Thekla Resvoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Thekla Resvoll – legg merke til tollekniven i beltet, som var typisk for ho.
Foto: Axel Leverin (1890-åra).
Dette biletet av Thekla Resvoll og ektemannen Andreas Holmsen vart teke av Marie Rosenland i hennar studio i Skien, etter ein skitur i Telemark. Det reknast som det eldste norske fotografiet av ei kvinne i bukser.
Foto: Marie Rosenland (1896).

Thekla Susanne Ragnhild Resvoll (fødd 22. mai 1871 i Vågå, død 14. juni 1948 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Hanna Resvoll-Holmsen ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget.

Slekt og familie

Ho var dotter av bankkasserar og seinare kopist i Justisdepartementet Hans Resvoll (1823–1908) og Julie Martine Deichman (1831–1902). Mora var av slekta Deichman, og var etterkomar av biskop Bartholomæus Deichman.

Den 4. oktober 1895 vart ho gift med bergmester Andreas Holmsen (1869–1955), som var son av hyttemester Hans Elias Peter Andreas Holmsen og Hilda Stengel. Gjennom dette ekteskapet vart søstera Hanna òg svigerinna hennar, for ho vart gift med Andreas Holmsen sin bror statsgeolog Gunnar Holmsen.

Liv og verke

Ho vaks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Då ho var sju år gamal flytta familien til Kristiania.

I 1892 tok Thekla Resvoll realatrium som privatist. Ho var så guvernante hos statsråd Vilhelm Andreas Wexelsen i Stockholm i eit års tid. Så byrja ho studere realfag ved Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania, der ho fekk undervisning av mellom anna botanikaren Axel Blytt. I 1899 tok ho hovedfag i botanikk, og i 1902 fekk ho stilling som amanuensis ved Botanisk laboratorium. Ho tok doktorgrad med avhandlinga Om planter som passer til kort og kold sommer i 1918.

Nettopp plantene som passar til korte og kalde somrar var viktige for ho, og ho gav eit viktig bidrag til forskinga på fjellplanter som lev under ekstreme forhold. Fokuset på planteindividet var noko særprega, for dei fleste botanikarar såg meir på vegetasjonsutforminga. Men i seinare tid har metoden hennar fått nytt liv, ikkje minst i samband med forsking på korleis planter svarar på klimaendringar. Kjærleiken til fjellheimen hadde ho med seg frå barndomen i Vågå, og ho var ofte ute i feltarbeid. I 1923–1924 var ho eit halvt år i feltarbeid på Java, der ho mellom anna kunne påvise at den indonesiske eika fekk vinterknoppar, eit trekk treet har frå tempererte klima, og som ikkje er naudsynt i det subtropiske klimaet på Java. Ho fekk laga ein fjellhage ved Kongsvoll stasjonDovre, som nå er flytta til rett sør for Kongsvoll fjellstue.

Ei litt spesiell historie kring Thekla Resvoll er at ho er den første kvinna vi veit om som vart fotografert med bukser. I 1896 var ho og ektemannen hjå Marie Rosenland i Skien, etter ein skitur i Telemark, og Rosenland tok biletet (sjå til høgre). Medan fjellpioneren Therese Bertheau på same tida gjekk i korte skjørt i fjellet, og så tok på seg lengre skjørt når ho nærma seg bustader, var Thekla Resvoll meir pragmatisk og tok på seg bukser når ho var i fjellet.

Ho bidrog med tekster om plantelivet i tretten fylke i Amund Helland sitt verk Norges land og folk, og ho skreiv ofte populærvitskaplege tekstar i dagspressa. I Vinterflora frå 1911 forklara ho korleis ein kan kjenne att tre og busker om vinteren.

Ved sidan av arbeidet på laboratoriet var ho aktiv i kvinnesaka. Ho var med ei leiinga i Kvindestemmeretsforeningen i fleire år, og ho var første leiar i Kvindelige Studenters Klub. Resvoll vart i 1923 den tredje kvinna som vart valt inn i Videnskabsselskabet i Kristiania, no Det Norske Videnskaps-Akademi.

I 1936 gjekk ho av for aldersgrensa, etter meir enn tredve år som lærar og forskar ved Botanisk laboratorium. Det var Resvoll som bygde opp undervisninga i planteanatomi og -morfologi.

Etter at ho gjekk av fekk vener og elevar oppretta eit fond i hennar namn. Ved fjellhagen på Dovre står det eit minnesmerke over ho, som vart reist i 1953.

Litteratur