Tingvoll kommune

Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trangfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune grensar til Sunndal kommune i søraust. Elles er han omgjeven av kommunane Aure i nord, Heim i nordaust, Surnadal i aust, Molde i sørvest, Gjemnes i vest og Kristiansund i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya.

Tingvoll
1560 Tingvoll komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1560
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Tingvoll
Areal 336.62  km²
Areal land 321.65  km²
Areal vatn 14.97  km²
Folketal 3 031 (2023)
Målform nøytral
Nettside Nettside
Landskap ved Tingvollfjorden.
Foto: Halvard Hatlen

Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, har gjeve namn til kommunen. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.

Geografi

Tingvollhalvøya er fire mil lang og om lag tjue km² i flatemål. Halvøya når ikkje inn i fjella i Trollheimen, og heller ikkje ut til storhavet.

Topografi

Tingvoll ligg på ei stor halvøy som strekkjer seg frå fastlandet mot havet i retning nord-nordvest. Halvøya har høge fjell, men er gjennomskoren på tvers fleire stader med dalsøkk og eid som bind landet saman og skaper ferdselsårer mellom fjella.

Tingvollhalvøya har fleire fjelltoppar på meir enn 1 000 meter over havet. Smisetnebba er det høgaste punktet i kommunen med sine 1 175 meter over havet. I midtre del av halvøya er Høgfjellet med sine 689 moh. det høgaste. I gamle Straumsnes er Valfjellet med 528 moh. høgast. Men Magnhildberget helt nordlegast på halvøya er det mest karakteristiske og eit kjennemerke i landtoninga, synleg langt til havs. Bratte fjellsider som stuper rett i fjorden er karakteristisk for landskapet mange stader i Tingvoll kommune. Slike stader gjer landverts kommunikasjon vanskeleg og hemma lenge vegbygginga.

Ved Straumsnes bør tre øyar nemnast. Den største er Aspøya, som ligg ytst i Tingvollfjorden. Mellom Aspøya og Straumsnes ligg ein poll med namnet Karihavet. På eine sida er Karihavet stengt av eit smalt eid, og på andre sida er det ei trong opning mot Tingvollfjorden. I 1901 vart Nålsundkanalen gjennom eidet opna.

Dei to andre øyane er Årsundøya og Langøya. Begge desse ligg nordom sjølve Straumsnes, mot Talgsjøen.

 
Aspøya sett frå Torvikbukt.
Foto: Halvard Hatlen

Fjordar og vatn

Tingvollhalvøya er mesta heilt omgjeven av lange og djupe fjordar. Dei skjer gjennom landet frå havet og inn mot fjella i nabokommunane. På vestsiden av halvøya ligg Tingvollfjorden, som fortsett mot sør under namnet Sunndalsfjorden. På austsida av halvøya ligg Halsafjorden og Trangfjorden, som fortsett mot sør under namna Stangvikfjorden, Todalsfjorden og Ålvundfjorden. I nordvest ligg Freifjorden, og i nord Talgsjøen. Fjordane var tidlegare einerådande som kommunikasjonsårer gjennom landskapet. Det var sjøen og fjordane som batt bygdelaga på Nordmøre saman og gav dei identitet.

Det finst fleire vatn i Tingvoll kommune. Storvatnet i Straumsnes er størst, og dette er drikkevassskjelde for Kristiansund kommune. Bergemsvatnet var lenge prega av ureining frå landbruk.

Rimstadelva renn frå Stølsvatnet til Tingvollvågen. Elva gav kraft til kverner, sagbruk og ein ullvarefabrikk.

Klima

Tingvoll har mindre nedbør enn kystlandskapet lenger nord og mindre kulde enn innlandsbygdene lenger sør.

For perioden 19601990 var juli gjennomsnittleg den varmaste månaden med 13,6 °C, mens januar var kaldast med -1,6 °C. September var i same perioden den mest nedbørsrike månaden med gjennomsnittleg 141 mm, mens mai var tørrast med 51 mm nedbør. Målestasjonen ligg på Hanem i Tingvoll kommune.

Geologi

Dyreliv

Hjort og rådyr finst ofte i flokkar i Tingvoll kommune, og elgen trivst stadig betre. Bestanden av rev, villmink og røyskatt er stor, og grevling finst òg. Rype, tiur og orrfugl er nokså vanlege. Oter og mår er heller ikkje sjeldne syn. Gaupe kan ein stundom sjå far etter, men dette er berre streifdyr.

Av rovfugl kan nemnast kongeørn og havørn. Det finst òg hønsehauk, spurvehauk, dvergfalk, tårnfalk og fjellvåk.

Flokkar av sangsvanar og gjæser kjem innom Tingvoll kvart år, medan traner hekkar årleg i kommunen. Ærfugl er det store flokkar av.

Tingvollfjordane får stundom besøk av niser.

Naturvern

Det finst to naturreservat og sju landskapsvernområde i kommunen; dei fleste av desse er i ytre delen av kommunen.

Historie

På Straumsnes er det funne fleire fosnabuplassar frå eldre steinalder. Bergmåleria på Hindhammaren og arkeologiske funn tyder på at det har budd folk på Tingvoll langt tilbake i historia. På Aspa er det høge bautasteinar.

Det er gravrøyser frå vikingtida på Røttingneset og andre stader.

Tingvoll ligg sentralt til på Nordmøre, og stadnamnet Tingvoll blir oftast teke til inntekt for at dette har vore tingstad for Nordmøre. Ein trur at den gamle tingstaden låg der Tingvoll kyrkje står.

Aspa-ætta, som blant anna fostra erkebiskop Olav Trondsson, hadde hovudsete på gardane Aspa og Boksaspa i mellomalderen.

Trelast og trevarer

Frå 1500-talet vart det eksportert store mengder trelast frå fjordbygdene på Nordmøre, inkludert frå Tingvoll. Oppgangssager har det vore mange av langs fjordane.

Dei viktigaste kundane var lenge nederlandske kjøpmenn, og dei henta trelast i Noreg med eigne fartøy. 1600-talet blir gjerne kalla hollendartida i nordmørshistoria. Samtidige nederlandske kart over Noreg viser at dei var interesserte i mange småe stader langs fjordane. Lille-Fosen vart etablert som ladested på denne tida, med tollstasjon som skulle kontrollere verksamheitA.

Kring 1900 var det eit større sagbruk på Meisingset, Nordmøre Trelastforetning og Dampsagbruk hadde over hundre tilsette. Sagbruket brann i 1904. Nordmøre Bruk vart seinare etablert like ved og hadde sytti tilsette. Trelasta gjekk til eksport og vart transportert sjøvegen.

På 18- og 1900-talet har stavskurd (skjering av tynnestav) vore ei viktig verksamheit på mange sagbruk i Tingvoll. Desse tynnestavane vart dels bruka i lokale bedrifter, dels selt til tynnefabrikkar og bøkkerar i byane og fiskeridistrikta.

Det var tynnefabrikkar i Tingvoll, Flemma og Angvik.

I Angvik vart det etablert møbelfabrikk i 1906. Denne fabrikken utvikla seg til ei stor verksamheit og er framleis i drift.

Prestegjeld på Tingvollhalvøya

Det var fjordane som var ferdselsårene mellom gard og grend på Nordmøre før 1900-talet. Vegane førte frå gardstunet til sjøen der naustet og eventuelle andre sjøhus stod plasserte. Klinkbygde, opne båtar var hovudframkomstmiddelet. Der det var større bygder kunne mange ha sjøhusa sine samla i éi naustrekkje der det var eigna terreng og ein lun våg. Kyrkjevegen kunne gå langs fjorden, eller på tvers av fjorden.

Det var fjorden som bandt eit kyrkjesokn saman. Tingvollfjorden var kyrkjeveg for dei fleste som hørte til Tingvoll kyrkje. Angvik og Flemma på sørsida av fjorden hørte til Tingvoll.

Austsida av Tingvollhalvøya, Torjulvågen, Vågbø og Meisingset, var knytta til austsida (eller nordsida) av fjorden. Ein del av Meisingset hørte til Stangvik sokn. Nordvestsida av Aspøya hørte til Frei sokn.

Frå sjøveg til landeveg

Vegar og ferjesamband vart i første omgang utbygde for å supplere den sjøbaserte kommunikasjonsstrukturen som fanst frå før. Men vegane og biltrafikken førte med seg eit anna samferdselsmønster som i sin tur kom til å leie til store endringar av kommunegrensene under kommunerevisjonen i 1960-åra.

I 1927 fekk Tingvoll vegsamband til Sunndalsøra og vart dermed knyta til vegsystemet i resten av landet.

Gylhamrane skapte lenge eit skilje mellom sør og nord på Tingvollhalvøya. Først i 1929 vart det kjørbar veg forbi Gyl.

Ferjesambandet Angvik–Tingvoll vart etablert i 1929 og nedlagt kring 1980. Det har òg vore ferjedrift på strekningane Fjøseid–Eidsøra og Flemma–Gyl.

Med vegar og bilferjer erstatta rutebilane dei gamle dampbåtrutene langs fjordane. I 1929 vart det etablert bilrute til Molde.

Kommunehistorie

Grensene for Tingvoll prestegjeld låg til grunn for opptrekkinga av formannskapsdistriktsgrensene i 1837. På den tida var det først og fremst fjorden og sjøvegen som batt saman, medan landevegen var mindre viktig. Tingvoll formannsskapsdistrikt og seinare Tingvoll kommune låg på begge sidene av Sunndalsfjorden, mens store deler av austsida av Tingvollhalvøya låg til nabokommunane der. Den delen av Tingvoll kommune som låg på sørvestsida av Sunndalsfjorden vart kalla Sørlandet eller Tingvoll Sørland. I 1866 vart Straumsnes, den ytre delen av Tingvollhalvøya, utskilt som eige formannsskapsdistrikt.

Den 1.januar i 1964 vart det store omleggingar av kommunegrensene på Nordmøre. Transporten var i stor grad lagt om til landtransport, så dei nye kommunegrensene vart trekte langs fjordane heller enn langs fjell og utmark. Den delen av Tingvoll som lå sørvest for Sunndalsfjorden vart overført til Gjemnes kommune. Til gjengjeld vart Straumsnes kommune samanslegen med Tingvoll att. I tillegg vart Aspøya overført frå Frei kommune og gardane Åsprong–Sandnes vart overført frå Stangvik kommune.

Samfunn

Folk

Tettstader og bygdesenter

Tingvollvågen er administrasjonsstaden for kommunen og den einaste staden i Tingvoll kommune som har stort nok folketal til å bli regna som tettstad av SSB. Kring ein tredel av innbyggjarane i kommunen bur i kommunesenteret kring Vågen, som er det lokale daglegnamnet på Tingvollvågen. Butikksenteret og samvirkelaget er dei sentrale møteplassane. Her finst det dessutan sparebank, bokhandel, kunstgalleri og ein kafé i tillegg til kommunehus og helsesenter. Sør for vågen ligg Sellgrens Veveri, den største industriarbeidsplasen i kommunen. På Stykkesflata sørom sentrum er det òg fleire butikkar.

Meisingset er eit bygdesentrum lenger sør i kommunen, mot grensa til Sunndal kommune.

Torjulvågen er den største bygda ved sørvestsida av Halsafjorden. Dette er ein av dei mange strandstadene som var sentrale den gongen dampbåtane trafikkerte fjordane, men som har vorte meir avsides etter at vegtrafikken tok over.

På Straumsneset mangla det lenge eit markert sentrum, men ved den nye riksvegen, på Einset på Aspøya, har det utvikla seg eit nytt senter med butikkar.

På sørvestsida av Tingvollfjorden ligg dei gamle bygdesentra Angvik og Flemma. Desse er ikkje lenger innanfor Tingvoll kommune, men har ligge i Gjemnes kommune sidan den 1. januar 1964.

Politikk

Ideologi og politiske parti er ikkje det som først og fremst pregar politikken i Tingvoll kommune. Særinteressene til dei ulike bygdelaga i kommunens er derimot meir synlege.

Kyrkjer

 
Tingvoll kyrkje

Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200. Kyrkja vart restaurert i 192829. Det mest uvanlege trekket ved Tingvoll kyrkje er gangsystemet inni murane — eit trekk som truleg er inspirert av klerestoria på større katedralar og som er uvanleg for ein vanleg soknekyrkje.

Straumsnes kyrkje ligg på Grimstadhøgda, ved vegen frå den gamle ferjestaden Kvisvik. Kyrkja er av tømmer og vart bygd i 1864.

Langøy kapell ligg på Langøya nordom Straumsnes og vart oppført i 1935.

Andre trussamfunn

Skular

Tingvoll vidaregåande skole (TVS) er den eldste distriktsskulen på Nordmøre. Møre og Romsdal fylke har fleire gonger føreslege nedlegging av TVS, men med store protestar lokalt kvar gang dette har vore aktuelt. I skuleåret 2005/2006 hade skulen kring 150 elevplassar, eit varierande tal kursdeltakarar og ring 40 tilsette. Skulen er med dette eit hjørnesteinsføretak for Tingvoll kommune.

Media

Tingvoll ligg midt mellom Kristiansund og Sunndalsøra, og aviser frå begge desse stadene blir lesne i kommunen. Tidens Krav kjem ut i Kristiansund og Aura Avis og Driva kjem ut på Sunndalsøra.

Næringsliv

Sellgrens Veveri driv med produksjon av møbelstoff og er den største industriarbeidsplassen i kommunen med kring 40 tilsette. Dette førtaket er ei vidareføring av Tingvolds Uldvarefabrik, som vart etablert i 1898.

Landbruket er framleis ei hovudnæring i kommunen, og kulturlandskapet er prega av dette.

Kultur

Museum

I Tingvollia ovanføre Tingvollvågen ligg Tingvoll museum, som vart etablert i 1954 som lokalmuseum for den gamle delen av Tingvoll kommune, medan Straumsnes bygdemuseum dekkjer den tidlegare Straumsnes kommune på ytre delen av halvøya. I Straumsnes held også kystlaget Straumsnes utrorslag til.

Idrett

Ord og våpen

Gardsnavnet Tingvoll saman med den geografiske plasseringa ved tyder på at staden har vore tingstad og kanskje den sentrale staden på Nordmøre heilt frå forhistorisk tid. Folk langs Tingvollfjorden, Sunndalsfjorden, Batnfjorden og Kvernesfjorden kunne ta seg fram til Tingvoll med båt, og folk som sokna til Halsafjorden, Stangvikfjorden og Ålvundfjorden kunne ta seg fram til Vågbø med båt. Herifrå var det nokre kilometer til fots over eidet til Tingvoll.

Kommunevåpenet for Tingvoll er fem grøne eikeblad på sølvbotn. Tingvoll er den nordlegaste staden med eikeskog i Noreg og ligg ikkje langt frå nordgrensa for vill eik på Edøya i Smøla kommune.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i kommunen er kyrkjetunet som tingstad. Det blir hevda at den gamle tingstaden låg der Tingvoll kyrkje ligg i dag, og Tingvollvågen med kommunehuset og det kringliggjande området blir rekna som vår tids tingstad. Mottoet for tusenårsmarkeringa var «Tingvoll som tingsted - fortid og framtid».

Området med kyrkjetunet, prestegardsalléen og kulturlandskapet vart opprydda og utbetra. Det vart blant anna laga veg frå kyrkjetunet ned til det gamle båttillegget ved Sørlandsporten, gangveg mellom Vågakaia og kyrkjetunet, og dessutan forlenging av gangvegen til Rimstad.

Verdt å sjå

Kulturminne

Hindhammaren ved Tingvoll ligg den største samlinga av bergmåleri i Noreg. Bergmålingane viser blant anna fisk og hjortedyr og er frå den yngre steinalderen. Dei kan vera opptil 5 000 år gamle.

Kjente personar

Kjelder og litteratur

Lenkjer


  Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Tingvoll» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i GNU Free Documentation License. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.