Torkjell Naterstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Torkjell Naterstad (fødd den 20. januar 1898 i Kvinnherad, død 1990) var lærar, lokalpolitikar og organisasjonsmann. Han la mykje arbeid i fråhaldsrørsla og kristeleg arbeid, og ivra for målsaka.

Foreldra var gardbrukarparet Åsmund Halvardson Haugstøl (1860-1944) og Anne Oline Jensdotter fødd Seglem (1864-1946). Dei fekk i 1889 skøyte på garden Håbakka (bnr. 6 under gardsnummer 94 Naterstad), der Torkjell og syskena voks opp. Syskenflokken bestod av fem gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1892-1908.

Torkjell Naterstad gifta seg i 1931 med Andrea Torp, dotter av Johan Rasmussen og og Verdine Elisabet Andreassen Torp. Dei fekk to søner og to døtrer.

Naterstad tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1919, og hadde fyrste lærarstillinga si i heimbygda 1919-1920. I åra 1921-1925 var han lærar i Etne, avbrote av eit vidareutdanningsår ved Noregs lærarhøgskule i 1922-1923. I 1925 kom han til Skjåk som andrelærar ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Han kom da midt opp i ein hard strid i bygda om språkskifte til landsmål, og engasjerte seg i saka som målmann. Frå 1927 til han drog frå Skjåk i 1930 var han styrar ved framhaldskulen der.

Sommaren 1930 var Naterstad på studieferd i Sverige for å studere svensk ungdomsarbeid. Om hausten same året byrja han ved Omvikdalen skule i heimbygda Kvinesdal, og var styrar der til han gjekk av med pensjon i 1965.

Under krigen vart Naterstad og lærarkollegaen Olai Areklett arresterte og fengsla i Bergen i samband med læraraksjonen. Areklett vart send til Finnmark, medan Naterstad slapp heim att da han vart sjuk i fengselet i Bergen

Naterstad høyrde politisk til Kristeleg folkeparti, og var formann i lokallaget i Kvinnherad. Han sat i heradsstyret og hadde ei rekkje kommunale verv. Han var ei tid i styret for Hardanger lærarlag, og var elles aktiv i frivillige organisasjonar som indremisjonen og fråhaldsrørsla. Saman med Olai Areklett tok han seg særleg av det kristelege ungdomsarbeidet. Han var lokalhistorisk interessert og var styremedlem i Sunnhordland muse- og sogelag.

Kjelder og litteratur

  • Haugesund Dagblad 12. januar 1968, 70-årsomtale.
  • Gravminner - DIS Norge
  • Havnelid, Anders: Kvinnherad. Gards og ættesoga. Band 3 hovudsokna. Kvinnherad kommune, 1988.
  • Laagen (Lillehammer) 25. mars 1925.
  • Norske skulefolk band II. Red. Karl Bakke. Dreyer forlag, Stavanger 1952.
  • Vaage, Erling: Kvinnherad. Bygdesoga. Utgjevar Kvinnherad bygdeboknemnd, 1972.