Tingvoll sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Tingvoll sogelag i Tingvoll kommune vart skipa i 1945, men formelt registrert 9. april 1949. Laget skal mellom anna «auka og spreida kunnskap om Tingvoll i farna dagar, verna om materielle kulturminne og berga frå gløymsla munnlege tradisjonar som enno finnst om liv og arbeid i eldre tid».

Medlemstallet har variert frå 150 og heilt ned til 0. Etter 2000 har det vore stabilt, men synkande. Laget har hatt bra drift så lenge styret har hatt leiarar. Møteboka frå 1945 til 1975 manglar, så viktige hendingar frå denne perioden er vanskelege å dokumentere.

Leiarar

  • Martin Lamvik 1945-1951
  • Jon Rimstad 1953-1971
  • Rolf Huus 1972-1974
  • Gustav Holmen 1974-1980
  • Oddmund Tveikra 1980-1996
  • Per Hoem 1996-1998
  • Gunnar Vatten 1998-2009
  • Arne Hagen 2011-2015
  • Alf Sollid 2019-

Andre sentrale personar

  • Rasmus Sørheim, sekretær og forfatter av mellom anna historien om Bergem skofabrikk.
  • Grete og Terje Ramsøy Halle, digitalisering av foto.
  • Arve Holmeide, har skrive av kyrkjebøkene frå 1867 til 1915.
  • Hans Hyldbakk, bygdebokforfattar.
  • Ottar Roaldset, bygdebokforfattar.

Publikasjonar

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).