedalen - på det tidspunktet var Tøger ca. 6 år. Om Tøger har budd meir enn dei seks fyrste åra av livet på Jostedal prestegard, må det nesten ha skjedd ved at mor hans gifte seg opp att med Mikkel Nilsson. Men dette er svært usikkert.

Strev for føda

Tøger Jensson vart utnemnt til sokneprest i Jostedalen i 1652.[3] På same tid skal han ha gift seg med Anna (Ales) Christensdotter, enkja etter den føregåande presten Otto Hansson Ravn. Som forgjengarane måtte han slite for føda i det vesle prestekallet med kring 25 gardar der avlingane ofte slo feil. Dei skriftlege kjeldene frå prestetida til Jensson stammar hovudsakleg frå privilegium som øvrigheita gav til presten i Jostedalen i form av korntilskot frå tienda til andre kyrkjer i Sogn. I 1653 stadfeste lensherren Ove Bjelke at Tøger skulle ha det same korntilskotet som forgjengarane, altså 4 ½ tønne korn årleg.[4] Dette vart likevel for knapt, så i 1655 sette bondelensmannen og fem lagrettemenn på vegne av allmugen i Jostedalen opp eit bøneskriv der dei bad om at korntilskotet vart auka, elles så var dei redde for at presten ville reise sin veg. Lensherre Ove Bjelke auka året etter korntilskotet med 10 tønner.[5]

Frå 1664 finst det to bøneskriv. Det fyrste var ein merknad Tøger skreiv inn i manntalet han var pålagd å setje opp.[6] Seinare same året stila han eit lengre klagebrev til den nye kyrkjekommisæren for Noreg, Titus Bülche.[7] Tøger klaga her over at avlingane hadde slege feil og at han hadde store problem med å få dei andre kyrkjene i Sogn til å utlevere korntilskotet han hadde rett på. Bülche gav raskt ordre om at kornet skulle utleverast – tilskotet utgjorde no 20 tønner. Men alt i 1667 måtte Tøger klage på nytt.[8] Han framstilte stoda som endå verre enn i 1664, og no var det stiftsbefalingsmann Georg Reichwein i Bergen som bad kyrkjeverjene i Sogn om straks å gje Tøger kornet han hadde krav på.

Ny kyrkje

I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast.[9] Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert.[10] Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar.

Ein munnleg tradisjon har vilja hatt det til at Hans Ottoson Ravn stod for kyrkjebygginga. Ravn var son av den tidlegare presten Otto Ravn og såleis steson til Tøger. I kjeldene er det ingen tvil om at Tøger hadde det økonomiske og praktiske ansvaret, men Hans Ravn kan ha vore ein viktig hjelpa for stefaren Tøger både under bygginga og seinare. Det me sikkert veit er at Hans Ravn var kyrkjeombodsmann 1674-83. Kanskje kan òg Ravn ha hatt ein klokkarfunksjon gjennom desse åra. Men Ravn kan ikkje ha hatt teologisk utdanning og var dermed uaktuell som Tøger sin etterfølgjar i prestekallet.

Alderdom

Hans Ottoson Ravn slutta som kyrkjeombodsmann 1683 og gifte seg og vart sjølveigar og gardbrukar på Myklemyr kring 1682-84. Det har truleg ein samanheng med dette at Tøger Jensson kring 1686 engasjerte Henrik Nitter som kapellan og overlet ein del av embetsoppgåvene til han. Nitter gifte seg med Sophe Ottesdotter Ravn, stedotter av Tøger og syster til Hans O. Ravn.

Frå 1693 tok Nitter seg av alle oppgåver inkludert pleie av presten ettersom Tøger Jensson var svak og sengeliggjande. I 1702 sa så den barnlause presten frå seg prestekallet.[11]

Notar

  1. 3.2.1703 heiter det at han er "henveed 90 aar gammel" (digital utgåve)
  2. Lampe 1896
  3. I eit klagebrev 29.5.1655 heiter det at han er prest "nu paa det fierde aars thids" (Jostedal historielag)
  4. Brev frå Jens Bjelke 28.10.1636 med påskrift av Ove Bjelke 3.5.1653 (Jostedal historielag)
  5. Supplikk 29.5.1655 med påskrift av Ove Bjelke 23.1.1656 (Jostedal historielag)
  6. Klagebrev frå Tøger Jensson (mars 1664) (Jostedal historielag)
  7. Brev frå Tøger Jensson 9.8.1664 med påskrift av Titus Bülche 13.8.1664 (Jostedal historielag)
  8. Brev frå Tøger Jensson 20.2.1667 med påskrift av Georg Reichwein 6.6.1667 (Jostedal historielag)]
  9. Synfaringsdokument 6.1.1656 (Jostedal historielag)
  10. Synfaringsdokument 2.10.1660 (Jostedal historielag)]
  11. Henrik Nitters prestesøknad 3.2.1703 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)


Forgjengar:
 Otto Hansson Ravn 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Henrik Nitter