Torstveit (Bykle gnr 17/28)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mai 2017 kl. 18:48 av Siri J (samtale | bidrag) (lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstveit
Trydal 74.jpg
Torstveit 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1949
Utskilt: 1995
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 28
Type: Småbruk

Torstveit i Bykle kommune ligg heilt i sørenden av det som hadde vore Strandehagen frå 1908, og deildar mot Nordstog Grasbrokke i sør.

Det var Såvi Auversson Torstveit frå Skafså som kring 1950 kaupte denne parsellen av Hagen hjå Tarjei E. Sanden, og som kalla han Torstveit etter garden han kom ifrå. Skøytet vart ikkje skrive og tinglese fyrr i 1955, men etterdi Såvi sette opp hus her i 1949, lyt me tru at sjølve handelen gjekk fyre seg ved det leitet, eller kanskje noko tidlegare. Alle borna åt Såvi vart fødde i Skafså, så familien har tidlegast flutt hit utpå året i 1950.

Såvi var fødd i Marble, Minnesota, som son åt Auver Torleivsson Gjerden og Turid Såvesdotter Trydal, og kom som liten med foreldra til Noreg. Sidan båe foreldra var byklarar, og sidan denne staden er det lagelegaste høvet me har til å greie ut heile denne familien, set me dei opp her, jamvel om Såvi var den einaste av syskena som kom til å bu i Bykle.

Auver Torleivsson var son åt Torleiv Auversson frå Nordstog Gjerden og kona, Birgit Eivindsdotter Trydal. Auver reiste til Amerika med mor si i 1881 og gifte seg i 1898 i Marble, Minnesota, med syskenbarnet sitt, Turid Såvesdotter Trydal, som hadde emigrert i 1894. I 1913 reiste dei attende til Noreg, til Skafså, der dei kaupte fjellgarden Torstveit av Auver Olavsson Trydal.

g 1898 m Turid Såvesdtr. Trydal, f 1879, d Torstveit, Skafså, 1961. Born:
  • Bina, f 1899, husmor, småbr., d ca 1950, g 1918 m Emil Kristensson Heimdal, Skafså, born:
  • Kristen, f 1919
  • Tora, f 1922
  • Gerda, f 1926, jfr. Mo bygdebok II, 57
  • Teodor, f 1901, småbr., d ca 1974, g 1939 m Petrine Teodine Olavsdtr. Bekk, Skafså, jfr. Mo bygdebok II, 242, ikkje born
  • Tilla, f 1903, d 1991, busett Skafså, ug
  • Ella Sofie, f 1906, småbr., busett Kviteseid, d 1998, g 1938 m Knut Lauvnes, ikkje born
  • Klara Amalie, f 1907, smbr., busett Skafså, liver våren 2004, g 1930 m Bjarne Bryntesen, Skafså, born:
  • Kåre, f 1930
  • Arne, f 1932
  • Gerhard, f 1938
  • Turid, f 1936
  • Bjørg, f 1942
  • Karen f 1940
  • Willy, f 1944, jfr. Mo bygdebok II, 194,
  • Såvi Clifford, f 1912, g 1933 m Elisabeth Bryntesen, Skafså, sjå nedanfor
  • Olav Edvin, f 1914, småbr., anl.arb., busett Skafså, d ca 1980, g 1938 m Gudrun Oline Olsdtr. Grimdalen, Skafså, born:
  • Astrid, f 1940
  • Gerd, f 1942
  • Ella, f 1945
  • Torstein, f 1947, jfr. Mo bygdebok II, 232, 238

Turid var frå Storstein og dotter åt Såve Eivindsson Trydal og kona, Torbjørg Knutsdotter, fødd Nesland.

Auver og Turid budde båe sin alder ut på Torstveit i Skafså. Den nest yngste av sønene kom hit.

  • Såvi Clifford Auversson Torstveit, f 1912, d 2004
g 1935 m Elisabet Bryntesen, Skafså, f 1912, d 2006. Born:
  • Asbjørn, f 1938, anl.arb., busett Kristiansand, ug
  • Solveig, f 1939, ug, sjå nedanfor
  • Kari, f 1942, busett Kristiansand, g hv m Leif Willassen, Danmark, born:
  • Karina
  • Elisabeth
  • Lena
  • Turid, f 1944, busett Evje, hj.pl., ug.
  • Karl, f 1950, elektromontør, busett Kristiansand, g m Gjertrud Jacobsen, Kristiansand, f 1955, born:
  • Karl Even, f 1977
  • Lars Erik, f 1984
  • Kjell Vidar

Foreldra av Elisabeth Torstveit heitte Karen og Karl Bryntesen. Dei kom til Skafså i 1927. Bygdeboka frå Mo opplyser ikkje kvar dei kom ifrå, men Elisabeth var fødd i Skåtøy, står det (jfr. Mo bygdebok II, 194).

Stoga som Såvi sette opp i 1949, minner om sume av dei husa frå 1930-åra som arkitekturhistorikarar gjerne omtalar som «byggmesterfunkis», med kvadratisk grunnflate på 60 m², 2 høgder og valmtak. Fyrste høgda er lafta, andre høgda er oppsettt i reisverk.

Såvi og Elisabeth hadde som regel ei kyr og stundom nokre sauer. Hovudyrket til Såvi var skogsarbeid.

Etter nekrologen over han i Setesdølen (15.10.2004) var han kjend som lekpreikar og «reiste mykje i heile Setesdal. Han heldt møte i private heimar og skulehus nedetter heile dalen i mange vintrar», men «var fyrst og fremst knytta til pinsemenigheta i Bykle, med forsamlingshuset 'Klippen' som sin åndelege heim. Der var han og det dei kallar eldstebror i mange år».

På byrjinga av 1960-talet kaupte Såvi resten av jorda i Strandehagen, bnr 9, hjå Tarjei E. Sanden. Han bruka jorda, men heldt fram med å bu på Torstveit. I 1990 overdrog han Strandehagen til dottera Solveig. Ho bur på bruket her. Sonen Asbjørn overtok heimelen til Torstveit i 1995.


0941 Bykle komm.png Torstveit (Bykle gnr 17/28) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Svingen • Neste bolk: Skogly