Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motorslåmaskin Rapid Rex.
Foto: Oddvar Høydalsvik

Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - og - Firehjulstraktoren, basismaskina i landbruks-, anleggs- og skogsdrift - er meint som to dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no.

Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar.

Hjelper du til ?

Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien, før den i tabell og lenk til galleri under rett merke.

I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket.

Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplater, på maskina og motoren. Ta bilete. Last så inn på rett maskin og skriv deg inn på informantliste. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang.

Startstykka Motorslåmaskina og Tohjulstraktoren ‎er skrivne tidlegare, sjå etter feil og rett i stykka. Det er vel mest dei norske produsentane av redskap/utstyr til tohjulingar og spesialmaskiner det er vanskelegast å finne historia til. Ynskjer oss alle lukke til.

Ny start av gamle maskiner

Drivstofftankane laga i metall har korrosjon/rust innvendig. Kapp av drivstoff-røret/slangen til forgassaren og set inn eit slangefilter så slepp du tilført "rusk i forgassaren".

Drivstoff-/"jerry"-kanner laga i metall får korrosjon/rust/partikkeldanning innvendig ved aldring. Bruk nyare, godkjend drivstoffkanne. Det einaste ein oppnår ved å ta drivtoff om ei gamal kanne til tank er å tilføre nye forgassarproblem.

Forgassarjustering:

Totaktsmotor: "Tomgangsskru" 1,5 omdreining ut. Utan turtalsregulator, skal "firetakte" på tomgang/ubelasta ved maksimalt turtal. Så tomgangsskru 1/4 omdreining ut frå rein to-takting. Men hugs: Gå ut frå at ein del av totaktarane toler ikkje å "gå reint" meir enn eit sekund eller to før den riv seg i sylindaren. Derfor: Start på 2 omdr. ut og juster deg innover til fin "firetakting". Totaktarar med turtalsregulator reagerar ikkje med auka turtal ved "mager" drivstoffblanding. Ein må justere etter belasting. Vanlegaste feil: Slitne simmeringar på veivaksel (motor går til halvvarm og stoppar, startar att kald. Grunn, oljedamp på stiftesett), slitne stempelringar og utett toppakning.

Firetaktsmotor: "Tomgangsskru" 1,5 omdreining ut. For motorar med turtalsregulator, køyr motor varm. Drag den opp på full gass og juster sakte 1/4 omdreining til begge sider for 1,5 omdr. ut. Stopp der motoren går rolegast (ikkje "jagar" og seier "brum, brum"). Tek den ikkje justering er der vanlegvis tre årsaker (alle tre kan opptre samtidig): Tett/skiten forgassar, "falsk luft" i eller etter forgassar, defekt toppakning. (Tenningsproblem: Sjå motorreparasjon i botnen av stykket).

Olje og drivstoff:

Skift olje og drivstoff. Vask drivstofftank innvendig.

For to-takts-motor: Oljeblanda bensin blir fort for gammal og må skiftast før start. For motorar fram til ca. 1960, 5 % olje i bensin, vidare til ca. 1975, 4 % olje i bensin, seinare går det bra med ferdigblanda 2 % (sjå instruksjonsbok).

For fire-takts-motor: Er laga for blybensin, må ha bensintilsetjing (Millenium/Shell) eller lignande for å unngå skade (brende sete) på ventilar.

Felles informasjon maskiner

Kategoriar for tohjulingar og spesialmaskiner i jordbruk og hagebruk

Ttr. Tohjulstraktor: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Traktor kan den kallast av den grunn at den har eigen forbrenningsmotor og roterande kraftuttak (PTO), oftast i begge endar av girkassa og med motor så høgt på maskina at kraftuttakssaksel går under motor. PTO kan køyrast både når traktoren har framdrift og når traktoren står i ro.

Msl. Motorslåmaskin: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Motorslåmaskina har eigen forbrenningsmotor. Motorslåmaskin har ingen roterande kraftuttak (PTO), berre «slåttesnut» med fram- og tilbake-gåande rørsle som driv kniven på slåtteapparatet. (Mange Universalmaskiner blir kalla Motorslåmaskiner av den grunn at dei hovedsakeleg går med slåtteapparat).

Unm. Universalmaskin: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Universalmaskina har eigen forbrenningsmotor og roterande kraftuttak (PTO) i motsett ende av girkassa i høve til forbrenningsmotoren. Den har «greide»/styreinnretning med innfesting i sentrum/balansepunktet til maskina utan påhengt redskap. «Greide» kan løysast på enkel måte og vendast med girkassa som sentrum til bruk der det passar best i høve til påkobla redskap. Mange av maskinene har lik fart i begge retningar.

Spm. Spesialmaskiner: Døme: «Hakkaspette», «Hoppetusse», «Komprimator», «Staurholmaskin». Stort sett ei «Universalmaskin» som har misst hjula og forbrenningsmotoren driv redskapen direkte (redskap som ofte har ein storebror (eller syster) som er montert på «Universalmaskin» og der kan forflyttast på hjul).

Trs. Transporterar: Døme: «Lastebiltype», små midjestyrte og «strekte» «tohjulingar» med to eller fleire akselar. Oftast med styresnekke og ratt, men og med hydraulisk spakstyring.

Re. Redskap: Døme: Tilhengar, frontvogn, kardangvogn, roterande horv, vinsj, snøfres.

Norsk prøving, kontroll og rettleiding til utstyrsprodusentar

LTI Landbruksteknisk institutt sin forsøksgard Rykke i Voss [[1]]

Offisielle tal og meiningar

På denne staden har det ei stund vore eksterne lenkjer. Dei dett ut ei etter ei. Prøv derfor søkeord på internett i staden både til og i Statistisk sentralbyrå, departement og fylkesmenn. Søkeord; tohjulstraktor, kulturlandskap, slåttemark, slåttemyr, kystlandskap, brattlendt terreng, informasjonsskriv_om_utvalgte_kulturlandskap_, jordbruksteljing

Delekatalogar, tekniske data og motordeler til bruk på fleire merke

For 2015(Gi opp motornummer og type for motor og sereienr og type for maskin): MAG (utgått som produsert merke) finn ein noko deler til her: Delekatalogar og tekniske data for MAGmotor Briggs og Stratton, snakk med forhandlarar for hagebruksutstyr For andre merke: Søk på internett (dette er ein dugnad)

Forklaring til kolonnene i boksane

  • Kolonne 1. Namn/type/kategori: Her skriv ein inn namnet og type på maskina.
  • Kolonne 2. År i produksjon: Gjeld byggeår eller produksjonsperiode.
  • Kolonne 3. Motor / typenr / HK: Namn, byggeår, -stad og hestekrefter
  • Kolonne 4. Redskap: om det er / har vore slåtteapparat, tilhengar, kardangvogn, osv.
  • Kolonne 5. Importør, gjerne med lenke til firmaomtale
  • Kolonne 6. Andre opplysningar om maskina


Merke og typer med tekst og bilde

Å skaffe deler til tilårskomne maskiner er tidvis ein krevjande øvelse. Importørane skiftar, produsentar blir oppkjøpt eller lagt ned. Noko finns nytt eller brukt, ikkje gi opp.

AEBI

Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

Ei side som syner ein av dagens tohjulingar: http://www.maskinsalg-as.no/slamaskiner.php

Dagens norske importør 2015 ?

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
AEBI AM 10/Unm ca.1952 - 1975 MAG 1020 SRB X 80 5 HK 2T Fingerbjelke, jordfres, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 Ikkje clutch-handtak, har «sentrifugalkobling» mellom motor og girkasse
AEBI AM 10/Unm MAG 1026 SRL X ??? 4T Fingerbjelke, jordfres, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 Ikkje clutch-handtak, har «sentrifugalkobling» mellom motor og girkasse
AEBI AM 15/Unm MAG 1026 SRL X 55 4T Fingerbjelke, jordfres, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 Ikkje clutch-handtak, har «sentrifugalkobling» mellom motor og girkasse
AEBI AM 8/Msl MAG 1026 SRL X ??? 4T Universalbjelke Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1975-ca. 2000
AEBI AM 1/Msl MAG 1021 SRL X 169 4T Universalbjelke/fingerbjelke Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1980-ca. 2000
AEBI AM 52/Msl MAG ???? X ??? 7 HK 2T Fingerbjelke, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000
AEBI AM 53/Ttr MAG ???? X ??? 9 HK 4T Fingerbjelke, jordfres, snøfres, tilhengar, frontvogn, kardangvogn Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000

Bilde av AEBI

AGRIA

Produksjonsland: Vest-Tyskland. Høg kvalitet på dei dyre maskinene

Framleis produsert 2015: http://www.agria.de/

Norsk importør: http://www.reinhardt.no/www.reinhardt.no/

Norsk forhandlarnett ?

Slåtteapparat: Fingerbjelke (delekatalog 1979, reg. s. 4): M = middelsnitt, fingeravstand 55 mm. N = normalsn., f.avst. 80 mm. T = finsn., f.avst. 40 mm. Universalbjelke (delekatalog 1979, reg. s. 4): Ein type (nokon som har namn og nr. ?) Det blir brukt same type bjelke for 1300, 2300 og 3300. Dei vanlegaste typane er fingerbjelke N og universalbjelke

Salgsår i Noreg er ca. årstal etter ei liste som sirkulerte i Felleskjøpet i historisk delekatalog

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
AGRIA 1300/Msl ca. 1950 - 1954 ILO ?? og HIRTH 34/M 5 HK 2T Fingerbjelke 1,3 M Reinhart, Kristiansand Type 1300 hadde ikkje revers. Venstre «bremsehandtak» på styret var frigir, høgre handtak clutch. Maskina måtte dragast/trillast bakover med handemakt.
AGRIA 1300R/Msl 1954 - 1960 ILO ? og HIRTH 41/45 6 HK 2T Fingerbjelke 1,3 M Reinhart, Kristiansand R = revers. Med to-taktsmotor kan ein fortsetje slåtten lenge etter at maskiner med 4-taktsmotor er havarert. Påstand: Dette er den mest slitesterke motorslåmaskin som har vore innom bratte bakkar i landbruksnoreg.
AGRIA 2300/Msl 1960 - 1975 HIRTH 44 M 6 HK 2T til 1963, HIRTH 110 ? HK 2T til 1965, NSU 65 ? HK 4T trykksmurd til 1973, HIRTH 84 M ? HK til 1975, ILO L 252 ? HK til 1975 Universalbjelke og fingerbjelke Reinhart, Kristiansand NSU-4-takts-motoren går makelaust fint. Grunna trykksmørjeststemet toler den lite sidehalling (i høve til 2-taktaren) før den misser oljetrykket og havarerer. Topplok tiltrekkes på følelse, ventilklaring 0,10 mm på begge ventilar
AGRIA 3300/Msl 1976 - MAG 1026 X 284 Universalbjelke Reinhart, Kristiansand
AGRIA 0300/Msl 1973 - 1978 SACHS Stamo 96 Universalbjelke
AGRIA 300/Msl 1979 - ILO 101
AGRIA 1700/Unm
AGRIA 1800/Unm
AGRIA DROTT 2800/Ttr Skiftemekanisme for gir stikk opp midt på girkasse, denne trekkjer regnvatn til girolje. OBS ! Ved skifte av lager i girkasse, ta fyrst ut simmeringar på inn- og utgåande aksel så du kjem til seegerring-låsing for endelagera
AGRIA BASEN/Trs Skiftemekanisme for gir stikk opp midt på girkasse, denne trekkjer regnvatn til girolje. OBS ! Ved skifte av lager i girkasse, ta fyrst ut simmeringar på inn- og utgåande aksel så du kjem til seegerring-låsing for endelagera
AGRIA GROM BASEN/Trs HATZ 12 ? HK diesel Skiftemekanisme for gir stikk opp midt på girkasse, denne trekkjer regnvatn til girolje. OBS ! Ved skifte av lager i girkasse, ta fyrst ut simmeringar på inn- og utgåande aksel så du kjem til seegerring-låsing for endelagera
AGRIA SKOGS BASEN/Spm Skiftemekanisme for gir stikk opp midt på girkasse, denne trekkjer regnvatn til girolje. OBS ! Ved skifte av lager i girkasse, ta fyrst ut simmeringar på inn- og utgåande aksel så du kjem til seegerring-låsing for endelagera

Bilde av AGRIA

ALLEN

Produksjonsland: England. John Allen, & Sons, Oxford

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
Allen Oxford Ukjent, rundt 1950 Villiers/??/5 - 7 HK (?), 2-takt Fingerbjelke Norsk Traktorkompani A/S, eit dotterselskap av Eik & Hausken. Frå Tohjulingar i landbruket, Arnulf Jensen + litt synsing

Bilde av Allen

BMB

Produksjonsland: Storbritania.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar

Bilde av BMB

BUCHER

Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
BUCHER RECORD 2
BUCHER RECORD 3
BUCHER KT 10
BUCHER K 2
BUCHER K 3
BUCHER K 4
BUCHER K 5
BUCHER K 55/Ttr
BUCHER M 600
BUCHER M 700
BUCHER M 700 S
BUCHER M 100
BUCHER M 200/Msl MAG 1026 SRL X 241 6 (?) HK 4T
BUCHER M 200/Msl MAG 1026 SRL X 242 7 (?) HK 4T
BUCHER M 300

Bilde av BUCHER

MOTO STANDARD / GUTBROD

Produksjonsland: Moto Standard/Gutbrod ble produsert i Saarland i Tyskland. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
GUTBROD
MOTO STANDARD

Bilde av MOTO STANDARD / GUTBROD

RAPID

Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

Rapid produsent: http://www.rapid.ch/en/rapid-technic/

Norsk forhandlar ?

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
RAPID REX/Msl 1952 - Briggs & Stratton (svart) 5 HK 4T Fingerbjelke, skubberive, tilhengar LOG/AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID REX/Msl Briggs & Stratton (grå) 6 HK 4T Fingerbjelke, skubberive, tilhengar AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID REX/Msl MAG 1026 SRL X ??? 5 HK 4T Fingerbjelke, skubberive, tilhengar AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID REX/Msl MAG 1026 SRL X 42 6 HK 4T (forgassar rørform begge endar) Fingerbjelke, universalbjelke, skubberive, tilhengar Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID 208/Msl MAG 8 (?) HK 4T Universalbjelke, skubberive AK Maskiner
RAPID UNIVERSAL/Unm
RAPID/Ttr MAG ???? SRL X ??? 9 HK 4T
RAPID SUPER/Ttr MAG ???? SRL X ??? 12 HK 4T
RAPID DIESEL/Ttr MAG ???? DRT X ??? 10 HK
RAPID 101/Msl MAG 1026 SRL X ??? ? HK 4T
RAPID 201/Msl MAG 1026 SRL X ??? ? HK 4T
RAPID 606/Ttr

Bilde av RAPID


Motorar til tohjulingar og spesialmaskiner

BASCO - Briggs and Stratton & Co

1. Type 2. År i produksjon 3. HK 4. Forgassar 5. Tenningssystem 6. Andre opplysningar
Svart serie
Grå serie

Briggs and Stratton & Co (BASCO) gjekk frå ca. 1950 i ein svart og ein grå serie på mange av tohjulingane i konkuranse med til dømes: MAG, NORTON, ILO, NSU, SACHS. For til dømes Rapid Rex var det nokre år rundt 1960 slik at kunden gjorde valg mellom BASCO og MAG. Pr. 2010 er det framleis mogeleg å skaffe enkelte deler til grå serie. Til den gamle svarte serien har det vore tynt med deler lenge. At det er mogeleg å få tak i deler framleis er imponerande då produsentane vel er pålagde å skaffe deler i ti år etter produksjom.

Bilde av BASCO-motor

MAG

1. Type 2. År i produksjon 3. HK 4. Forgassar 5. Tenningssystem 6. Andre opplysningar
1017 SRL
1020 SRB X 80 5 HK 2T Står i: AEBI AM 10
1023 SRL x 40 4T Står i: AEBI AM 10 (Sachs Lizenz MAG)
1026 SRL X 42 6 HK 4T Står i: RAPID REX ei periode
1026 SRL X 55 6 eller 7 HK 4T Står i: AEBI AM 15
1026 SRL X 148 7 HK 4T Står i: AEBI AM 8
1026 SRL X 241 6 (?) HK 4T Står i: Bucher M 200 ei periode
1026 SRL X 242 7 HK 4T Står i: Bucher M 200 ei periode
1029 SRL
1040 SRL
1045 SRL

MAG 1026. Hugsestoff om ein mykje brukt "slitar". Alment stoff for firtaktarane

Tekniske data og reparasjonsinfo: Er det nokon som har systematisk skriftleg informasjon etter motortype vil mange av oss som skruar bli glade.

Spesielt for MAG er at registermerka ikkje skal stå rett på kvarandre for nokre av motortypene, kamakselhjulet skal ha to, tre eller fire tenner avvik til venstre for ei rett linje mellom akselsentera når du ser rett inn på registeret og veivakselmerket ligg i linja mellom akselsenter (demonter forsiktig og tru det augene fortel deg). Mine notat seier tre tenner for 1029 SRL og fire tenner for 1026 SRL, men det er ikkje sikkert det er så enkelt. Det kan like gjerne vere tre tenner for 7 HK og fire tenner for 6 HK av desse to motortypene (kanskje einkvan har den eksakte informasjonen).

Motoren er var/ømfintleg for dårlege "stiftar"/avbrytarkontakter i tenningssystemet. Det finns ikkje orginalstiftar lenger. Dei ein får har avvik frå orginalen på den måten at dei må ha "trang" 0,4 mm opning, helst 0,35 for god funksjon. Skift helst kondensator samtidig med at du skifter stiftane.

Simmeringen i for veivaksel i blokka innanfor tennstiftane må skiftast ved det minste teikn på "oljesveitting", fungerar simmeringen dårleg gir det ofte oljedamp på tennstiftane når motoren blir varm, då blir den lunefull (startar kald, går til den er lunka eller varm, stoppar. Varmast blir eigar/brukar om han prøvar å dra den i gang att før den får tid til å bli heilt kald. Verst er totaktsmotorane, men desse heiter ikkje 1026).

Sjå på Bilde av MAG-motor, Tenningssystem a, b, c, d og e:

a syner motorblokk med tre festeskruhol og styreflensar for plata med tennspole og tennstiftar på.

b som syner tennplate med, til høgre; tennspole, oppe; tennstiftar og nede; kondensator (med oppgåve å hindre gnistdanning over tennstiftane når desse opnar). Til venstre; lysspole (som ikkje har anna med tenningssystemet å gjere enn at den deler på magnetane i svinghjulet. Har ein problem med for lite gnist på tennpluggen kan det vere ei god hjelp å ta vekk lysspolen).

d syner svinghjul med påmontert vifte. De ser at her er vekk stykke av vifta, eit resultar av demontring utan ters (ters lagar du sjølv av eit flattjern der du borar to 9 mm hol med same avstand som dei to 8 mm hola i navet i svinghjulet. Skru til med to passeleg lange 8 mm skruar slik at flattjernet kviler hardt mot veivakselenden. Ta ein litt tung hammar og slå hardt på flattjernet rett mot veivaksel ein gong. Om svinghjulet ikkje lausnar, stram skruane og slå ein gong til---). Mange brukar spakar eller skrujern på vifta, det dett det ofte av stykke. Dette gir vibrasjon og plager med motoren. Er det berre vifteblad som ryk kan ein hente inn brukbar balanse med å slå av eit blad til på motsett side av senter (i alle fall her oppe under nordpolen. Motorane er berekna til bruk i Sahara og).

e syner oppatt-magnetisering av gamle svinghjul med lav magnetisme. (Om ein finn dette i noka lærebok ? Tvilsamt. Dei "gamle" mekanikarane sa at slik gjer ein det om motoren har stått ubrukt lenge nok. Det verkar). Legg ein skru, mutter eller stålbit mellom magnetendane som vist når svinghjulet er demontert så er det som nytt ved montering.

På eldre motorar er det ofte forgassarproblem grunna småpartiklar frå bensintanken, spesielt plagsomt er rustpartiklar som tettar boringane i fogassaren. Dette kan avhjelpast ved å klippe av bensinslangen og setje i eit "slangefilter" som ein får bilrekvisitaforretningar.

Forgassaren har ein såkalla "tomgangsskru" (med fjøyr) på. Grunninnstilling er 1,5 omdreining ut frå heilt innskrua. Justering ved varm motor på full gass innanfor ei kvart omdreining til begge sider for grunninnstilling. Då skal motoren gå roleg (ikkje jage i turtal), no skal den og gå jamt på tomgang. Tek den ikkje justering er der vanlegvis tre grunnar:

Forgassaren er tett i boringane og må blåsast med trykkluft, det er ikkje alltid en får den rein og den må skiftast.

Forgassaren tek "falsk luft", typisk MAG er bøygde flensar på forgassar med flens i ein eller begge endar. Ta ei fil og tilpass flensane så det blir tett ved tiltrekking av skruane. Så også med flensen på manifolden mot motorblokka.

Grunna manglande reingjering for kjølelufta blir motoren køyrd varm, toppen misser rettheita og motoren "bles" (sprenger toppakninga slik at kompresjonslufta lek ut) toppakninga, dette ser ein oftast som ein liten oljelekkasje i hjørnet ved eksosventilen/eksosrøret (motoren verkar heilt fin når du dreg i startsnora og startar kald. Når den blir varm høyrest den andpusten og utilpass ut, blir det nok lekkasje stoppar den. Den blir unormalt varm).

Det er oftast lite hjelp i å berre skifte toppakninga på gamle motorar, den går ei lita stund og så er det like gale. Du må ta ut ventilane og topploksboltane og plane både topp og blokk om du vil ha godt resultat. Å "plane" gjer du sjølv med ein plan stiv platebit som er litt større enn toppen, og med sandpapir ca. 100. Hugs å setje stempel i lav stilling og tett godt mot støv i sylindar. Ventilklaring, tiltrekking og rekkefølgje på toppboltar som oppgitt i dataark for type. Om ventilklaringane blir litt rome ved innsliping er det mykje betre enn at dei er for trange.

Legg nøye merke til korleis ting er ved demontering. Lim alle innvendige skruar med "nut lock"-lim ved montering. Mykje av delene er aluminium, derfor må ein dra skruar med "vit og forstand" eller "andakt" som det ofte heiter. Lukke til.


Bilde av MAG-motor

Reidskapsprodusentar

Reiskap til tohjulstraktorar og små spesialmaskiner var tidleg ombygging av hestereiskap og tung handdriven reiskap av bygdesmier og lokale fyndelar. Så kom vinsjar, vogner, plogar og fresar for jord og snø. Stort sett det same som for større traktorar, men tilpassa i størrelse.

LTI Landbruksteknisk Institutt vart etablert på Ås i 1947. Vestlandsavdeling vart etablert på garden Rykke på Voss 1949 med oppgåve å effektivisere drift av brattlente bruk. Dei hjelpte til med utvikling og testa og skreiv prøvemeldingar på gras, planter og utstyr/hjelpemiddel for drift. Etter denne etableringa vart informasjon til brukarane effektivisert gjenom samarbeid med landbruksorganisasjonane og brukarane torde bruke pengar på utstyr som var testa/utprøvd frå ein nøytral prøveinstans.

Det har truleg aldri stått skrive i noka prøvemelding, men ein føredragshaldar frå Rykke og Voss sa ein gong på ein markdag på Finnes i Hjørungfjorden at: Den største oppfinnelsen etter motorslåmaskina var å bruke fotballsko med knottar slik at føraren kunne fylgje så langt maskina gjekk i brattaste bakkane.

Lid Jarnindustri AS, biletside

Hordaland Mekaniske Verksted AS, Vossavinsjen

Bedrifta sine grunnleggarar laga kran i 1936, i 1939 vart fyrste separate vinsja til. Så gjekk utviklinga ut frå vurdert kundebehov vidare. I 2004 ble Hordaland Mekaniske Verksted AS en del av HMR Group, nytt navn HMR Voss AS

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
Vossavinsjen For tohjuling ca 10 Hk motor Brukt med wire,endekrok, glidar med ekstrafeste og snarekjetting Blir kalla vinsj, spel, kraftblokk eller nokk alt etter bruk, dialekt og produksjonstidspunkt
Vossavinsjen

Bilde av MASKIN

Kjelder og informantar

  • Ved opplasting. Informasjon etter hugsen til startstykkeskrivaren

Referansar


Boks for nye merke/maskiner til kopiering

Produksjonsland: (Storbritannia, Tyskland, Sveits, Italia)

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar

Bilde av MASKIN


Litteratur

  • Jensen, Arnulf: Tohjulingar i landbruket 2002. Landbruksforlaget
  • Jensen, Arnulf: Veterantraktorer i Norge 2003. Landbruksforlaget

Informantar