Torgeir Bjørnaraa

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 3. mar. 2017 kl. 10:51 av Siri J (Samtale | bidrag) (+[)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir D. Bjørnarå (1864-1951) og familien hans.Frå venstre: Tora (189 -1972), mor Aase Helene, fødd Landaas (1863-1954), Ragnar (1895-1986), Borghild (1901-1990), far Torgeir, Solveig (1903-1977) og Dagny (1894-1973). Me ser at Dagny har duskeluve på seg, noko me tek til å tyde at ho har teke artium den våren biletet vart teke. Om me seier at ho var 18 år, lyt det då vera frå sumaren 1912 eller 1913. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Torgeir Bjørnaraa (fødd 8. april 1864 i Bykle, død 25. november 1951 i Asker) var folkehøgskulemann og forfattar.

Han var son av Dreng Tarjeisson Bjørnarå (1839–1921) og Tore Pålsdotter Steinsland fra garden Der heime i Bjørnarå i Bykle. Fødestaden er gjerne oppgjeven som Valle, for Bykle kommune vart ikkje utskild før i 1902.

Torgeir var den eldste i ein syskjenflokk på seks, to jenter og fire gutar. Yngstebroren Bjørgulv Drengsson Bjørnaraa (1878–1942) vart også lærar. To av brørne hans, Pål Drengsson Bjørnarå (1868–1912) og Olav Drengsson Bjørnarå (1875–1897) vart ihelslegne – Pål i eit slagsmål i Minnesota og Olav i eit brudlaup på Rike i Valle. Systera Anne Drengsdotter Bjørnarå (1867–1918) døydde ugift i Bykle, medan Birgit Drengsdotter Bjørnarå (1867–1902) vart gift og flytta til Kristiansand.

Torgeir Bjørnaraa vart gift med Aase Helene Landaas frå Iveland (1863–1954) i 1892. Dei fekk seks born:

  • Tora, f 1893, d 1972, lærar, g m Johannes Nesse, busett Oslo, 3 born.
  • Dagny, f 1894, d 1973, journalist, frå 1922 redaktør i Norske Kvinder, g 1. m Øyvind Hogstad, g 2. m Nils Øveraas, Vestnes, busett Oslo, ikkje born.
  • Ragnar, f 1895, d 1986, journalist, red.sekr. Aftenposten, g m Ingvarda Løchen, Askim, busett Oslo, 1 born.
  • Einar, f 1897, d liten.
  • Borghild, f 1901, d 1990, lærar, g m Ragnvald Bonde Tørris, busett Oslo, ikkje born.
  • Solveig, f 1903, d 1977, lærar, g m Sverre Fosse, busett Alversund, Hordaland, 1 born.

Torgeir Bjørnarå gjekk på amtsskulen i Åmli 1879–1880, der han hadde Jørgen Løvland som lærar. Så følgde seminaret i Kristiansand, der han tok eksamen i 1883. Han var så lærar i Hylestad i eit års tid, og så privatlærar hjå stortingsmannen Lars Liestøl. I 1890 flytta han til Kristiansand, der han byrja gje ut kommentaravisa Sæbyggjen, og etter ei tid òg Søndefjeldske Landboetidende.

I 1893 flytta han med kona til Seljord. Der vart han lærar ved seminaret, med Viggo Ullmann som styrar. Sæbyggjen vart ei kort tid utgjeven frå Seljord, men Bjørnaraa måtte gje opp det prosjektet. Han hadde gjennem dei tre åra som redaktør markert seg som ein av dei mest politisk radikale skribentane i samtida. Seinare var han bladstyrar i mellom anna Fedraheimen og Arbeideren, og han skreiv i mellom anna Socialdemokraten, Arbeiderbladet, Den 17. Mai, Gula Tidend, For Bygd og By og Syn og Segn. Ein av elevane hans i Seljord var yngstebroren Bjørgulv Bjørnaraa. Han emigrerte sidan til Amerika, der han vart den første leiaren i Setesdalslaget.

I 1899 flytta han vidare til middelskulen i Askim, der han var lærar til 1909. Der representerte han Arbeidarpartiet i heradsstyret. Så var han adjunkt og etter kvart overlærar ved Stord lærarskule frå 1909 til 1929. I 1929 gjekk han av med pensjon, og han kjøpte seg då eit småbruk på Båstad i Asker. Der braut han opp 30–40 mål jord.

Gjennom 23 år, frå 1912 til 1935, skreiv han ei dyresoge i veka for Norsk Barneblad. Desse vart samla i bøker, heile ti band.

Torgeir Bjørnaraa døydde i ein brann på garden i Asker i 1951. Ei hushalderske redda seg ut frå brannen, som truleg starta i ei elektrisk varmepose Bjørnaraa hadde. Våningshuset brann heilt ned, medan ein sidebygning der han hadde boksamlinga på kring 3000 band klarte seg. Ei notis i Fædrelandsvennen om brannen fortel av han dei siste åra hadde vore blind, og dette kan ha vore ein del av grunnen til at han ikkje klarte å redde seg ut.

Kjelder