Telemarksarkivet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 09:27 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Telemark fylke» til «Kategori:Vestfold og Telemark fylke [[Kategori:Telemark»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Telemarksarkivet, logo
Foto: Telemarksarkivet.no

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.


Historikk

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.

Arbeidsoppgåvene

Arkivarane i Telemarksarkivet samarbeider om å skape eit «heilskapleg samfunnsminne» gjennom bevaring av privatarkiv. Medan ein i det offentlege er lovpålagt å ta vare på arkiva sine gjennom arkivlova, står ein i private føretak fritt til å kassere arkiv. Slik kan viktig historie gå tapt for ettertida. Telemarksarkivet tilbyr mottak av arkiv dersom ein har kapasitet, og arbeider etter arkivfaglege retningsliner.

Hausten 2016 sette Telemarksarkivet i gang prosjektet "Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark – utvikling av ei wiki-basert tilnærming".

Organisering

Telemarksarkivet si styringsgruppe består av direktørane frå dei tre musea. Dag Rorgemoen frå Vest-Telemark Museum er styreleiar. I tillegg er Statsarkivet i Kongsberg representert med ein representant.

Arbeidsgruppa består av arkivarar frå dei tre musea. Kjetil Djuve frå Norsk Industriarbeidermuseum er koordinator.

Arkiv

Dei tre musea har per 01.11.2016 over 3 300 hyllemeter arkivmateriale, og meir enn 1100 arkiv er publisert på arkivportalen. Oversikta over arkiva kan studerast i lista over privatarkiv frå Telemark.

Attmed dei privatarkiva som er registrert i Asta, eksisterer det ei rekkje andre institusjonar osm ikkje nyttar Asta som registreringsverkty. Oversikta over arkiva frå desse institusjonane kan studerast for kvar einskild eining:

Fotosamlingane

Samla har dei tre musea i Telemarksarkivet meir enn 3 350 000 foto. Mange av desse er publisert på Digitalt Museum. Oversiktene over fotosamlingane kan studerast for dei einskilde musea:

Norges dokumentarv

Frå Telemark har fleire arkivstykke hamna på Norges dokumentarv-liste:

  • Revolusjonsfanen frå Rjukan. - Norsk Industriarbeidermuseum.
  • Svarteboka frå Rjukan Salpeterfabriker, 1911-1926. - Norsk Industriarbeidermuseum.
  • Slekten Aalls arkiv frå Ulefos Hovedgaard, 1665 - 1955. - Telemark Museum.
  • Telemarkskanalens arkiv, ca. 1850 - ca. 1980. - Statsarkivet i Kongsberg.
  • Vinjeboka ca. år 1500. - Stiftelsen Oslo Katedralskole.

Lenkjer