Tinghaug (Gvarv)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 09:26 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Telemark fylke» til «Kategori:Vestfold og Telemark fylke [[Kategori:Telemark»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tinghaug, ved Gvarv i Sauherad, er en historisk tingstad i Gamle Grenland, som omfatta bygdene Saude, Nes, Holla, Lunde, Bø, Drangedal, Heddal og Solum med Melum rundt Norsjø i Midt-Telemark. I dag er dette kommunane Sauherad, Nome, , Drangedal og deler av kommunane Notodden og Skien).

Staden har vore bygdeting, fyrst allting, seinare sendemannsting og skipreideting frå jernalder til mellomalder (ca 500 f.Kr – 1500 e.Kr.). Bygdene kring Norsjø møttest her til lovgjeving, rettsavgjerd og kunngjering for allmugen som samlast på Tjodvallsletta nedanfor Tinghaug.

Småkonge/høvding Harald Grenske blei fostra opp i Grenland hjå lendmann Roar den Kvite. Harald Grenske og Åsta Gudbrandsdotter fekk sonen Olav Haraldson Digre som fall på Stiklestad i 1030 og blei kanonisera som Olav den heilage.

I Kongebrevet av 1591 fekk lensherrane lov til å tilsette eidsvorne skrivarar ved bygdetinga, og Grenland fekk sin fyrste i 1593, Baltzer Jenssen. Han var den fyrste i ei lang rekke sorenskrivarar ved Nedre Telemark Sorenskrivarembete på Gvarv, som blei nedlagt i 2008.

Kilde

Teksten er henta frå tavla ved Tinghaug ved Gvarv