Torgeir Augundsson (Myllarguten)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. okt. 2020 kl. 08:38 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (satt inn bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Augundsson (Myllarguten). Fra Ljos over Telemark.

Torgeir Augundsson (døypt 1801, død 21. november 1872) best kjend som Myllarguten, var ein spelemann frå Akkerhaugen i Sauherad kommune i Telemark. Han var son av Augund Torgeirsson (1769–1842) frå Rinde i Sauherad, og kona hans, Gunhild Sigurdsdotter (1774–1813). Faren var husmann, og flytte rundt på plassane i Sauherad medan Torgeir var gut. Augund var møllar, og borna hans vart kalla «Møllarungein», og Torgeir vart heitande «Møllarongen» eller «Myllarguten» i Øvre Telemark. Under dette namnet vart han vidgjeten.

Fødselsåret og familien

Faren var fyrst gift med ei som vi ikkje heilt sikkert kjenner namnet på; ho er nokre gonger nemnd som Dordi og andre gonger som Mari. I Bygdebok for Sauherad er ho identifisert som Mari Nilsdotter (1774–1798). Dei fekk to døtrer: Ingeborg (1797–1798) og Anne (f. 1798). Mari Nilsdotter døydde i barselseng. Augund si første dotter med den andre kona, Gunhild, vart kalla Mari, og etter tradisjonen skulle ho kallast opp etter det første kona. Det styrker Kirkeby sin konklusjon i kyrkjeboka om at det var Mari Nilsdotter som var kona hans.

Det har vore usemje om fødselsåret til Myllarguten. Norsk biografisk leksikon har sett fødselsdatoen til 3. mai 1799. Men det er ikkje råd å finne nokon Torgeir som var døypt i Sauherad det året. Det vi finn er ein «Torger» som vart døypt 1. november 1801, som var son av husmann Ougen Torgersen og Gunnil Sigurdsdotter. På sida føre finn vi giftermålet deira den 8. oktober 1801.[1] Det er lite truleg at guten skal ha vore to og eit halvt år gamal ved dåpen, uten at det er bemerka av presten, så det er ut frå kyrkjeboka sine opplysningar all grunn til å tru at han vart fødd ein gong på hausten 1801. Rikard Berge skriv i sin biografi at han ikkje er sikker på om guten vart fødd føre eller etter bryllaupet.

Kvar kjem så datoen 3. mai 1799 frå? Ved konfirmasjonen i 1816 vart dette skrive ned i kyrkjeboka.[2] I ei bok med tekst av Jon Hvitsand og Olav Nordbø, samla av Olav Kvaalen og utgjeven i 1972, vert dette trekt fram som prov. Det visast til fleire døme på at det kunne gå langt tid mellom fødsel og dåp. Det kunne det, men det verkar tvilsamt her. Det skulle ha vore mogleg å finne guten i folketeljinga 1801 om han levde då. I same boka vert det sagt at det ikke var Augund som var faren, men ein spelemann ved namn Ole Knutsson Møller, kalla «Ola Mester». At han ikkje står i folketeljinga vert forklara med at han vart ført ein annan stad – men han er ikkje å finne der heller. Sjølv om det finst ein del døme på at ungar ikkje vart døypt før lenge etter fødselen, sjølv om lova kravde dåp innan åtte dagar, er det vel så mange døme på at presten har skrive feil. Konfirmasjonslista er såleis ikkje prov, men tvilen er der.

Foreldra fekk tre born til etter Torgeir: Mari vart fødd i 1805 og døydde same året, Ingeborg vart fødd i 1807 og døydde året etter, og Sigurd vart fødd i 1810 og døydde i 1840.

Mora døydde i 1813, og Augund vart gift to gonger til. Første gongen var med Ingri Larsdotter den 6. mars 1814. Dei fekk dottera Gunnil – etter tradisjonen oppkalla etter hans førre kone – berre nokre få månader seinare.[3] I 1820 fekk dei sonen Lars, som vart rekneskapsførar i Kristiania og dottera Ingebjørg kom til verda i 1825.

Barndom og læretid

Frå han var smågut hadde han lag for spel og hug etter fela. Rikard Berge fortel korleis han grein etter fela før han var ute av småbarnsstakken. Faren var òg spelemann, men ikkje av dei beste i den tida. Torgeir pleide å stele seg til å klunke på fela medan far hans var ute, men våga seg ikkje nære fela når Augund var heime. Han var nok redd han skulle få hogg. Gunhild var blidare og lét guten få spele. Ein dag kom Augund heim og høyrde det lét av ei fele inne i huset. Med det same han kom inn, tok Gunhild fela frå guten. «Kven va`det som spela?» spurde Augund. «Dæ va`ingen, dæ», svara Gunhild. Jau, Augund hadde høyrt felelåt. «Eg konn` høyre dæ va` ein som konne spela au», sa han. Då måtte Gunhild fram med sanninga. «Ja, dæ va gutongen som grein etter fela; å så fekk`n o litt». Frå då av fekk Torgeir spele som han hadde hug til, og faren lærte han opp.

Augund kunne mange gamle slåttar, og attåt lærte han guten å stille fela. Han var svært lærenem, men faren trøytna av det stadige maset om opplæring, og tok han med seg til spelemannen Mattis Flathus, som tok guten i lære. «Mattis sette skruven i meg, han», sa Myllaren i seinare år. Torgeir døypte ein slått etter Mattis.

Myllarheimen i Arabygdi.
Foto: Anne Britt Flatin Borgen (2008)

Med tida vart gutungen kjend som ein god spelemann, og sidan han var liten av vekst, var far hans nøydd å bere han på ryggen når han skulle ut å spele. Vel framme vart han sett på bordet, og trampa takta med foten på krakken. Han var lett å få til å spele, og spela ute frå han var åtte-ni år gammal. Medan han var ute slik, møtte han spelemannen Øystein Langedrag frå Seljord, og Øystein kom til å bli ein viktig læremeister for Myllarguten. Dei spela i lag både seint og tidleg. Torgeir var hjå Øystein og fekk slåttar i vekevis i strekk.

Den andre læremeisteren til Myllarguten var Jon Kjos fra Åmotsdal. Då Torgeir kom dit var han ikkje meir enn ni år. Det tok litt tid før Jon skjøna kva for tó som budde i Torgeir, men då han skjøna det, tok han guten i lære med det same. Etter ei tid var Torgeir den beste av dei. Då sa Jon: «Dæ va héen ti gut! Han vi`ti forgange meg». Men han sa det skjemtande.

Spelferder og heimeliv

I åra som fylgde var Torgeir over mykje av Telemark og spela i gjestebod og bryllaup. Det gjekk gjetord om at han var ein framifrå utøvar, og han vart meir og meir etterspurd ettersom gjetordet voks.

Han gifta seg med Ingebjørg Eddandshaugen, husmannsdotter frå Eddand i Vinje, i 1830. Dei fekk ti born i lag. Fleire av etterkomarane finst som spelemenn og utøvarar i Telemark den dag i dag. Det er ikkje sagt at Torgeir var lett å bu i lag med med. Han var svær til å skifte huglynde, og var ein uryddig kunstnarnatur og ein drøymar. Han var ikkje praktisk, og kunne i røynda berre spele fele. I andre høve kunne han vere skrekkeleg sein og fomlut. Han trong støtt hjelp med pengane sine. Slik var det han fekk økonomisk stød av bonden Rikard Aslaksson BergeRauland, då han fekk eit bruk der.

Med tida vart spelferdene hans lenger, og han fór over fjellet til Setesdal og over til Vestlandet, henta spel og gav spel, og tevla med dei beste spelemennane der. Gjennom han vart det særskild mykje utveksling mellom bygdene i Hardanger og Voss på eine sida og dei i Vest-Telemark på hi. Attåt var han i Ryfylke, i Suldal og i Røldal. Av alle dei spelemenn han kom i lag med, sette han mest pris på Håvard Gibøen frå Møsstrond og Knut Lurås frå Tinn.

Myllarguten og Ole Bull

Myllarheimen i Arabygdi.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2008)

Myllarguten vart med tida vidt kjend som meisterspelemann, frå Vestlandet og langt opp i Numedal. «Dæ hjælper ikkje håss go`n e`, e`n ikkje kåmme i opprop», sa han. Han vart den mest kjende spelemannen i Bygde-Noreg i si tid. Gjetordet nådde også dei som ikkje var frå bygdene. Den fremste av desse var fiolinisten Ole Bull, som råka på Myllarguten tilfeldig sommaren 1831. På den tida var han ikkje meir enn noko over tjue år, og var komen attende frå ein turné i Tyskland. Ein kveld han var ute og trakka i Bergen, fekk han høyre felelåt frå ein gjestgjevargard i nærleiken. Han hadde ikkje gjeve gaum på hardingfela før, men no vart han forviten og gjekk inn. Der fekk han vite kven spelemannen var, og Bull ville han skulle spele meir. Myllarguten nekta han ikkje det, for han var svært «på lag», som det heiter. Seinare bad Bull han kome med seg heim, og Torgeir fylgde. Hjå Bull var det òg andre musikarar, og Torgeir fekk godt stell, og spela for Bull og vennene hans. Bull bad Myllaren om å kome med han til Valestrand, der Bull skulle opptre, og slik kom det til at desse to spela i lag første gongen. Då Bull spela Mozart, vart Myllarguten oppøst, og freista å ta etter. Men sjølv om han freista å gje att Mozart på hardingfele, vart det berre ei røre av Mozart og Myllarguten.

I same høvet skreiv Ole Bull ned nokre av Myllarslåttane. Så fekk han prøve fela til Torgeir og spela av nedskrifta ganske rett. «Ja, dæ va`nok likt. Men rætte liten hadde dæ nå ikkje», sa Torgeir etterpå. Men han var nok imponert over at Bull greidde dette. Bull og Myllarguten var venner resten av livet.

Dette kulturmøtet fekk store utslag i norsk musikkliv. Ole Bull fekk ein nøkkel til forståing av norsk folkemusikk, og la inn noko av stilen i sin eigen musikk. Seinare pla Bull å spele nokre slåttar på kvar konsert han hadde ute i Europa. Signaleffekten for nasjonalromantikken, og Grieg, har nok og vore stor. Bull leita etter eit norsk musikkuttrykk, og fann det gjennom Myllarguten. På dette viset var Myllarguten ein slag læremeister for Ole Bull, seier Rikard Berge.

På den andre sida la Myllarguten seg etter eit meir klassisk dur-ideal frå møtet med Bull og Mozart. Han la bort dei mest irregulære tonetrinna i sitt eige spel, og sette ein standard for tonal utforming som har følgt Myllar-tradisjonen til denne dag. Utviklinga mot klarare durtonalitet hadde elles teke til noko tidlegare, med Øystein Langedrag, som hadde vore ute i Napoleonskrigane og opplevd hornorkester og marsjar.

Konserten i Christiania 1849

Skulptur utført av Dyre Vaa. Skulpturen står ved Myllarheimen i Arabygdi.
Foto: Anne Britt Flatin Borgen (2008)
Kunstneren Tor Wilthill laget dette bildet av Myllarguten som han malte i 1947. Det var i følge ham selv det første bildet han noen sinne solgte - til en forretningsmann i Drammen. Bildet er malt med palettkniv på plate.

Etter møtet i 1831 gjekk Myllaren og Bull i ulike leier. Bull reiste utanlands att, og dei møttest ikkje att før i 1849, då Bull tenkte å halde ein stor konsert med «nasjonal musikk» i logesalen i Christiania. Her vart Myllarguten beden om å spele, og han reiste inn til hovudstaden på ski vinteren 1849. Ole Bull ønskte å syne christianiaborgarane kva norsk folkekunst var verdt. Konserten vart halden måndag 15. januar 1849, og Torgeir skulle spele sju slåttar på to avdelingar. Ole Bull spela resten av tida. Det var 1500 menneske til stades på konserten.

Myllarguten fekk sjølvsagt eit godt honorar for dette. Salen var pakkande full av opprømde byborgarar, attåt nokre telemarkingar med fribilettar. Aasmund Olavsson Vinje som var komen til byen på denne tida, ønskte ikkje å gå på konserten. «Si´ det gange gale, só blei det fór stort ansvar på ókkón», sa han og heldt seg heime.

Og det var nære på det gjekk gale. Targjei fekk ikkje opna feleskrinet sitt, og måtte bryte det opp med kniv. Dette sette han ut slik at han gløymde å halde seg til programmet. Men han spela seg slik opp at han heilt gløymde kvar han var, og publikum vart rivne med. Dagen etter kytte avisene av konserten, og Johan Sebastian Welhaven skreiv eit langt dikt til ære for spelemannen. Rikard Berge meiner likevel at dei fleste nok gjekk frå konserten med lite utbyte. Dei var ikkje vane med hardingfelemusikk. Då den nasjonalromantiske stemningsbølgja la seg, var ikkje Myllarguten så gjæv lenger. Då var han berre ein «forfyllet bonde fra Telemarken».

Nasjonalromantikken gjorde seg eit bilete av Myllarguten som eit «rått naturbarn», som hadde lært alt spelet sitt av Fossegrimen. Han skulle setjast inn i ramma av «den umiddelbare natur», som dei hylla på den tida. Andreas Munch skriv i sitt referat frå konserten om forskjellen på Torgeir og Ole Bull:

[...] man følte en brændende lengsel efter at faa denne bundne Harmoni Befriet og forædlet, efter at mærke den tage i Kunstens Vinger og paa dem hæve sig til det fulde og sande Skjønhedsideals klare Regioner. Og Opfyldelsen af denne levende Længsel, af dette drømmende Befrielsesønske skulde idetminste dennegang ikke længe lade vente paa sig, skulde i legemlig Form trede os imøde klar og forsonende, som en Berettigelse for den stakkars Thorgeirs Fremragen paa en Bykoncert, som Aftenens Symbol. Thi efterat den i sig selv sammenkrøbne, ligesom i en Puppe indhyllede Fjeldspillemand var forsvundet fra sin Forhøining, og ene Efterklangen af hans særbundne, vilde Toner endnu dirrede for Alles Øren, og ligesom forlangte sin opløsning til fuld Harmoni, da traadte en høi, herlig Gestalt frem, med hævet Bryst og Hoved, med aabent Blik ogsaa i det Ydre et Vidne for den nordiske Naturs Fri og dog kunstneriske Udvikling. Det var Ole Bull, som nu med sin mægtige Arm strøg over Fjeldviolinens Strænge, løste hvad der havde været bundet, og gav Møllargutens dunkelhvirvlende slaatter Sangens Forklaring og Fuldendelse.[4]

Denne skildringa ber ikkje nett bod om stort skjøn av den særeigne bygdekulturen.

Seinare spelferder

Denne teikninga av Myllarguten vart laga i 1860, då han var i Kristiania og spila for kongen.
Foto: Teikning frå Setesdalsmuseet.

Ole Bull gav Torgeir fleire oppdrag i åra som følgde, og dette gav han såpass med inntekt at han kunne skaffe seg bruk i Rauland. Men han var ikkje styren med pengane sine, og snart laut han gå frå bruket. Dei siste åra flytte han til ein husmannsplass i Arabygdi ovanfor Rauland. Etter 1860 var det heller ikkje så lett å spele for byfolk. Folk var ikkje så opprømde lenger, og Myllarguten fekk det trongare. Somme tider kunne han vere ganske motlaus, og kjende seg trøytt. I dei verste riene forbanna han både Ole Bull og fela som hadde forma heile livet hans. Han svor på at borna hans ikkje skulle spele, det var ikkje noko liv. Men han spela i København i 1862. Der ute var det knapt nokon som skjøna hardingfelespel. Danskene kalla slåttane «ensformig, umelodieus dansemusik». Han var framleis den største spelemannen i sine eigne heimbygder, og heldt fram med spelferder opp mot 1870. Men då var han ikkje så lett å be som før. Eit bilete som er teke av han på denne tida syner ein sliten og noko tverr mann.

Seinste levetida

Plaketten på minnesmerket over Myllarguten på Rauland kyrkjegard.
Foto: Chris Nyborg (2018).

Dei siste åra budde Myllarguten på Kósi ovanfor Rauland, no kjend som Myllarheimen. No var han vrang og ville helst ikkje spele meir. Han døydde den 21. november 1872, 71 år gammal – eller 73 om han vart fødd i 1799. Rikard Berge fortel at likfølgjet berre var ein pram. Ingen la blomar på kista. «Fatig livde han og fatigsleg døydde han; fatigt og faament var fylgje som førde Noregs beste spelemann til jordi» (Rikard Berge). Seinare vart det sett opp ein minnestein for han på Rauland kyrkjegard, der han vart gravlagd. Det er òg ei støtte over han i Sauherad, der han vart fødd.

Myllarguten var det telemarkingane kallar eit «flògvet». Han var snøgg til å støype ihop gamle former til nye, snar til å byggje ut store slåttar av små. Han har ord på seg for å ha støypt om telemarksspelet til det det er i dag. Myllartradisjonen kom til å feste seg best i Vest-Telemark, der sønene hans vart buande. Den tradisjonslina er ei av to hovudliner i slåttetradisjonen i Telemark ned til i dag. Den andre lina kjem frå Håvard Gibøen.

Referansar

Litteratur og kjelder