Trond Øigarden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Trond Øigarden (fødd 1962 i Risør) er biolog og forfattar.

Trond Øigarden er fødd i Risør i Agder fylke, busatt i Aurdal i Valdres. Han er utdanna biolog.

Etter vidaregåande skule i Risør, starta han studiet Miljøteknologi og forvaltning på Høgskolen i Hedmark. Seinare tok han biologi ved Universitetet i Oslo. Studiet førte han vidare til jobb som dagleg leiar for DNA-laboratoriet ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Så til Valdres, der han jobbar som seniorrådgivar ved Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter AS.

Øigarden har fugl som si store interesse, og han er leiar for Ørrin, det ornitologiske lokallaget i Valdres. Han blir mykje nytta som foredragshaldar, samt at han er ein dreven fotograf og fotograferer sjølv bildar til bøkene sine.

Han er gift med Anne Hilde Øigarden.

Bibliografi

  • Fossekallen : Norges nasjonalfugl. Novus forlag, 2014.
  • Naturguide for pilegrimer : blomster, fugler og dyr i kristen tradisjon. Novus forlag, 2015.
  • Linn Therese og fossekallen. Barnebok. Novus forlag, 2017.

Kjelder

Sjå også