Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund vart stifta ved eit møte på Akkerhaugen i Sauherad den 29. juni 1928. Krinsen skifta seinare namn til Telemark Krets av Norges Husmorforbund. Laget var ei lokalavdeling av Hjemmenes Vels landsforbund, i dag kalla Norges Kvinne- og familieforbund.

Samanslutning i Telemark kreds

Ved stiftingsmøtet møtte det representantar frå fylgjande krinslag i organisasjonen:

Frå Hjemmenes Vel (Sauherad) prostinne Jervel og Ingeborg Jonsås, frå Hjemmenes Vel (Kragerø) Bredsdorff, frå Hjemmenes Vel (Skien) Kristoffersen og Koren Lund, frå Hjemmenes Vel (Rjukan) Olaussen og Madsen (kasserer), frå Hjemmenes Vel (Notodden) Iversen, Helga Bentsen og Maren Anderssen. Hjemmenes Vel (Porsgrunn), Hjemmenes Vel (Drangedal), Hjemmenes Vel (Kroken) og Hjemmenes Vel (Attrå) meldte forfall.

Skien-Langesundgruppen av Norges Husmorforbund

Ved krinsstyremøtet for Telemarks-krinsen på Akkerhaugen den 27. juni 1953 vart det bestemt ei ny gruppeinndeling, og Skien-Langesundgruppen av Norges Husmorforbund vart oppretta. Gruppa omfatta Husmorlaget for Skien og Omegn, Gimsøy og Graaten Husmorlag, Skotfoss Husmorlag. Holla Husmorlag vart samstundes oppretta og vart lagt under den same organiseringa. Konstituerende gruppemøte vart halde like etter krinsmøtet. Tilstades på møtet var m.a. Gudrun Cappelen, Astrid Bjercke Hansen, fru Hammer-Tollefsen Gimsøy, Frida Herum og Elise Blakstad.

Arkiv

Arkivet etter Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen. Arkivet etter Skien-Langesundgruppen av Norges Husmorforbund er ordna ved same bevaringsinstitusjon. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Oppføring om Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund på arkivportalen.
  • Oppføring om Skien-Langesundgruppen av Norges Husmorforbund på arkivportalen.