Tov Flatin (1878–1945)

Tov Aslaksson Flatin (10. oktober 1878 – 4. september 1945) var lærar, bygdehistorikar, folkeminnesamlar og politikar.[1][2][3] Han var fødd i Seljord. Foreldra hans var gardbrukar Aslak Endreson Flatin (1851–1936) og Margit Tovsdotter Fleinsborg (1843–1920).[2] Tov Flatin gjekk på Telemark folkehøgskule 1895–96 og tok den høgare lærarprøva ved Seljord privatseminar i 1898. Han var lærar i Morgedal 1898–1900 og ved Botnan skule i Lyngdal i Flesberg i Numedal frå 1900 til han gjekk av i 1943.[1][2]

Tov Flatin.
Foto: Bolette Berg og Marie Høeg

Tov Flatin hadde mange verv i kommunepolitikk og ulike lag og skipnader. Han sat i heradsstyret i Flesberg for Venstre og var ordførar i Flesberg 1935–37 og 1938–42 og var m.a.  leiar i Numedal sogelag og Lyngdal venstrelag, styremedlem ii Lyngdal mållag, Numedal spelemannslag, og Lågdalsmuseet på Kongsberg. Han var også leiar i Landslaget for folkeminnesamlarar.[1][2][4]

Ved sida av lærargjerninga samla Tov Flatin inn folkeminne. I 1918 vart han statstsipendiat i «folkeminnesamling og bygdesogegransking». Han hadde dette stipendet til han døydde. Tov Flatin gav ut Gamalt frå Numedal i seks band 1913–1928 og eit sjuande og avsluttande band i 1939. Han gav òg ut eit arbeid om Flesberg-målet.[2]

Dei lokalhistoriske hovudverka hans er tre band med bygdesoge for Seljord (1942–54) og fire band for Flesberg (1917–47). Han utnytta tradisjonsmaterialet i større grad enn det som da var vanleg i bygdebøker.[2]

Tov Flatin vart gift 28.12.1911 med Anne Olsdotter Molia (1873–1938).[2] Dei hadde to søner.[5] Dei er alle gravlagde ved Lyngdal kyrkje i Flesberg i Numedal.[6] Tov Flatin var bror til bror til folkeminnesamlaren Kjetil Aslaksson Flatin (1881–1916).[7]

Tov Flatin er gravlagd ved Lyngdal kyrkje i Numedal.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 Norske skolefolk 1932, s. 372
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 https://nbl.snl.no/Tov_Flatin
  3. https://www.laagendalsposten.no/edel-argang/numedal/kultur/livat-kommunepolitikk/f/5-64-111312
  4. http://www.numedal.net/default.aspx?ArticleID=48593&MenuID=5804 https://www.laagendalsposten.no/edel-argang/numedal/kultur/livat-kommunepolitikk/f/5-64-111312
  5. Sigurd Vinger (1992): Flesberg-boka. Bustad og ætt. Bd. 3, s. 314.
  6. https://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5155045
  7. https://snl.no/Kjetil_Aslaksson_Flatin

Litteratur og kjelder