Tysfjord kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
(under arbeid)
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
{{Infoboks kommune
{{Infoboks kommune
| bgfarge              =  
| bgfarge              =  

Sideversjonen fra 23. nov. 2016 kl. 07:16

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune
1850 Tysfjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1850
Fylke Nordland
Kommunesenter Kjøpsvik
Areal 1462.7  km²
Areal land 1359.74  km²
Areal vann 102.96  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1869
Målform nøytral; lulesamisk
Nettside Nettside

Tysfjord kommune (Mal:Bokm./Mal:Nyn.) eller Divtasvuona suohkan (Mal:Lules.) er ein kommune i Nordland fylke. Kommunen vart utskilt frå Lødingens herred i 1869. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningspunktet mellom Salten og Ofoten. Kommunen grensar til Lødingen i Vesterålen over Vestfjorden i nordvest, til Hamarøy i Salten i sørvest og til Ballangen i Ofoten i nordaust. I aust grensar kommunen også til Jokkmokk og Gällivare i Norrbottens län i Sverige. Tysfjord kommune utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk. Det lulesamiske språksenteret Árran ligg på Drag i Tysfjord kommune.

Administrasjonshistorie

I 1589 låg Tysfjorden under Lødingen prestegjeld. I 1838 vart Lødingen Formandsskabsdistrict, seinare kalla Lødingen herred oppretta med same grensene som prestegjeldet. Tysfjorden vart eige kyrkjesokn i 1857, og soknet vart utskilt frå Lødingen som eige prestegjeld ti år etter, i 1867. I 1869 vart Tysfjordens herred utskilt frå Lødingens herred med same grensene som kyrkjesoknet.

Folk og språk

Tysfjord kommune går frå havet til fjella ved grensa mot Sverige. Dei ytre strøka har tradisjonelt hatt blanda busetting med norsk dominans, medan dei indre strøka har hatt hovudsaklig samisk busetting. Det samiske språket som blir brukt i Tysfjorden i dag er lulesamisk av hovudsaklig innlandstype, ettersom mange lulesamar frå Jokkmokk og Gällivare kom flyttande til kysten da den svenske lapplandskoloniseringa tiltok og reinbeita svikta i Lule lappmark på 1700- og 1800-talet.

Den norske dialekten i Tysfjorden ligg i skjeringspunktet mellom saltværing, vesteråling og ofoting. Dialekten manglar tjukk l i likheit med vesteråling og ofoting, og ubestemt form eintal av svake hokjønnsord ender normalt på -a (ei vekka, ei jenta) som i vesteråling og ofoting. I bestemt form ender både sterke og svake hokjønnsord på -a (boka, bøtta), i likheit med alle dialektane frå Nordfold og nordover. Det er gjerne apokope i infinitiv av verb (å vær, å vett) i likheit med saltværing og lofotværing og i nokon grad vesteråling.

Media

Lokalavisa i Tysfjord kommune er først og fremst Lokalavisa NordSalten (Bájkkeavijssa NuorttaSállto), som har Steigen, Hamarøy og Tysfjord kommunar som dekningsområde. Den Narvik-baserte regionsavisa Fremover dekker Ofoten (inkludert Tysfjord) og Indre Sør-Troms; og den Bodø-baserte Avisa Nordland dekker Salten, som då inkluderer Salten i snevrare forstand så vel som Rødøy, Meløy, Røst, Værøy og Tysfjord kommunar.

Kjente tysfjerdingar

Lenkjer