Talla (Dale)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 07:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Sogn og Fjordane» til «fylke = Vestland»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Talla
Alt. namn: Talle, Tadla
Stad: Dale
Sokn: Dale
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 55

Talla (Talle, Tadla) (Luster, gnr. 55) er ein matrikkelgard i Dale sokn i Luster kommune.

Kring 1608 vart Talla sete for den mektige Heiberg-ætta i Sogn. Ein av stamfedrane til Heiberg-ætta, Søren Lauritssen, kom til garden som leiglending og kjøpte mellom 1619 og 1627 heile garden. Han var ein stor jordeigar og var 1633-34 fut i indre Sogn.

Seinare vart Talla sorenskrivargard. Gjert Heiberg budde her frå han vart utnemnt til sorenskrivar i 1688 til 1690. Sorenskrivar Georg Burckard Jersin budde på garden frå 1729 til 1746. Etterfølgjaren hans, Abraham Hesselberg, budde her til 1749, og det gjorde truleg òg hans etterfølgjar, Iver Randulf.

Otto Tøgerson Snøtun, tidlegare lensmann i Jostedalen, flytte til Talla i 1776

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 124ff.
  • «Fute- og sorenskrivargarden Talle», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  • «Talla», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane