Tuberkulose

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 09:04 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjermbilde av tuberkulosepasient.
Føre antibiotikaen vart oppdaga og kom i bruk, var operasjon ein av dei vanlegaste behandlingsmåtane for tuberkulose. Dette bildet er teke på operasjonssalen i tårnet på Glittreklinikken (tidl. Glittre sanatorium).
Foto: Olve Utne

Tuberkulose eller TB, tidlegare ofte kalla phthisis, tæring, brystsjuke eller bringesjuke, er ein sjukdom som kjem av mycobakteriar, hovudsakleg bakterien Mycobacterium tuberculosis. Andre bakteriar, slik som Mycobacterium africanum, Mycobacterium bovis, Mycobacterium canetti eller Mycobacterium microti, kan òg føre til tuberkulose, men desse bakteriane fører oftast ikkje til sjukdom i menneske som elles er friske. Bakterien kan ramme kva del som helst av kroppen, men han sett seg som regel i lungene.

TB er ein alvorleg sjukdom som har teke livet av mange menneske. Kring 1900 døydde 6 000–7 000 menneske årleg av TB i Noreg. På denne tida kom kvart femte dødsfall i landet vårt av sjukdommen, og om lag 60 prosent av dei døde var under 30 år.

I 1940-åra oppdaga forskarar dei første av fleire medisinar som kunne behandle TB. TB var derfor på veg til å forsvinne, men i det siste har sjukdommen vorte vanlegare att.

I dag er kring 400 000 menneske i Noreg smitta av tuberkulose. Dei fleste vart smitta føre 1950. 1,7 milliardar menneske er smitta på verdsbasis, og kring 2 millionar menneske dør av TB kvart år.

TB spreier seg via luftsmitte frå ein person til ein annan. Bakterien blir spreidd til lufta når ein person med TB nys eller hostar og personer kring pustar inn lufta. Dette blir kalla dropesmitte. Infeksjonen kan da sette seg i lungene til den som blir smitta og vekse opp der. Derifrå kan bakterien vandre via blodet til andre deler av kroppen, slik som nyrene, ryggmargen, sentralnervesystemet og hjernen.

Folk med latent TB-infeksjon har ingen symptom og spreier heller ikkje smitte så lenge sjukdommen er latent. Dei får ofte positivt utslag på tuberkulintest. Dei kan utvikle tuberkulose seinare i livet om dei ikke får behandling.

I Noreg er tuberkulintest mykje bruka for å overvåke spreiinga til bakterien. Det blir registrert kring 250 nye tilfelle i året i Noreg. BCG-vaksinen blir gjeven til alle 9.-klassingar for å unngå at desse blir smitta i utgangspunktet.

Glittre sanatorium (den noverande Glittreklinikken) vart bygd som sanatorium for tuberkulosepasientar.
Foto: Olve Utne
Grefsen Folkesanatorium i Oslo ble blant annet brukt til tuberkulosebehandling

Namn

Tidlegare vart tuberkulose oftast kalla tæring, sidan det såg ut som sjukdommen tæra opp folk innanfrå, med blodhoste, feber, bleikheit og langt og skånsellaust vekttap. Andre namn inkluderte phthisis (gresk for ‘tæring’) og phthisis pulmonalis; scrofula (i vaksne), som rammar lymfesystemet og fører til opphovning av haslkjertlane; tabes mesenterica, TB i bukhola og lupus vulgaris, TB i huda; svinnsott; den kvite pesta, fordi pasientane verkar særleg bleike; og Potts sjuke, eller Gibbus i ryggraden og ledda.[1][2] Miliær tuberkulose — no kjent som disseminert TB — opptrer når infeksjonen invaderer sirkulasjonssystemet og resulterer i lesjonar som ser ut som hirsekornskjermbilde.[1][3]

Historie

Tuberkulose har funnest sidan forhistorisk tid. Det tidlegaste påviste tilfellet av Mycobacterium tuberculosis vart funne i restane av ein bison som er datert til kring 15 000 fvt.[4] Det er framleis uklårt om tuberkulose oppstod i fe og spreidde seg til menneske, eller om kvegtuberkulose og mennesketuberkulose er parallelle greiner av ein tidlegare sjukdom.[5] Beinrestar viser at forhistoriske menneske (4000 fvt.) hadde tuberkulose, og tuberkuløs nedbryting er funne i ryggraden til mumiar frå 3000–2400 fvt.[6] Phthisis er eit gresk namn på tuberkulose. Kring 460 fvt. omtala Hippokrates phthisis som den vanlegaste sjukdommen på den tida som medførte blodhoste og feber, og han skreiv at denne sjukdommen mesta alltid hadde dødeleg utfall.[7] Genetiske studium tyder på at tuberkulose har eksistert i Sør-Amerika i kring 2 000 år.[8] Dei tidlegaste prova på tuberkulose der er assosierte med Paracas-holekulturen.[9]

Norske ofre for tuberkulose

Bildegalleri

Behandling

Referansar

  1. 1,0 1,1 Tuberculosis 11. utgåva av Encyclopedia Britannica (1911)
  2. «Rudy’s List of Archaic Medical Terms» Engelsk ordliste over arkaiske medisinske termar, sjukdommar og dødsårsaker. Accessed 9. oktober 2006
  3. «Disseminated tuberculosis» i NIH Medical Encyclopedia. Accessed 9. oktober 2006
  4. Mal:Cite journal
  5. Mal:Cite journal
  6. Mal:Cite journal
  7. Hippocrates. Aphorisms. Accessed 07 October 2006.
  8. Mal:Cite journal
  9. "South America: Prehistoric Findings". Memorias do Instituto Oswaldo Cruz, Vol. 98 (Suppl.I) January 2003. Retrieved on 2007-02-08.

Kjelder / litteratur