Torstein Espe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torstein Espe (fødd kring 1595, død kring 1665) var kanskje frå Leirmo i Luster.

Han var fyrst nokre år leiglending og gardbrukar på Leirmo før han bytte seg til Haugen i Jostedalen. Kring 1633 flytte han så til Snøtun, og kring 1647 bytte han seg til garden Espe som han dreiv levetida ut.

Torstein skal ha vore lensmann i Jostedalen alt nokre år medan han budde på Snøtun og skal sidan ha vore lensmann att 1648-1655. Han er omtala som "Thorsten Andersen Bunde Lensmand" i 1655.[1]. I 1647 er derimot Sjur Paulson Kruna omtala som lensmann.

Han kan vere identisk med den Tosten Nestun som er nemnd som kyrkjeombodsmann i Jostedalen den lange perioden 1635-1652, men dette er usikker.

Torstein var gift, men det er ukjent kven som var kona hans, og berre to born etter han er identifiserte:

  • Synneva Torsteinsdotter (1625-1700), gardbrukarkone på Fossen
  • Knut Torsteinson (f. kring 1636)

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 543. (digital utgåve, NBdigital)