Turbo (Bykle gnr 15/74)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. feb. 2016 kl. 10:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Turbo
Gjerden 61c.jpg
Turbo pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 74
Type: Bustadeigedom

Turbo i Bykle vart frådela bnr 11 i 1978 då I/S Øvre Otra kaupte tomta hjå Bykle kommune. Kraftselskapet sette opp ein tenestebustad her, og dei fyrste par åra var det ein ingeniør som heiter Øyvind Mørk Bøhagen, som budde her. Han flutte frå Bykle til Røyken i 1981. Meir veit me ikkje om han.

Olav Mandt og familien hans budde her i åra 1981-83. Då han i det sistnemnde året skifte stilling internt i kraftselskapet, flutte dei vidare til Solvang, bnr 93, der dei nå bur. Ein kan lesa meir om dei der.

I 1985 kom Vidar Domaas og familien hans og budde her i 10 år, inntil dei bygde seg hus sjølve, og flutte dit. Dei vert presenterte på den staden, Skvåbekk, bnr 114.

Eigedomen her vart i 1996 overteken av Arvid Gjerden, son åt Trygve T. Gjerden i Jarehaugen, gnr 15, bnr 41, og kona, Torbjørg Asbjørnsdotter, fødd Rysstad.

Arvid Gjerden 2005. Bilete frå Setesdølen.
  • Arvid Gjerden, f 1972
g m Mette Brottveit, f 1971. Born:
  • Inger Lise, f 1997
  • Asbjørn, f 2000

Mette er frå Brottveit Der heime i valle, gnr 52, bnr 1, og dotter åt Augund Olsson Brottveit på det bruket og kona, Inga Olsdotter, fødd Flateland. Inga att er dotter åt Olav Auversson [Åsen] Flateland og kona Margit Olavsdotter, fødd Byklum (sjå Lii, gnr 14, bnr 3), og såleis ættar både morfar og mormor åt Mette frå Bykle (jfr. Valle III, 337 f og VI, 246 f).

Arvid eig og driv Hydro-Texaco-stasjonen i Bykle, medan Mette arbeider som konsulent og hjelpepleiar.


0941 Bykle komm.png Turbo (Bykle gnr 15/74) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lilleborg • Neste bolk: Lyngli