Tov Øysteinson Reisjaa

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 18. jan. 2021 kl. 12:36 av MortenHV (samtale | bidrag) (sortkey)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tov Reisjå (1865-1938) kom frå Tuddal i Hjartdal kommune. Han arbeidde som lærar, men er mest kjend som folkeminnesamlar. På byrjinga av 1900-talet hadde han planar om å lage ei bygdesoge for Hjartdal.

Liv og virke

Reisjå var utdanna lærar og underviste i Hjartdalsbygda heile sitt aktive yrkesliv. Attmed lærarstillinga høyrde det også ei klokkarstilling. Då Hjartdal Lærarlag vart skipa 5. mars 1899 var det Tov som vart vald til formann i laget.[1]

Reisjå nytta all ledig tid på å samle inn materiale med tanke på å skrive ei bygdesoge for Hjartdal. I dette materialet ligger det opplysninger om gardar, slekter, folkeminne og fotografi fra bygda. Boka blei aldri fullført, men materialet som han samla vart bevart. Mykje av materialet er nytta i samband med andre lokalhistoriske publikasjonar frå Hjartdal.

Arkivet

Arkivet etter Tov Reisjå er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Lenke til oversikt på arkivportalen. Ei oversikt over fotosamlinga kan studerast i lista over fotosamlinga ved Norsk Industriarbeidermuseum.

Kjelder

  • Fidjeland, 1979, s. 1.