Torgeir Berulvson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Torgeir Berulvson
Foto: fra: Setesdals ungdomsskule 1876-1926

Torgeir Berulvson (fødd 13. mars 1864 på Galteland i Evje (no Evje og Hornnes kommune), død 1950) var skulemann.

Slekt

Torgeir - i kirkeboka ført som Torje - vart fødd 13. mars 1865 på Evje. Foreldra var gårdbruker Børuf Tellefsen og Ingebor Terjesdatter Galteland.[1] Torgeir Berulvson var gift med Ingebjørg Øverland. Ingebjørg er fødd 23. mai 1859 i Seljord. Hennar foreldre var Kitil Høieson Øverland og Maren Jørgensdotter Øverland.[2][3]

Ingebjørg og Torgeir fekk:

Familien bur på Vigmarken i Landvik i 1900.[5] I 1910 bur dei på garden Augland (Ugland) i Fjære, gnr 18, bnr 10. Torgeir er då omtala som amtsskolebestyrer & gaardbruker[6].

Ingebjørg Berulvson arbeider som husmor og lærerinde i haandarbeide i 1900.

Augland i Fjære

Berulvson kjøper gard i Fjære på auksjon 6. november 1908. Han gjer kr 9.700 for eiendommen.[7] I 1918 sel Berulvson garden til O. R. Føreid for kr. 44.000.- I 1927 sel Føreids dødsbu garden til Sara Lund Ugland for kr 16.050.- Ho var gift med Johan M. Ugland.(Det er mogeleg at desse handlene ikkje alltid er heile garden...)

Utdanning

Han tok eksamen ved Kristiansand stiftsseminar i 1883

Arbeid

Torgeir Berulvson kom i 1892 til ungdomsskulen i Aust-Agder. Denne skulen styrde han i tretti år, fyrst som amtsskule, sidan som folkehøgskule og til slutt som fylkesskule.

I 1900 får Berulvson 200 kroner i lærarstipend frå Kyrkjedepartementet.[13]

Saman med skuledirektør Skard har Berulvson ansvar for eit "lærarskeid" i Kristiansand frå 25. juli til 20. august 1910.[14] Frå 1921 var han overlærar ved Kristiansand lærarskule.

Anna arbeid og interesser

Han var med i styret for Kristiansand folkemuseum frå 1923, frå 1939 som formann[15].

Berulvson var mykje med i fråhaldsarbeid og målarbeid. Han fekk Klostermedaljen og var heidersmedlem i Noregs mållag. Hausten 1898 er han, saman med mange andre sentrale kulturfolk, med og innbyr til Den norske Markanden, der formåelt er "at vække sansen for vor nationale kultur".[16]

I eit stykke i 1898 skriv Aasmund Olavsson Vinje at Berulvson "er og kar til aa syngja ei folkevise. Han song, las og snakka, so det var ein hugnad".[17]

I 1906 vert Berulvson nominera til stortingsmann frå venstrelag i Landvik og i Fjære.[18]

Sjå Fjære maallag.

Taler

Berulvson var ein aktiv mann i ymse rørsler. Han deltok på mange stemner og heldt mange taler.

Skriftleg arbeid

Sakprosa

Debattinnlegg

  • ""Vestlandsposten" og Sladderet", Fedraheimen 30/1/1886

Dikting

  • "Ei Beledros" (novelle) - Fedraheimen 6/1 1886
  • "Gamle Mor" (dikt) - Fedraheimen 19/3/1887
  • "I naturi", i "Syn og Segn 6/1922.

Minner og utklipp

Referansar

  1. SAK, Evje sokneprestkontor, F/Fa/Faa/L0005: Ministerialbok nr. A 5, 1843-1865, s. 180 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060207011030
  2. SAKO, Seljord kirkebøker, F/Fa/L012a: Ministerialbok nr. I 12A, 1850-1865, s. 153 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005050161
  3. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052179002645
  4. Den 17de mai 6/2/1896
  5. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037201001002
  6. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036557001879
  7. SAK, Vestre Nedenes/Sand sorenskriveri, G/Ga/L0015: Panteregister nr. 12a, 1770-1957, s. 11
  8. Vestlandske tidende 5/9/1894
  9. Den 17de mai 30/8/1895
  10. Den 17de mai 18/8/1898
  11. Grimstad adressetidende 3/3/1900
  12. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036561000779
  13. Den 17de mai 30/6/1900
  14. Stavanger Aftenblad 10/8/1910
  15. FVN 31/1/1997
  16. Den 17de mai 18/8/1898
  17. Den 17de mai 16/8/1898
  18. Nedenæs Amtstidende 25/7/1906
  19. Folketanken (Risør) 16/6/1897
  20. Den 17de mai 20/7/1898
  21. Indre Akershus Blad 15/7/1939

Kjelder og litteratur

FJÆRE Emblem 2024-02-29 gjennomsiktig.jpg

Artikler omkring Fjære historielag:
Foreningshistorien: Fjære historielags første år | Mellomkrigsår og første reetablering | 1940: Boka om Fjære kirke | Fjære historielag 1940-1977 | Reetableringen av Fjære historielag | Juletrær til Orknøyene | Fjære historielag i et nytt årtusen | Fjære bygdebok | Fjærefolk | Fjære historienemnd
Historiefortellere: Torgeir Berulvson | Eirik Olson Bruhjell | Klemmet Lofthus | Peder K. Grevstad | Karl Ugland | Ole S. Fiære | Olav Uldal | Bjarne Moy | Kjetil Torbjørn Frogner | Anne Tone Aanby | Per Fuhr Assev | Johan Anton Wikander | Reidar Marmøy