Tore Asbjørnsson Risøyne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tore Asbjørnsson Risøyne (fødd 1762 på Risøya i Fjotland, død 14. april 1820 i Gyland) var rosemålar, gardbrukar, skulemeister og kyrkjesongar. Foreldrane hans var Asbjørn Toresson (1734-1792) og Ingeborg Torgrimsdotter Seland (1737-1803). Han gifta seg i 1799 med Ingeborg Olsdotter Knaben (1773-1855) og dei fekk fire born. Han vart på grunn av sitt målearbeid kjent som «Tore Målar». Han reknast saman med sin læregut, Gutorm Persson Eftestøl, som den fremste rosemålaren frå Vest-Agder.

I 1780 målte han Tonstadbua, som var den fyrste rosemåla romdekorasjonen me kjenner til, berre 18 år gamal. Ho står i dag på Kristiansand museum.[1] Det har vore hevda at han var sjølvlært, men det er ikkje sikkert.[2] Hans onkel Tosten Torgrimsson Seland var nemleg òg rosemålar, det er difor ikkje utenkeleg at Tore lærte av han. Tre av sønene til Tosten var òg rosemålarar.[3]

Det neste store arbeidet var utsmykkinga av Grindheim kyrkje i 1791. Då hadde han blant anna med seg ein 12 år gamal læregut, Gutorm Persson Eftestøl. Dei er i dag rekna som dei fremste representantane for rosemålingsstilen frå Vest-Agder.[4]

Han måla også andre gjenstandar som dørar, tiner og bollar, på bollane skreiv han til dømes rim som han laga sjølv. Eit er «Naar Gud Glæder med Gaverne sine, Bedrøv ham ikke med Synderne dine».[5]

Frå 1791 til 1800 førte han kyrkjestolen og frå 1806 til 1815 var han skjødemann. I 1814 vart han og Steinar Torsson Helle, far til Sigbjørn Steinarsson Helle, vald til valmenn og dei var med og valte tre utsendingar frå amtet til å møte på Eidsvoll.

Han vart sjuk då han var på eit måleoppdrag på Fåsdal i Gyland, og han døydde 14. april 1820. På grunn av mykje snø kunne han ikkje bli sendt heim, han vart difor gravlagt ved Gyland kyrkje.[6]

Referansar

  1. Skjoldal, Bjørg (1999) Årskrift, Agder historielag, s. 8-9
  2. Ellingsgard, Nils: Rosemåling i Vest-Agder. Utg. Vest-Agder fylkesmuseum. 1985. Digital versjonNettbiblioteket, s. 14
  3. Jerstad, Johan: Fjotland: Sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 364
  4. Skjoldal, Bjørg (1999) Årskrift, Agder historielag, s. 9
  5. Rasch-Engh (1985) Årskrift, Agder historielag, s. 20
  6. Jerstad, Johan: Fjotland: Sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 364

Litteratur og kjelder