Tøger Larsson Kronen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 13. des. 2010 kl. 18:25 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''[Tøger Larsson Kronen]] (fødd 10. april 1843, død 11. juli 1909), var frå garden Kruna i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av gardbrukar og or…)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

[Tøger Larsson Kronen]] (fødd 10. april 1843, død 11. juli 1909), var frå garden Kruna i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av gardbrukar og ordførar Lars Tøgerson Kronen og Kirsti Pedersdotter.

Tøger Kronen gifte seg 15. juli 1873 med Maria Larsdotter (1853-1908) frå Espe. Han fekk skøyte på heimebruket 17. oktober 1872 og dreiv heile garden fram til kring 1880. Då fekk truleg broren Nils hand om ein del av han, men frå 1894 dreiv Tøger heile garden att.

Tøger tok til med landhandel på Kruna, truleg kring 1880, og dreiv verksemda til han døydde i 1909. Han var òg breførar og dreiv Kronen turiststasjon i stova på Kruna. Denne verksemda vart ført vidare etter at han døydde.

Tøger Kronen var den siste private kyrkjeeigaren i Jostedalen. Han åtte 1/12 av kyrkja og må ha fått hand om eigarparten før ca 1860. Kommunen kjøpte eigarparten på 11/12 av kyrkja i 1891, men lukkast aldri å få hand om eigarpaten til Tøger Kronen. Det skjedde fyrst i skifteoppgjeret etter han i 1909.

Tøger og Maria fekk seks born:

  • Lars Tøgerson Kronen (1874-1940), som utvandra til Amerika og seinare dreiv forretningar i Kristiania og Gjøvik
  • Laura Kirstine Tøgersdatter Kronen (1876-1945), gift med gardbrukar Peder Pederson Grov
  • Ingeborg Marie Kronen (Maria Tøgersdotter) (1878-1965), gift med bardbrukar Tøger Pederson Kronen
  • Laurits Tøgerson Kronen (1891-1969), lærar og ei tid gardbrukar på Kruna
  • Gjertrud Tøgersdotter Kronen (1893-1982), gift i Hurum

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 822. (Digital utgåve, NBdigital)