Tungtvassaksjonen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftstasjonen og hydrogenfabrikken i 1930. I hydrogenfabrikken, som ligg fremst på biletet, byrja ein å produsere tungtvatn i 1934.
Foto: Emil Hanssen (1930).
Tungvannsfabrikken frå 1934 lå rett foran kraftstasjonen på Vemork, men blei fjerna i 1977. I kraftstasjonen (på biletet) ligg no Norsk Industriarbeidermuseum, som har ei permanent utstilling om sabotasjeaksjonen.
Foto: Siri Iversen (2010).

Tungtvassaksjonen, også kjend som Vemorkaksjonen, var ein sabotasjeaksjon retta mot Norsk Hydro sitt anlegg på Vemork i Tinn kommune i Telemark. Tungtvatn var viktig for den tyske atomforskinga, og det var avgjerande for dei allierte å hindre at tyskarane klarte å utvikle atomvåpen. Aksjonen vart gjennomført av mannskap frå Kompani Linge, og vart igangsett av britiske SOE. Anlegget som vart sprengt den 27. februar 1943, låg framafor Vemork kraftstasjon. Det vart fjerna i 1977.

Produksjonen av tungtvatn kom i 1943 i gang att, og eit bombeåtak var mislukka. I februar 1944 kom oppfølgjaren til tungtvassaksjonen, då ferja DF «Hydro» vart senka i Tinnsjøaksjonen. Etter dette vart produksjonen flytta til Tyskland.

Opptakt

Allereie i 1942 vart det første forsøket på å stogge produksjonen av tungtvatn gjort. Operasjon Grouse og Operasjon Freshman skulle vere ein to-trinnsoperasjon for å ramme fabrikken. I Operasjon Grouse vart ein fortropp på fire mann frå Kompani Linge, den gong kalla Norwegian Independent Company no 1 (NORIC 1) sleppt ned i fallskjerm. Dette skjedde den 19. oktober 1942. Dei vart sleppt ned over Telemark, og gjekk på ski til Møsvatn i Vinje, der dei skulle ta imot mannskapet frå Operasjon Freshman. Britiske ingeniørsoldatar frå 1st British Airborne Division kom i glidefly, men ved det første forsøket 19. november 1942 måtte dei snu på grunn av dårleg ver. Eit av dei to glideflya styrta sør for Lysefjorden, medan trekkflyet kom trygt heim til Storbritannia. Ni av soldatane overlevde styrten. Fem vart frakta til Grini fangeleir, og vart så avretta på Trandumskogen 18. januar 1943. Dei andre fire vart sende til Lagård fengsel i Stavanger. Dei vart torturerte, og den 24. november 1942 vart dei avretta. Det andre glideflyet styrta ved Helleland nær Egersund, og trekkflyet styrta i Hæstadfjellet. Alle i trekkflyet døydde i styrten, medan fjorten overlevde i glideflyet. Dei vart sende til Slettebø leir utafor Egersund, og vart avretta der dagen etter. Totalt døydde 41 mann i Operasjon Freshman. Grunnen til den brutale reaksjonen frå tyskarane var det såkalle kommandodirektivet, ein ordre frå Hitler som slo fast at alle kommandosoldatar som vart tatt til fange skulle avrettast som spionar.

Linge-karane i Operasjon Grouse måtte vente under kummerlege forhold på Hardangervidda, inntil dei i februar 1943 vart sameinte med deltakarane i Operasjon Gunnerside.

Deltakarane i Operasjon Grouse var:

Operasjon Gunnerside

Mal:Thumb høyre Operasjon Gunnerside bygde på erfaringane frå Operasjon Grouse. Ein såg at det ikkje var lett å nytte glidefly, og at ein heller burde sende inn ei større gruppe nordmenn på ski. Seks mann frå NORIC 1 vart plukka ut, og vart sleppt ned i fallskjerm over Hardangervidda i februar 1943. Dei seks slo seg saman med karane frå Operasjon Grouse.

Natt til 28. februar 1943 tok ni av Linge-karane seg over elva Måna og gjekk langs jernbanesporet til fabrikken. Her hadde ikkje tyskarane lagt ut miner, og dei klarte å unngå vaktpostane. Eit dekningslag var att utafor fabrikken, medan sprengningslaget gjekk inn i anlegget og sprengde tungtvasscellene. Inkludert produksjonstapet vart 900 kg tungtvatn øydelagt. Det vart sendt melding til London om at aksjonen var vellukka, og sprengningslaget tok seg over til Sverige medan dei andre vart att på vidda.

Deltakarane i Operasjon Gunnerside var, foruten dei fire frå Operasjon Grouse som var med også her:

I tillegg kjem kjemiprofessor Leif Tronstad, som var med som planleggar i Storbritannia, og Einar Skinnarland som opererte kommunikasjoner med London og sørget for etterretningene gjennom et godt kontaktnett inne på fabrikken.

Tinnsjøaksjonen

Faksimile frå Aftenposten 2. mars 1948: annonse for Knut Haukelid si bok om tungtvasssaksjonene.
Britiske krigsgraver ved Helleland kirkegård i Eigersund kommune for fleire henretta etter Operasjon Frehsman.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Etter at tyskarane hadde fått i gang att produksjonen av tungtvatn i 1943 kom ein til at det ikkje ville være mogleg å sprenge fabrikken ein gong til. Eit bombeåtak var mislukka, og ein ville ikkje forsøke fleire slike, for det var stor fare for å treffe sivile mål i nærleiken. I staden kom Heimefronten til at det var betre å senke jernbaneferja DF «Hydro».

Ei bombe vart plassert om bord den 20. februar 1944, og ferja sokk på 440 meters djup. Fjorten nordmenn og fire tyskarar vart drepne.

Eit av fata på ferja vart heva i nyare tid, og viste seg å innehalde kalilut med 1-2 % tungtvatn. Dette var råmateriale som skulle destillerast på tungtvassanlegget.

Deltakarane i aksjonen var:

Dei omkomne nordmennene var:

Namn Født Bustad Yrke Bilete
Andersson, Ingeborg 1910-07-06 Notodden Husmor
Andersson, Unni-Lise 1939-11-15 Notodden Barn
Andersson, Werner Georg 1907-09-26 Notodden Mekaniker
Engebretsen, Ole 1882-03-14 Rjukan Maskinist
Grasdalen, Halvor 1891-10-14 Rjukan Dekksmann
Grønås, Borni 1881-02-27 Notodden Husmor
Johansen, Rolf 1910-07-02 Oslo Sekretær
Johnsen, Johan Martin 1895-07-27 Notodden Pianostemmar
Karlsen, Bjørg 1928-10-19 Skien Skoleelev
Karlsen, Reidun 1930-05-16 Skien Skoleelev
Moen, Bjørg 1914-04-09 Rjukan Barnepike
Noreng, Bjørg Johanne 1921-05-04 Modum Assistent
Røed, Kåre Sidney 1920-04-20 Rjukan Kontrollør
Velander, Berit 1926-08-16 Rjukan Ekspeditrise

Dei fire tyske soldatane vart i Rjukan Dagblad identifisert som oberleutnant Hecht, obergrefreiter Lackmann, obergrefreiter Friedenberger og gefreiter Miller.[1]

På minnesmerket over dei omkomne på D/S «Hydro» er berre namna på dei norske ofra teke med, noko det var ein del debatt omkring. Nokre mente at også dei fire tyskarane skulle nemnast, men komiteen kom til at tida ikkje var moden for det då ein sette opp ny minneplate i 2013 etter at den gamle var stolen året før. Forslaget om å inkludere tyskarane vakte sterke kjensler på Rjukan, og det kan vel seiast at det ikkje er urimeleg at ein skil dei fjorten sivile ofra frå soldatane.

Konsekvensar

Sabotørane visste ikkje kva tungtvatnet skulle nyttast til, berre at det var viktig at det vart øydelagt. Det var først etter at atombombane hadde falle over Japan at dei fekk vite detaljane i kva dei hadde vore med på. Det er usikkert om aksjonen hadde noko å seia for om tyskarane klarte å utvikle atomvåpen eller ikkje. Produksjonen kom i gang att i 1943, men då stogga ein som nemnt transporten ved å senke jernbaneferja, og produksjonen vart flytta til Tyskland. Det som er klart, er at tyskarane la stor vekt på forsking på nye våpen, mellom anna rakettvåpen som V1 og V2, og mot slutten av krigen vart det ofte nemnt at det nok skulle snu berre dei hemmelege våpna kom fram. Truleg ville dei ikkje ha klart å utvikle atomvåpen uansett innan mai 1945, men ein kunne ikkje vite kor lenge tyskarane ville halde ut før dei måtte kapitulere, så strategisk var operasjonen særs viktig, om enn ein i ettertid kan sjå at tapet av menneskeliv var høgt sett i lys av den avgrensa nytta av aksjonane.

Minner om aksjonen

Ved Themsen i London, nær Lambeth Bridge, vart det i 2009 sett opp eit minnesmerke over operasjonane til Special Operations Executive (SOE). Tungtvassaksjonen er ein av operasjonene som har en eigen plakett på minnesmerket. Joachim Rønneberg var sjøl til stade under avdukinga.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

I 1948 vart det laga ein norsk film, Kampen om tungtvannet, der fleire av deltakarane spelte seg sjølv. Den amerikanske The Heroes of Telemark (Heltene fra Telemark) vart spela inn i 1965. NRK sin miniserie Kampen om tungtvannet frå 2015 er ein av dei mest påkosta norske dramaseriane nokon sinne.

Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork har ei permanent utstilling om aksjonen.

Referansar

  1. Rjukan Dagblad, faksimile i VG 1. februar 2015.

Kjelder

Koordinater: 59.87118° N 8.49136° Ø