Thor Bakken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. aug. 2018 kl. 08:56 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Kjøpmenn» til «Kategori:Handelsfolk»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Thor Bakken (fødd 21. januar 1882, død 2. april 1966) var kjøpmann i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå garden Bakken, og foreldra var gardbrukar og ordførar Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917) og Kari Johnsdotter (1843-1933) frå Bakken.

Thor Bakken gifte seg 17. oktober 1902 med Anna Dorthea (Thea) Yttri (1833-1966). Han tok til med handelsverksemd på Gjerde kring 1905 (sjå Thor Bakkens Ettf) og styrte handelsverksemda til sonen Kristen Bakken tok over i 1954.

Thor Bakken var telefonstyrar frå stasjonen på Gjerde opna 19. desember 1941.

I 1954 flytte Thor og Thea inn hjå sonen Knut på Nybø under Ytri. Kring 1964 flytte dei så fram til dottera Anna på Fjellheim.

Thor og Thea fekk i alt ti born:

  • Anders Bakken (1903-1903)
  • Kari Bakken (f. 1904), utvandra til Amerika
  • Anders Bakken (f. 1907), utvandra til Amerika
  • Knut Bakken (1909), gardbrukar på Nybø under Ytri
  • Maria Bakken (1911-1953), gift 1) med John Sperle og 2) Georg Fossøy
  • Borhild Bakken (f. 1914), gift med Olav Kreken
  • Anna Bakken (f. 1918), gift med pensjonateigar Lars Kreken på Fjellheim
  • Kristen Bakken (f. 1920), som tok over handelsverksemda på Gjerde
  • Agnes Bakken (1924-1982), ugift
  • Nils Bakken (f. 1929), lastebileigar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 378 og 794-795. (Digital utgåve, NBdigital).

Eksterne lenkjer