Trudvang (Bykle gnr 6/103)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2017 kl. 00:14 av Siri J (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Trudvang
Rydda: 2002
Utskilt: 2000
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 6
Bnr: 103
Type: Bustadeigedom
Adresse: Ørnefjellvegen 14

Trudvang er ein bustadeigedom som ligg omlag 200 m nedanfor Ørnefjødd i Bykle kommune. Det var Steinar Haugen som fekk skilt ut tomta i 2000, og flutte inn i nytt hus her 2 år seinare. Han er son åt Jon Torfinn Haugen og kona, Solveig, fødd Moen (sjå Furuheim, gnr 15, bnr 53).

  • Steinar Haugen, f 1974
sb m Brigitte Olsen, f 1973. Born:
  • Joachim, f 1996
  • Daniel, f 1998
  • Stine Marie, f 2003

Brigitte Olsen er frå Kristiansand, og dotter åt Karin og Ole Victor Olsen. Ho er utdanna landbruksteknikar. Steinar er også landbruksteknikar, og har dertil utdanning frå skogskule. Han dreiv gardsbruk i Ørnefjødd i 5 år frå 1997 til 2002. Sidan har han arbeidd med brøyting om vinteren, og teke på seg maskinkøyring og ymist anna arbeid sumarstid.


0941 Bykle komm.png Trudvang (Bykle gnr 6/103) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Brekkeskar • Neste bolk: Brotteli

Koordinater: 59.49292° N 7.38767° Ø