Time historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen.

Time historielag i Time kommuneJæren ble vart stifta 14 februar 1980 som Time historie- og ættesogelag. Laget bytta seinare til det noverande namnet. Historielaget «har til føremål å fremja interessa for slekt- og lokalhistorie, registrere, samla inn og ta vare på alt som er viktig for soga til Timebygda».

Ved oppstarten i 1980 var det 35 medlemar, medan medlemstalet i 2019 låg på 250.

Leiarar

  • 1980/1981: Signy Gro Hansen
  • 1982/1983: Rolf Lye
  • 1984/1987: Erling Sundvor
  • 1988/1989: Roald Ørbeck Undheim
  • 1990/1991: Liv Markhus
  • 1992/1993: Solveig Hadland
  • 1994/1995: Erling Sundvor
  • 1996/1998: Signy Gro Sæland
  • 1999/2000: Sverre Bryne
  • 2001/2005: Mia Mossige Bjånes
  • 2006/2011: Ragnvald Slettebø
  • 2012-: Tarald Oma

Hovudaktivitetar

Laget driv med opplysingsarbeid om historia i Time gjennom ti medlemsmøte i året (100-150 deltakarar på kvart møte), ein sumartur og ei historisk vandring kvart år.

Historielaget har eit møte i året i samarbeid med kyrkja der det er fokus på viktige historiske hendingar og personar. Det kjem om lag 400 på desse fellesmøta.

Publikasjonar

  • Historisk årbok for Time, sidan 2012. Boka er på 180 sider.
  • Håland, Sjur: Varmen frå myra – torvskjæring på Jæren. Ueland Historiske Forlag 2015, i samarbeid med historielaga i Klepp, Time og Hå og Time Bygdemuseum. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer