Tøger Ottoson Snøtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 11:38 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Tøger Ottoson Snøtun (fødd kring 1700, død kring 1760) var frå garden Sperla i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av gardbrukar Otto Olson Sperla (ca 1660-ca 1718) og Kari Olsdotter (ca. 1664-ca 1730) frå Nedrelid.

Tøger gifte kring 1725 med Gunnhild Andersdotter frå Snøtun, og dei tok over garden etter far hennar Anders Knutson Snøtun kring 1725. Tøger vart fyrste sjølveigaren på Snøtun då han 25. oktober 1757 kjøpte garden av Gerhard Munthe (sjå òg Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Frå 1734 til 1758 var han lensmann i Jostedalen. Jon Laberg (s. 59) meiner at han "rådde heldest som ein herse i dalen". Særleg kom han i ein kvass og langvarig strid med sokneprest Matthias Foss, som mellom anna kom for dagen gjennom eit par prosterettssaker.[1]

Som lensmann møtte Tøger på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.[2]

Tøger var bror av Anna Ottesdotter, som var gift med klokkar Ole Knutson Grov.

Tøger og Gunnhild fekk fem born i lag:

Notar

  1. Prosterettssakene (1745-1761) (Jostedal historielag)
  2. Skulefundasen 1741, Jostedal historielag

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 851. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Sjur Anderson Åsen 
Lensmenn i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Otto Tøgerson Snøtun