Tispa/Lissjenotabåten

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 4. aug. 2022 kl. 11:24 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «orginal» til «original»)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk


Lissjenotabåten, Tispa
Egennavn: Lissjenotabåten, Tispa
Båttype Rogavl
Lengde 18,6 fot
Største bredde 6,2 fot
Byggeår Ombygd 1880, byggeår ukjent
Båtbygger: Ved ombygging 1881, notlaget. Som kyrkjebåt, ukjent
Framdriftsmidler: Årar: Som notgavl eitt par. Som kyrkjebåt to eller tre par)
Kommune Volda kommune
Lagstilhørighet: Austefjord Museumslag
Nåværende eier: Austefjord Museumslag
Holsvik notlag
Lissjenotabåten Tispa i Holsvik Notlag i Notanaustet på Bjørke b
Lissjenotabåten Tispa i Holsvik Notlag i Notanaustet på Bjørke c
Lissjenotabåten Tispa i Holsvik Notlag i Notanaustet på Bjørke d

«Tispa/Lissjenotabåten» er (2014) ein gavlbåt bygd i fure. Før 1881 ein spisstamna, lettrodd kyrkjebåt. Alternativa til kyrkjebåt til ombygging er to.

Etter ombygging frå spisstamna kyrkjebåt til gavlbåt med rull i dokker bak i 1881 brukt til Lissjenota i Holsvik notlag 62.059200° N 6.310400° Ø fram til 1963 då Holsvik notlag vart nedlagt. Lengd 5,83 m, breidd 1,89 m.

I båten er feste for hengsla spel på storetofta. Spelet er berre hengsla bak utan låsing framme, så det er nok ”dråtten” med ende i land framover som har gått på spelet. No (2014) tilpassa anna spel frå notlaget på Bjørke.

Etter notabruken var avslutta i 1963 vart lissjenotabåten reparert og var ei tid i Grøndalsvatnet på Grøndalen/Heggjadalen mellom Sunnmøre og Norfjord for å frakte gamle Skinvikstova innom vatnet til hytte. Kom tilbake til naustet sitt etter fraktoppdrag.

Ein gong på 1980-talet vart Lissjenotabåten saman med nøtene gitt vekk til Hjørundfjord kulturvernlagBjørke og stod i Notanaustet på Bjørke saman med notbåten frå Viddal til 2015.

2015 vandra den tilbake til Austefjorden til mellombels lager.

Alder

At båten kan oppnå høg alder samtidig med at den er mykje brukt kan virke rart.

Svaret er nok i dette tilfelle at den var ofte på land og fekk turke, dermed var både rote og makk ein mindre fiende enn når båten ligg i ”utfar” (til ankers).

Som kyrkjebåt stod den nok ”framme” (å stå framme tyder å stå på land. Har du naust står båten i naustet).

Som notbåt fram til 1943 stod båten framme når bomulls-/hampenota var hengd til turk. Ved jamn bruk vart ”nota hengd” helgane. 1943 vart Lissjenotanaustet snudd 90 grader og fekk bratt ”renne” (under kjøl) og” slabeit” (sidestøtte til båtside).

Det bratte framtrekket er eigentleg ein sjølvmotseiande konstruksjon men vart slik grunna praktisk tenkjing. Henrik Holsvik (1884 – 1996) som bodde nærast og hadde oppgåva å sjå etter båten når den låg ute og setje når han sjølv såg fisk eller nota vart ”ropt ut ” frå Sundalsåsen, sette eit vilkår. Heretter skal båten stå inne med nota i, klar til setjing i fiskesesongen. Dette vart løyst med eit stupbratt framtrekk/ slipp.

No fungerte det slik. Båten var klargjort til setjing med nota i og ”dråtten” (nota sitt landtau) var festa i naustet. Båten på slippen var festa etter bakenden i ein av ”betane” i naustet med tau med ”sløyfe” på, eine tauenden låg over rotofta. Ved ordre ”set” drog roaren ut ”sløyfa”, båten tok fart på renna, roaren stakk ut årane og rodde ”hvad remmer og tøi kunne holde” (som det heiter i eldre sjølitteratur).

Når nota var komen i båten att ”sette ein båten fram” att i naustet klart til neste ”kast”.

Det kunne gå ”så ymse”

Ei historie som gjekk att i notlaget var at ein dag med mykje konkuranse på Holsvika fekk Lissjenotalaget og eit konkurerande notlag ordren ”set” samtidig.

Notlova var klar. Den som fyrst fekk notenden i sjøen hadde rett til å fortsetje. Denne dagen gjekk alt på likt, ingen ville gje seg. Folket på land i begge notlaga ropte og vinka ”ro, ro” til sine. I Holsvikbåten var denne dagen to roarar, ein på kvar år på same tofta. Begge båtane prøvde å ”krøkje” inn om den andre.

Så langt som det no var kome var det båten som skar inn i kastet som truleg fekk fortsetje. Båtane traff stamn mot stamn midt på vika.

Roarane med ryggen til hadde ikkje fått noka åtvaring, så då det vart bråstopp og midt i eit kraftig åretak brotna eine åra. Roaren tippa baklengs utan kontroll og foten traff midt under nasa på andre roaren som sat spent midt i sitt åretak.

Det vart mykje blod og ein ”nær-døden-opplevelse”, men det gjekk bra til slutt. Der med vart det ei god historie.

Etter som tida gjekk var det ingen som hugsa kven som fekk ”kastet” eller om det vart fisk i det heile, men ”tilburen”/historia vart fortalt gong etter gong i mange ti-år.

Kva for ein kyrkjebåt, ombygging

Kva for ein kyrkjebåt er i botnen, og utgangsbåt for den ombygde gavlbåten ”Tispa”:

Svar får ein ikkje utan ein kan stadfeste kvar materialen frå original kyrkjebåt har vakse. Sjølv ved positivt utslag her på indre Norfjord kan ein ikkje vere heilt sikker. I fylgje Erling Bjørkedal (1930 - 2013) var smekre, lettrodde kyrkjebåtar ein spesialitet i indre Norfjord. Så Holsvik sin kyrkjebåt fram til 1880 var kanskje frå same staden, kven veit.

Den generasjon eigarar som avvikla Holsvik notlag i 1963 var tidlegast fødde 1894. Dei hadde munnlege overleveringar frå sine fedre som dreiv dette notlaget då denne ombygginga fann stad. Berre ein generasjon bør gi rimeleg sikker informasjon.

”Tispa” var; ”ein kyrkjebåt som var lagd ut yve og sett speiel i”. Altså ein lettrodd, lav kyrkjebåt med seks omfar (sjå naglehola etter framkeipane i sjette omfar)av (truleg) trerørings type som vart ombygd til rogavl med sju omfar og eitt årepar. Å sjå til, eitt av dei vanlegaste tiltaka for å få seg litt større (meir ”hollje” eller ”drektigare”) båt.

So sa dei:”Korleisinje jere enj de ? Jau, soleisinje”.

Kjøl, framstamn og dei tre nedste omfara er ikkje røyvde i høve til original båt. Spegel/gavl av to plankar er tilpassa på framsida av bakstamnen. Bakborda i omfar 4, 5 og 6 fram til original bordskøyt er bytte og tilpassa gavl. Så er 6. omfar, det originale ”kjempebordet skore yve” ned til halve nagleholet for framkeipane (halve naglehola for framkeipane syner framleis i 2014). Eit nytt omfar (nr. 7) blir ny rip eller ”kjempebord”. Den nye ”kjempa”/kjempebordet er heller smalt. Framstamnen var så høg frå før at den heldt på høgda. Bakstamnen er skoren til etter gavlen. Her er stikkordet tilpassing.

Kyrkjebåtane, Voldasoga b. II,1971

Forfattaren av Voldasoga b. II,1971, Per Årviknes har med eit interjuv med Sjur Førde (1877 – 1958) på s. 434 om kyrkjebåtane og nausta rett etter Austefjord kyrkje var ferdig 1879: Nøktern og pragmatisk informasjon (her nedkorta):

”Bjørnen”, vart knust.”Sprænå”, seld til fiskebåt (dermed truleg borda opp eit omfar). ”Siken”, rotna opp. ”Trykkjaren”, delt mellom eigarane (vart vel drivvegg på hus). ”Kuen”, rotna opp. ”Todå”, vart lokal fraktebåt hos kjøpmann Langvatn. ”Gussfar”, ombygd til notbåt i Haraldedal notlag. ”Tispå” i Holmen rotna opp.

Slik fortset den gode Sjur si forklaring om kyrkjebåtane ut gjennom fjorden. Båtlaga blir oppløyste og tilgjengelege verdiar omsette. Dei ”friske båtane” har verdi, dei som ”var åt å mjukna” i veden var ute.

Seinare opplysingar seier at sjølv i opprotne båtar var mykje energirik ved, fulltrekt av heimelaga tjøre. Slike restar varma godt under barkekaret.

Den av kyrkjebåtane som heldt ut lengst i trufast teneste var truleg ”Øyaormen” (litt spekulasjon, kva for ein kyrkjebåt dette kan vere er det ingen som veit), den bar preg av mykje ombygging og fekk truleg sitt tredje omfar med nytt ”kjempebord” ved innsetjing av ein av fyrste motorane mellom 1910 og 1920 og var i drift til ein gong ut på 1970-talet.

Samtidige kyrkjebåtar som gjekk ut av drift grunna kyrkje- og vegbygging og framleis var ”friske i veden” er nemnde fleire stadar som brukte til not-, frakt eller fiskebåtar. Dei fleste av desse har nok fått eit omfar ekstra på høgda, sume to og tre omfar og etter kvart som bruken endra seg og det gjerne vart innsett motor. Fleire er ombygd til gavlbåtar.

Ikkje rart at at sume av desse båtane fekk ord på seg for å ”vere nokre vanskapningar”.

Holsvikannalane

Dette er eit rekneskap for Østefjorden Notlag ført i pennen av Martinus Harald Olai Iversen Holsvik (1843 – 1893). Frå 1880 skjer namnebyte med same deltakarar og informasjonen og gjeld no Holsvik notlag.

Kjirkebaad frå Hestenes i Norfjord: 1881. Kjøbet kr. 39,12. Fragt på Dampskibet Fra Eidet til Hestenes pær Person 85 øre, dito 85 øre. Fragt for Baaden fra Hestenes til Naustdal 2 k 15 øre, for Pærsonerne 60 øre, dito 60 øre. Kjørsle Over edet 5kr. Total 49 k 5 øre.

Nøkterne greier, her sløsar ein ikkje med ord, men dette er mest truleg ny lissjenotabåt. Ein har same året investert i ny båt til Storenota, så ein har krav på seg til ei rimelagare løysing for ny båt til Lissjenota.

Transport over edet

Erling Bjørkedal (1930 - 2013) fortalde i 2012 til startskrivaren her at på Bjørkedalen hadde dei fleste båtbyggjaren på denne tida eit transportmiddel dei kalla "Longskjækje" (uttale omlag slik): Ei tohjula einaksla hestevogn av tre og med stillbar akselavstand, oftast tre hakk under rama for flytting av aksel for å få balanse på lasset. Den hadde ofte bremser som bremsa mot hjulskodninga.

Det vart denne tida køyrd mykje båtar over Bjørkedalsbrekka begge vegar mellom Naustdal i Norfjord og Kilsfjorden på Sunnmøre. Mykje av dei smekre, lettrodde kyrkjebåtane både i Norfjord og på Sunnmøre var bygde i indre Norfjord. Det var mykje ”Kjørsle over edet” (slik Martinus skriv) denne tida av båtar, material og folk.

Edet her er er eidet mellom Naustdal i Norfjord og over til Bjørkedalen i Volda på Sunnmøre. Bjørkedalsbrekka var berykta for å vere bratt. I tillegg var der ei bru som var grueleg trong med knappe svingar på begge sider.

Longskjækje/Longegreide

Vogna (lange skjækre)eller (lange greider) er omlag 6 meter lang frå selepinnane til bakre ende og har tre alternativ for hjulaksel for å finne balanse i lasset. Den er berekna til køyring av stokkar og material opp til om lag ti meter og båtar opp til omlag 25 fot. Lange lass vart lagd litt på skrå slik at det kunne stikke langt fram om øyken.

Vogna har bremser rett på hjulskodninga (som diligencen i ville vesten), av kraftig heimelaga type. Ein hengde bremsestokken opp i kjetting mot vogna/skjækrene oppover. Kjetting også mot hjulaksel. Stokken stakk ut om hjula. Det var bora hol i begge endar. Ein brukte spett i hola til å rotere stokken mot skodninga for kraftig bremsing. Nokre brukte det ein kalla «slakkbremser» . Her brukte ein «kåmbreskruar» til åstille bremsepådrag med. Det vart mykje sveiving ved køyring då ein måtte stramme i unnabakke og slakke opp på flata.

Ei slik vogn var truleg leigd for 5 kroner til køyring over Bjørkedalsbrekka til Kilsfjorden.

Den fekk avløysing på tyngste lassa då Storebåtsvogna vart innkjøpt.

Tispa/Lissjenotabåten

Båten,Lissjenotabåten med namnet ”Tispa” er no (2016) på lager i Austefjorden. Ein prøvar å dokumentere og finne nytt, permanent opphald.

Bevis for opphav får ein ikkje utan materialprøve. Kor enkelt materialprøve er med kanskje 200 år gamal tjøre iblanda er ikkje godt å seie.

Båten må vere verneverdig.

Tilstand 2014

”Gamlekarane” ville sikkert sagt at båten er noko ”mjuk”. Ei sjølvsagd opplysing, den er gamal.

Framenden er heil. Bak er det verre, spesielt høgre side. Ein god meter av kjølen er gåen. Huane er veldig ”mjuke”. Dei to borda som ligg flatt og er tilkobla gavlen er rotna hol i. ”Tispa” kan reparerast. Spørsmålet er vel i kva omfang og kva den skal brukast til.

Eksisterande båtar frå same tid og frå same område er Notbåten og Spelbåten frå Årset notlag som står i båtsamlingane til Sunnmøre museum i Borgundgavlen i Ålesund kommune. ”Tispa” og desse to i ”Gavlen” (Borgundgavlen) fortel kva båtar det var i eit komplett notlag på ”indre strøk”/i fjordane. Legg til fire til seks færingar, då stemmer det bra.

Ein leitar framleis etter meir informasjon. Den blir motteken med stor takk. Byggetidspunkt, båtbyggjar og bruk i Norfjord (om ein greier å dokumentere at det er denne som er i botnen hadde vore fint).

Bilete for vurdering av båttype, ombygging og tilstand

Kjelder og informantar

  • Holsvikannalane. Skrive av Martinus Holsvik (1843 - 1893) med avskrift av Jostein Fet ca. 1970. Orginal skal vere oppbevart på Ålesund Museum (usikra opplysing)
  • Notfiske i Austefjorden, eit hefte utgjeve av Austefjord Museum


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Tispa/Lissjenotabåten er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.