Torstein Espe

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 13:43 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torstein Andersson Espe (fødd kring 1595, død kring 1665) var kanskje frå Leirmo i Luster.

Han var fyrst nokre år leiglending og gardbrukar på Leirmo før han bytte seg til Haugen i Jostedalen. Kring 1633 flytte han så til Snøtun, og kring 1647 bytte han seg til garden Espe som han dreiv levetida ut.

Torstein er nemnd som lensmann i Jostedalen i to skattelister frå 1636 og 1637. Lensmannen sidan ca 1626, Daniel Kjeppe, er òg nemnd som lensmann i skattelister frå 1636, 1637 og 1638, så Torstein hadde nok ombodet berre ein kort periode før Sjur Paulson Kruna tok over frå ca 1639. Torstein kom att som lensmann i 1648 og hadde då ombodet til 1656.[1]. Han var ikkje til stades på synfaringa av Jostedal kyrkje 1656.[2]

Han kan vere identisk med den Tosten Nestun som er nemnd som kyrkjeombodsmann i Jostedalen den lange perioden 1635-1652, men dette er usikker.

Torstein var gift, men det er ukjent kven som var kona hans, og berre to born etter han er identifiserte:

  • Synneva Torsteinsdotter (1625-1700), gardbrukarkone på Fossen
  • Knut Torsteinson (f. kring 1636)

Notar

  1. Gjennomgang av skattelistene i lensrekneskapane for Bergenhus (Digitalarkivet), jf. Supplikk 29. mai 1655 (Jostedal historielag)
  2. Synfaringsdokument 6. januar 1656 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 543. (digital utgåve, NBdigital)