Tomine Seland (1864–1972)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Tomine i 1956.
Foto: Frå Lindesnes bygdemuseum si samling

Tomine Torjesen Seland vart fødd på Floge-Seland (og kjend som Seland Der Nede, bnr 2) i Vigmostad 21. august 1864 og døydde på Konsmo 6. februar 1972.

Foreldra hennar var gardbrukar Torjus Johansen (1823–1892) og Johanne Jensdatter Seland (f 1830), og dei let henne døype i Vigmostad kyrkje 4. september 1864. I samme kyrkje stod ho for presten 6. oktober 1878. På Seland budde ho til ho var 104 år, då gjorde eit slag at ho måtte flytte til Konsmoheimen.[1]

Jens Grønlien frå avisa Fædrelandsvennen vitja Tomine (då 94 år) og systera Anna på 96 i 1957. Då kom det fram at det framleis var tre andre søsken til i live. I Brooklyn budde Oline som skulle fylle 101 år 4. oktober, Gabriel som skulle fylle 87 år 14. juli budde på Vigeland i Sør-Audnedal og Tobine Johanne på 84 budde på Fjordhøy i Mandal. I intervjuet fortalde Tomine at faren Torjus kom frå nabogarden til Seland, og mora frå Bjåstad i Vigmostad. Tida hadde ikkje falle lang, ho fortalde om omgangsskulen på Iveland og Bjåstad der Knut Akland og Ånen Fiddan var lærarar og at ho las for presten Holst. Konfirmasjonsdagen hugsa ho framleis godt, og at ho trivdes på Seland sa ho dette om: «Ja, vi er jo født her i huset og kan være oss selv. Greie naboer gjør også mye. Heiefolket har nemlig fra gammelt den uskrevne lov at de skal se etter hverandre og rekke en hjelpende hand.»

Tomine var ei av dei yngste i søskenflokken på ni, og som søskena Anna, Tobias og Jon gifte ho seg aldri. Dei fire vart att på garden, som Jon tok over etter foreldra og dreiv til han døydde i 1936. Då tok Tomine og den to år eldre systera Anna over garden.[2] Alle borna nådde ein høg alder, med Tomine og Oline som dei to eldste. Oline vart 102. Som ungjente gjette ho aldri, ho tykte synd i dei som gjorde det. Sjølv var ho i teneste i Landvik og Birkenes, men tanken på dei heime slapp ikkje taket, så ho vende heim for å hjelpe til på den vesle garden. Onna vart gjort med sjølvfolket som hest, og lyng vart og henta i hus. Mjølka frå kyrne vart ikkje send til meieriet, den laga dei smør av. Tomine fortel at dei let mjølka stå i trebollar i kammerset før dei tok av fløyten og kinna den til smør med mykje strev. Smøret selde dei i Mandal. Det var godt når separatoren kom i hus, det letta arbeidet.[3]

På garden måtte dei ha korn, som havre og bygg, og poteter. Kornet vart tørka i badstova, og male til mjøl i kvernhuset på garden. Til slutt vart mjølet gjort om til hundrevis av flatbrødleivar i høge stablar. Tomine lika flatbrød med smør og gome (helst med litt sirup i) særs godt. På Seland hadde dei mange sauer, og etter mykje arbeid satt dei med ulla som dei karda, spann og vov til stoff. Av stoffet sauma dei klede, dei fleste plagga var heimelaga – skulle dei få endane til å møtast kunne dei ikkje vera for flotte og kaupe ting av andre. Dei laga og all reiskap sjølve, til dømes treriver, korger, tresålar og stråhattar – som dei selde. Men det var ikkje berre arbeid, Tomine var òg med i misjonsarbeidet så lenge som det budde nok folk på gardane i nærleiken til å drive kvinneforening.

Tomine flytta ikkje frå Seland sjølv om brorparten av den daglege drifta etter kvart fall på andre enn henne. Leddgikta vart ei plage, hendene var giktbrotne og ho sa sjølv at det kanskje hadde vore ei råd om ho berre hadde kome seg til lækjar i tide. Ho meinte sjølv at årsaka kunne vere all gjødsla ho spreidde. Så som ho heldt greipet fast gjorde at fingrane vart vridne. Då var det godt at niesa Agnes Davidsen vende attende frå Amerika og flytte inn til og stelte godt med tanta. Tomine fortalde og at ho aldri hadde teke ein tablett, så helsa må ha vore god.

Ved hundreårsdagen 22. august 1964 vart dette stadfest av gratulasjonen i Stavanger Aftenblad: «Tomine Seland bærer alderen svært godt, hun deltar i forefallende, lettere arbeid ute og inne og er rask og rørig. Daglig følger hun godt med i kringkasting og aviser.»

Tomine var glad for at telefonen hadde kome i hus, fortalde ho i 1965,«og så er det trygt etter at telefonen kom i hus. Du skjønar, no er eg gamal, og ho Agnes er over dei 70. Skal det støyte noko til, kan me no bruka telefonen og få hjelp.»[4]

Då ho fylte 107 år i 1971 meldte Fædrelandsvennen at Tomine var eldst i Noreg, og i Norden var det berre ei dansk dame som var eldre. Omkring to år tidlegare hadde ho flytt til Konsmoheimen etter eit slagtilfelle, og der budde og niesa Agnes Davidsen på 81 år. Det siste året hadde Tomine overlete lesinga til andre, saman med hørsla hadde og synet blitt svekka. Ho trekte seg meir tilbake, og søkte ikkje ut frå rommet sitt, sjølv om ho fylgde med på det som skjedde i Konsmo sentrum frå vindauget sitt.

Referanser

  1. Vigmostad skolemuseum.
  2. Bergstøl 1957: 314.
  3. Inger 1965: 10.
  4. Inger 1965: 10.

Kilder

  • Vigmostad skolemuseum, museumsgjenstander, side 79–83. Vitja 27. mai 2017.
  • Bergstøl, Tore 1957: Vigmostadboka. 1 : Gardar og ætter. Digital versjonNettbiblioteket
  • Fædrelandsvennen 1971: «Tomine Seland, Konsmoheimen, landets eldste» på side 1 og 10 18. august 1971.
  • Grønlien, Jens 1957: «Hos gamle på heia» på side 4 i Fædrelandsvennen 17. juni 1957.
  • Inger 1965: «100 åring på einbølt gard i Vigmostad held kontakt med bygda pr. telefon» på side 10 i Fædrelandsvennen 10. mars 1965.
  • Kari 1970: «Ble født mens Bismarck førte krig mot Danmark» på side 7 i Fædrelandsvennen 22. august 1970.
  • «Navn og nytt» på side 4 i Stavanger Aftenblad 22. august 1964.
  • «Tomine Seland - Norges eldste, er død, 107½ år» på side 1 i Fædrelandsvennen 8. februar 1972.
  • Tomine Torgjusdatter Seland i Historisk befolkningsregister.

Primærkilder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.