Teledølen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2018 kl. 09:39 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Teledølen sitt trykkeri- og forretningslokale på Notodden vart bygd i 1930.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Teledølen var ei avis med nedslagsfelt på Notodden og Aust-Telemark. Bladet kom fyrste gongen ut våren 1905.

Historikk

Teledølen vart grunnlagt av Ola Storeng (1881–1943) våren 1905. Avisa var omtrent jamgamal med Norsk Hydro som året før hadde etablert seg på Notodden. Det var Norsk Hydro som frå byrjinga gav støtte til avisa, og som gjorde at den voks i omfang utover 1900-talet. I byrjinga var Teledølen ein femspalta liten lapp som kom ut to gonger i veka. Etterkvart vart avisa publisert tre gonger i veka, før ho vart eit dagblad i 1913. Dagbladet verka som eit annonseringsorgan for bedriftene i Aust-Telemark, særleg på Notodden.

I 1916 solgte Storeng avisa til redaktør Olav Eide som i 1918 solgte ho vidare til forretningsførar Halvor Kise og boktrykkar Kr. Ormestad. Ormestad solgte i 1926 sin halvpart i avisa til Halvor Kise og Karl Eide som etter dette verka som omsynsvis disponent og redaktør på 1940-talet.

Under andre verdskrigen blei Teledølen underlagt streng kontroll frå okkupasjonsmakta. I 1941 blei avisa bøtelagd og ilagd utgivingsforbod i ein månad – mellom anna for å ha skrive ein kritisk artikkel om tyskarane som kjøpte hestar i Heddal. Seinare blei avisa påtvinga ein NS‑utnemnd politisk redaktør. Som eit ledd i styresmaktene si presserasjonalisering blei Teledølen slått saman med Telen i 1943. I praksis var dette jamgodt med ei nedlegging, ettersom den samanslåtte avisa skulle bere namnet til Telen og skulle produserast av personalet i Telen.

Frå 1945 starta Teledølen opp att, men greidde ikkje å ta tilbake sin tidlegare posisjon i byen. Det var vanskeleg å halde på tidlegare abonnentar og annonsørar, og ved utgangen av 1973 var det ugjenkalleleg slutt.

Avisa var i hovudsak eit organ for Venstre, men i avisa sitt siste leveår vart det forhandla med både Venstre og Senterpartiet for å koma fram til ei avtale om vidare utgivelse.

Arkiv

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Oppføring på arkivportalen.
  • Norsk presses historie 1660–2010, band 4, Universitetsforlaget 2010 (Via Allkunne).