Tofte (Fyresdal gnr. 85/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tofte (Fyresdal gnr. 85/6) er ein eigedom på Øyane i Veum i Fyresdal. På folkemunne berre kalla Meieriet.

Dette er eit bureisingsbruk frå 1920 åra. Det vart bygd eit stort våningshus i to høgder i 1920 og ein driftsbygning i 1922. Det vart rydda jord slik at eigedomen vart på 14-16 mål og der var eit enkelt dyrehald. Dei som bygde opp bruket var systrene Signe (1864-1943), Johanne (1866-1944) og Anne (1874-1956) Tortveit. Dei kom frå Tortveit (Fyresdal gnr. 80/3). Kvardagen deira var prega av ein puritansk livsførsel med nøysomheit og hjelpsemd. I 1956 vart drifta av bruket teke over av brordottera Margit Tortveit (1912-1997), dotter til Ånund Tortveit (1869-1940) som var gift med Tone Seltveit (1878-1951) frå Skafså. I 1998 tok nye eigarar over.

Periodevis var det utleige av rom, mellom anna til elevar ved "framhaldsskulen" på Øyane, elevar kom frå Fjellgardane og Hauggrend til skulen her. Der var og jamleg kringreisande emisærar i huset. I bygningen var grovkjøkken til bærsanking, slakt og meieriprodukter som smør og mjølk. Frå 1920 var her meieri, Veum Smørlag heldt til her. Dei som levera mjølk til meieriet var dei størsta gardane med 3-4 kyr eller fleire, mindre bruk med 1-3 kyr levera smør. Meieriet separera mjølka og laga ost og smør for salg vidare. Folk som ikkje hadde kyr kaupte mjølk i spann. Meieriet vart drive av Anne-Johanne og Signe Tortveit.


Biletgalleri


Kjelder

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Nedrebø, Ketil: Opplysningar skrive ned i 2002. Navn på gardar og hus, og kven som har budd der mellom ca. år 1930 og til ca. år 1940. (Som sokna til skulen på Øyane.)